Translate

tirsdag 8. november 2016

Kunsten å mimre kan karen

Kunsten å mimre kan karen, det skal vera visst og sant. Mimringa kan godt skje med ei teoretisk tilnærming. Lese kart, sjå på bilete og video som ein ikkje eingong treng halde seg med sjølv.  Fins utruleg mange som har levande bilete dei legg ut på nettet så slike som eg slepp bryet med å filme sjølv.

Når ei reise til Puglia skal planleggast, er første trinn å skaffe seg billett til grei pris og rett avreisetid og ikkje minst ankomsttid. Arbeids og lønntilhøve for dei som jobbar på flya burde visst helst og telje med, men solidariteten ser det ut til å bli smått med etterkvart. 
Like sør for Latiano, der Meggi og Pascalone bur og Audien er parkert når me er i Norge, der ser det omtrent slik ut. Høge murar gjer det ganske så mykje vanskeligare å stikke av med bilen frå deira eigedom enn det ville vore om me skulle parkert hos oss sjølv

Litt omsyn til Meggi prøver eg også å ta. Ho kjem meir enn gjerne til flyplassen i Brindisi, men då bør det ikkje vera i arbeidstida på Taverna di Pascalone. Denne gongen fekk eg det ikkje til å stemme, så avtalen nå er å ringe henne, så kan ho eventuelt kjøre bilen opp til der restauranten er. Blir det ei ledig stund seint på kvelden, hentar ho meg i sin Alfa. Slepp ho ikkje frå står eg vel i drosje og. 

Det som for min del fekk høgast prioritet er pris. For komande tur, 15. til 29. nov, fekk eg prisen heilt ned i Nkr 1420,-, og det er rekord  så langt. Kunne eg då anna enn slå til?
Det blir som ein tur i seglbåt over Europa. Litt kryssing, kanskje ikkje for å nytte ut vindtilhøva, heller for å nytte ut rimelege landingsavgifter der flyet nødvendigvis må nedom på sin veg mot Sydens land. Enn så lenge er det ingen direkterute mellom Vigrestad og Latiano. 

Den gildaste mimringa er den ein kan gjera i praksis. Det er praktisering av reiser som skapar nye minner, som ein i sin tur kan mimre om.
Vêr og utsikter for godvêr er eit anna kriterium ein og må innom i planlegginga. Ikkje det at ein kan gjera så mykje med vêret, men ein treng ikkje akkurat reise til indre strok av Agder i begynnelsen av november, om ein då ikkje er veldig glad i snø. 1 meter med snø er for mykje for meg, same kvar den kjem. Då er det gildare å venda augene mot Accuweather sin presentasjon av veret i Latiano.


Eg kjenner det varmar alt når eg les i tabellane. Ikkje så farleg då om meldingane ikkje er det mest treffsikre ein kan få.   Tanken om korleis det i beste fall kan bli, er god hjelp mot haustmørke og kjøl.

I fjor i haustferien, avslutta eg med ein tur til Sicilia etter at Anne Marie hadde reist heim til Vigrest. 


























Det vart ein litt krevjande tur. Eg klarte faktisk å vrake ein heil bil, utan at eg kjenner at eg skulle eller kunne ha gjort noko annleis. Når det gjeld vrakinga, så var den nokså skånsom i det minst når det kom til utsjånad. Å krasje ein bil totalt utan at det stort viser på utsida, det må vel kunna kallast reine kunstverket.


 
Stål mot stål i 100 km fart kunne fort gått mykje verre. Den gamle Audien frå 1992, som me har brukt dette året, har alt fått dødsdom over seg.  Men først lokkar Sicilia endå ein gong. Går det godt kan det endåtil henda den får norsk asfalt under hjula igjen.  Med ungdommar att i huset,  kan det kanskje vera godt med ein bil me ikkje treng vera altfor redde for, om ein skal driva øvelseskjøring.

Kanskje den tilårskomne klarer turen til Catania betre enn den ungdomslege Opelen som tok sin død på ei utruleg høg motorvegsbru, over eit djuv like opp i fjellet ved Bagnara Calabra, mest på tåa av støvellandet.  Audien skal få prøve seg, og det kan fort gå godt. Gamle traven likar seg best når han får litt påfyll av olje. Han er ikkje overdriven tørst, men heller ikkje så nøktern som ein nyare bil fort er. Bremsevæske vil han ikkje ha ekstra påfyll av, og det er vel eit godt teikn, i allefall om den observante sjåføren får bruk for å bråstoppe på grunn av uidentifiserte knallharde objekt i kjørebanen. 
I Catania, Sicilia, ser vermeldingane slik ut nå ei veke før eg evt. fer sørover. Det blir nok ein tur mot toppen av Etna og. Truleg kaldt, men eg får kle meg godt. Temperaturane vist ovanfor er nede i Catania, som er ein havneby. Med andre ord omtrent 0 meter over hav nivå. Kunne det kanskje bli eit lite opphald under havnivå og? Middelhavet har nok ingen sommarvarme, men er viljen sterk nok har vatnet kanskje endå ikkje blitt for kaldt for ein gjesen jærbu?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar