Translate

mandag 28. november 2016

Ikkje meir WIZZ-vas her nei

Ikkje mykje WIZZvas på heimveg nei. 

Puglia er lagt bak og rett så langt bak og. Etter det GoogleMap fortel har eg kjørt ikkje mindre enn 2637 kilometer, og då er ikkje feilkjøring rekna med. Fekk ekstra omtrent 60 kilometer kjøring då eg skulle ta av frå motorvegen mot Milano opp mot Brenner. Lystavler gav grei melding om nattestengt veg på grunn av vegarbeid,  men eg rekna jo med der ville vera einkvan staden der eg kunne vente ein halvtime. Der var ingen slik plass, og brått var eg på veg mot Milano og kryssing av Alpene via Sankt Gottard og Sveits. Det er dyrt å kjøre gjennom Sveits. Eg tok av motorvegen på første og beste plass. Hadde klar kortet for betaling av distansen Bari - Modena, men bommane stod vid opne. For å kome inn att på motgåande felt måtte eg hente ny billett. Vel framkomen til Sterzing kan de bare lure på kvifor ein billett eg avslutta denne Italieferda med. Billetten frå Modena til Sterzing kom på omtrent 25 , den frå Bari kom på omtrent 88 .


Utpå andre dagen kom eg til  første rasteplass etter passert grense mellom Austerrike og Tyskland,


Dette må vera ein god plass å få seg ein blund på augene. Rulla ned seteryggen på den trufaste Audien og la meg vel tilrette. Sovna gjorde eg og, men ikkje lenge. Det kakka på ruta og i det eg vakna ser eg ein mann utanfor. Han viste politiskilt, så då rekna eg ikkje med det ville vera så lurt å prøve å koma meg derifrå. Rulla ned vidauget og kom meg opp i sitjande stilling. Han skulle sjekke passet. Tok det med inn i bilen og sjekka det. Ikkje bare opna og såg på det. Han snakka i telefonen, var tydelig i kontakt med eitt  eller anna register. I mellomtida sjekka kollegaen innhaldet i bagasjerommet. Salvie, rosmarin, timian og laurbærblad. Nokre clementiner av eigen avling var der og. Ost, sitronøl, flaskevatn med fres, eit par salamipølser, men ingen ting for tolling?  Dama fant i allefall ikkje noko og eg fekk reise vidare.

Når ein kjører aleine og bare har selskap av ei Gps-dame, då lyt ein passe på å bruke augene. Det vanskeligaste er når ein ligg i venstre fil og har ein eller fleire trailerar i høgre fil. Då kan ein fort kjøre forbi stader der ein eigentlig skulle av. På høgd med Nürnberg,  oversåg eg avkjøringa i sommer på retur frå Puglia.  Om det er eg eller eit eller anna med merkinga av avkjøringa veit eg ikkje, men eg gjorde same feil som i sommar. Det hadde blitt kveld, og om eg enn orienterer meg over gjennomsnittet trur eg sjølv, både i bykjøring, bygåing og landevegskjøring, så klarte eg å gjere same feil nå og. Sidan det var mørkt var det umulig å gjenvinne oversikt og eg enda opp langt inn mot sentrum av det er trur var Nürnberg. Kø lang som eit vondt år. 2 meter fram, stopp, 2 meter fram, stopp, 3 meter fram, stopp. Hadde nå endå stoppen vore såpass lang at eg kunne tatt meg ein tur ut av bilen for nødvendige ærend, skulle eg ikkje ha klaga. 

Men i det som opplevdest som ei æve, var det clutching og bremsing om att og om att. Ingen barmhjertige porselens-innretningar med denne bodskapen på veggen over:

hits the target ..... and you'll be grateful 

var maskinomsetjinga. 
Eg trur denne er rettare:
Sikt i sentrum og me vil vera takksame

Redninga kom i form av ei luke i køen der eg fekk lurt meg ut til høgre og parkert i innkjøringa til eit lokalt "blizhus". Graffitti alle stader, endåtil på vindauga. Veggen var stor, trong ikkje sikte for å treffe noko hol.


