Fast spalte. Daglege oppdateringar. Klikk deg innom på:
Ugraset veks, dag for dag på Cda Cultura Latiano
Felizia Villa Felizia Villa Felizia Villa Felizia Villa Felizia Villa Felizia Villa Feizia Villa Felizia Villa Felizia Villa Felizia Villa Felizia Villa Felizia Villa
Bydag i Catania. For å sleppe bykaos og leiting etter parkering vart toget løysinga på transporten. Italienske tog er me ganske så vane med heime og. Togsetta på Jærbanen har sitt opphav i Italia.
Ein halvtime tok turen, og då var eg nokså midt i Catania. Flott jernbanestasjon, med enormt mange ikkjeitalienar rundt i heile området.
Eg hadde sett meg ut bare ein ting eg ville ha med meg utanom vandring i gater og smau. Men mat måtte eg ha, og då var blekksprut og ein slag stuing/salat det som frista mest. Gulrot, sangselleri, paprika, pinjekjerner, rosin, melanzane, olje og tomat var det eg kunne lokalisere av innhaldet. Sikkert litt søtt og surt og.
Tok meg god tid med maten, og underhaldning var der meir enn nok av for ein som er forviten, og det må eg vedgå at eg er.
Hit til Castello Ursino var det eg ville. Først og fremst for å sjå verk av
Som bonus fekk eg også med meg kunstverk heilt frå før Kristi fødsel.
Tilbake til Picasso. Har visst sett eit og anna verk av han før, men aldri ei så stor samling som dette. Hadde forresten god hjelp av Picasso 4 - 5 dagar i Nord-Frankrike for nokre år sidan, men det var ein bil.
Kunstnaren var genial, det kan det ikkje vera stor tvil om.
Høyrest kanskje "tosje" ut, men der Etna i all sin majestet vann siger i går, var det denne vesle kermikkflisa på 10 - 12 cm som var det største i dag. Kjempestor i sin genialitet og samstundes ganske så liten og beskjeden.
Tilbake til stasjonen ville eg ta turen via hamna. Spurde ein utanfor Castello Ursino om retning. Gå nedover der, det er retninga, du kjem til hamna etterkvart.
Kanske ikkje byens aller beste strok, men ikkje så heilt gale heller. Mange fråflytta bygningar, men tydeleg at mesteparten av husa budde det folk i . Bilverkstad med lokale på fortauet. Klesturk på stativ på fortau som var smale nok frå før.
Nesten framme ved hovudvegen langs hamna, stoppa det ein bil. 2 velkledde italienar i bilen gav meg råd om å velje ein anna veg tilbake. Ikkje bra folk her var forklaringa deira. Eg tok rådet og kom meg heil og sæl tilbake til sentrum att. Kunne sikkert gått same veg tilbake som eg kom, men sidan dei først tipsa, kunne eg jo gjere som dei sa. Tenk om det var dei to som var skurkane midt i all sin velkleddhet og hjelpsame ytre.
Her er det forvitring og forfall som er kunstnaren sitt namn. Går ein tett på er det faktisk mulig å sjå det vakre midt i all elende.
Du kan sei det slik at det er nok ei stund sidan sist det budde folk fast her.
Blokka var att i bilen. Elles var motorrmmet nokså ribba. Tydeleg ein bil under arbeid. Inne under tak var der ikkje plass.
Etna set sitt preg på mangt og mykje her. Dei svarte steinare i veggen er nok laga av nedfall frå utbrot i eller ved Etna.
Såg ikkje heilt godt ut, men eit slag system må det vera. Tydeleg spor etter maskinar som sikkert hadde fjerna mykje av det var kasta her for å gjere plass for nytt avfall.
Billett tilbake til Gieraa Riposto og B&B CasAnsaldo fekk eg for Euro 2,80. Skal ein først samanlikne med heime, må det vere ein tur til Bryne frå Vigrestad. Tenk deg då ein pris på omtrent kr 24. Ikkje er togsetta heime så omsorgfullt dekorert heller.
Leger uten grenser var tilstades på perrongen.
Tid for avgang nærma seg. Det vart litt hektisk. Ei større gruppe personar skulle reise. Kviner, barn, menn, mest unge. Væpna politifolk som er det normale her, såg til at alt gjekk rett føre seg. Kamerafolk, 2 stk. Kva skjer?
Eg vart ståande med kamerakarane og ei ung dame som var i lag med dei. Det var stappfullt ombord i vogna. Dei var amerikanar på oppdrag for å lage stoff om ulovlege immigrantar og kva som vil skje med dei.
Tettare på katastrofen som utspelar seg i Middelhavet kjem eg nok ikkje.
Eg såg at immigrantane hadde føter, dei hadde armar, dei hadde auge, munn, nase, øyrer, i det heile var dei veldig så like deg og meg. Ein forskjell er der nok likevel. I det store lotteriet var det visst me som gjekk ut med gevinst. Så er det kanskje for lettvint å dømme folk som seier nei til flyktningane som tek seg over Middelhavet for å få seg eit lite stykke av velstandkaka vår. Eg har slett ikkje svaret. Er red løysing er vanskelig å finne. Lett nok å seie ein vil dele, men korleis gjer ein det på eit fornuftig vis?