Translate

onsdag 16. november 2016

Viss eg skal reise meir med WIZZ, då......

Ferske bilete frå kryssing av Alpene er alltid gildt å få med seg.
Då eg kom til Bergamo, eller Milano som det står i ruteoversikten, og det sjølv om det er mange mil til byen med nemnde namn, så var det sjekk aller først kor mykje Ryanair ville ha for den kabinkofferten eg reiste med. Nei, den passa fint inn i deira standard. Det er altså Wizzair som har laga seg til med to ulike standardar for uregistrert handbagasje. Den eine så liten at du vel knapt får plass til anna enn toalettsaker, og der skal ein jo ikkje ha store pakningar av verken såpe, deodorant eller tannkrem.  Hadde dei endå klart seg med eitt tillegg eller gebyr. Eg var jo på ei og same reisa med eitt og same flyselskap. I alt kr 766,- måtte eg ut med. Grunnpris billett tur retur var 1420,- og er de av den rekneføre sorten, ser det kva pris det vart. Gebyr kav for seg for kvart strekk. Likevel framleis billegaste tur retur Stavanger Brindisi som eg har opplevd sidan me fekk oss huset her på Cda Coltura.
Viss eg skal reise meir med Wissair må eg visst kjøpe ny koffert. 
Minijuletre spesialinnkjøpt for å passe i tinnkruset frå Vikedal
som nå har fått fast plass på disken i Taverna di Pascalone Latiano.
Det var ein roleg kveld på Taverna di Pascalone. Meggi henta meg på flyplassen.  Så var det bare å setje seg ned og ta imot då me kom til Via Roma 82. Ganske så seint å ete grilla kjøt, men godt det er det, slik det alltid er hos dei. Ein biff av Angus og ei av dei gode pølsene Pascalone lagar sjølv saman med patata frittes. Meggi sin Tiramisu var det tomt for, så dessertn stod eg over. Når kassen var oppgjort og golvene vaska, kunne dørene bli låst klokka 01 omtrent. 

Audien stod og venta trufast som bare det bak Meggi og Pascalone sine murar.   Den skulle bare visst kva lagnad som ventar.  Starta kjapt utan kinning. Mest så eg blir lei meg på vegne av stakkaren. Tenkte lenge den skulle få sin endelikt her sør, men krav om "documenti" i eit antal eg ikkje har, gjer at det fort kan bli ein lengre svanedans for den før Knoksen på Sandnes set kloa i den. Då kan Audien få ein siste dans heilt sør frå hælen av Italia, gjennom Austerike, Tyskland og Danmark  før den går over i ein ny dimensjon, spiker og armeringsjern. 
Denne kunne fort vorte mitt bidrag til pynt i naturen her ute mellom oliventrea. Ikkje ville den sentrifugere, heller ikkje vaske. Kva hjelp var det då i den? "Søba nytt", sa gutane våre når dei var små og noko gjekk sundt.  Expert i San Michele kunne hjelpe meg av med den gamle og hadde rikeleg utvel av nye. Dei kunne endåtil kjøre ut OGGI, fraktfritt. Eg føre og dei etter. Med to sterke karar var den nye snart på plass 
og den gamle løfta opp i lasterommet på varebilen. Dei har vel ein plass dei gjer av slike utrangerte kvitevarer. Eg trur ikkje dei tippar den av på ein meir eller mindre tilfeldig stad på veg attende til butikken.
Det er litt ekstra gildt når mandarintreet endelig gjev frukt. Velsmakande var den og, den eine eg fekk skrelt og smaka på. Kor mange fleir eg vågar meg på, får me nå sjå på. Eg trur der er nokon heime på Vigrest som vil setja ganske mykje meir pris på desse fruktene enn dei ein finn i fruktdisken i butikkane heime.
Denne har eg aldri før sett bløme. Mest som naturen sin eigen støvkost. Her er ikkje så mykje som blømer elles nå, så då lyser slike sterke fargeklattar ekstra godt opp.

6 kommentarer:

  1. Du har fått dårlig kurs. Wiss forteller at kofferten skal koste € 36 på hver strekning. Men du kunne ha sluppet unna med € 29,50 hvis du hadde sjekka før bestilling. Du er nok lik de fleste av oss. Gir bånn gass uten ettertanke.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, hva gjør ikke noen for å spare noen kroner. Som han som kjørte fra Stavanger til Bryne, for å kjøpe hvetemel på tilbud?

      Slett
  2. Flaskebørsten blomster mest om våren, men også litt i oktober.

    SvarSlett
  3. Ettertanke før eg gjev bånn gass? Går det an då?

    SvarSlett
  4. Det er ikkje berre mest så eg fær utferdstrang når eg ser biletene frå der sør. Nå ja, like øve jul er det påske. og DÅ SÅ.

    SvarSlett