Geiselwind var ein finn plass for sovestopp. På gjestgiveri der fekk eg rom for ikkje meir enn 7,2 Euro pr seng. Du kan sei det slik at det er ei av dei billegaste sengene eg har overnatta i. Totalprisen auka rett nok noko, sidan eg måtte betale også for dei sengene eg ikkje brukte. Kunne jo ha sett på vekking og delt opp natta i fem like deler og så flytta frå seng til seng. Hadde eg då fått meir for pengane eller hadde det bare vore unødvendig bry?
Eta kunne eg bare gjera for 1. Dei 4 imaginære romkameratane var ikkje særs svoltne denne morgonen.
Hadde eg på morgonen tenkt over det, kunne eg ha starta ein time eller to tidlegare og vore heime på Vigrest alt torsdag morgon. No vart det rolege tak inn på siste langside. Danmark frå sør til nord i bedagelig tempo og fiskesuppe i Hirtshals. Fiskesuppe som i mitt minne hadde blitt utruleg god. Beste suppa etter mor si jevna fiskesuppe. Når ein bare tenkjer på noko, hender det ein tenkjer det endå betre enn det det i røynda er . Fiskesppa var god den, men ikkje SÅ god.

Båten den er stor. Utruleg god sjøbåt. Kjende ikkje skvulp av bølger i det heile teke. Når sant skal seiast låg vel Skagerak som ein spegel i natta, men båten er flott både i stille sjø og i meir uroleg sjø. Har prøvd stor sjø ein gong. Eg spurde mannskapet om det tok ei tid etter avgang frå Hirtshals til sjøen vart grov. Svaret var ikkje akkurat oppmuntrande, men ærleg var det. Sjøen blir ille når ein kjem på utsida av moloen, og etter det blir det bare verre og verre. 


Vel i land i Risavika var eg litt nyfiken på korleis tollarene tek i mot ein gammal, men i mørket  likevel ganske så fin Audi. Svar fekk eg. Vart jo stoppa og då fall orda omtrent slik:

Kvar har du vore?
Eg har vore i Sør-Italia.
Kva har du gjort der?
Eg har vore og henta denne bilen.
Men den er norsk, har norske skilt?
Ja, den har vore brukt der siste sommaren.
Har du noko med til tolling?
Nei, eg har bare tobakk og rullepapir. (20 pakningen ut over kvote kom eg ikkje på)
Har du blitt stoppa av tollen før?
Ja i august då eg kom hit i bubil, då var de inne i alle rom i bilen.
Kjør?
Godt var det, for då sat fliret litt laust hos meg. Eg bør vel ikkje le ein offentlig tenestemann rett opp i fjeset.

Så var Italia bare eit minne att. Men du og du så gode minne. Når det gjeld Puglia blir mange av minna knytta til mat, ikkje bare eit minne pr. måltid. Nei, ei lang rekkje av utsøkte minne eller smakar. Gode råvarer sett saman elegant utan masse dilldall med sausar som tek bort fokus frå sjølve hovuddelen av kvar rett. 

N Y D E L I G.








 Kor mange måltid måtte til for dette mangfald? Bare eitt?



Medan me kosa oss med antipasti og secondo, var det samla nokre andre gjester rundt eit av naboborda. Frå lysa på kaka kunne eg lesa 81, og då reknar eg med det var hovudpersonen sin alder.  Då han og gjestene hans var vel forsynt, peika han mot oss og ba kelneren servere oss av bursdagskaka.
Mille foglie, eller butterdeig som i ei napoleonskake, mykje vaniljekrem, pynta med små vannbakkels og trådar av smelta sukker. Lurer du på om ikkje det var mektig etter eit såpass solid måltid? Jo, eg vart mett, meir enn mett.
Me har hatt Villa Felizia fire år nå. Akkurat passe blanding av skikkeleg latmannsliv, litt jobbing der det sjeldan er noko ein MÅ gjera, god mat og gode venner. Venner som er bufaste, venner som er på besøk i husa sine slik som oss, og venner som er på besøk hos oss. Om me tregar? Nei, kan sjynna me gjer ikkje det. Det var dei bufaste vennene som sørgde for at eg fekk sove i Trullo ei natt denne gongen og at eg endå ein gong fekk lunsje på La Silvana
Om det blir påske eller sommar før eg tek denne runden att, det veit eg pr. nå ikkje. Fredelig å gå nå i november i allefall med småfuglar som kvitrar, ørsmå firfilser som fer som piler bortover når dei verar at nokon kjem. Sommarfuglane set spiss på det heile. Fin runde for litt skikkeleg trim, ca 11 kilometer.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar