Translate

tirsdag 18. oktober 2016

Regn og sol, hand i hand

Kan vel ikkje vera her i fleire veker utan å levera blogg? Dei seier det ikkje er størrelsen på utstyret det kjem an på, men om det er gammalt eller nytt har nå noko å seie. Ein Pc som var altfor glad i Cola for nokre år sidan,  har blitt pensjonert til fordel for ein endå slankare og lettare utgåve. Korleis kan forresten ein Pc vere altfor glad i Cola? Overskot i eit glas vart svegt unna som bare det. Eit under at den funka etterpå, men over tid har sukkkeret i drikken laga meir og meir trøbbel i tastaturet. Nå vart det til sist nok. Kamera er det same, sit inni ei padde av ein mobil som hadde ein bli ny dag i slutten av september. Eg klarer å snakke med begge, men dei klarer dårleg å snakke saman. Korleis eg har fått tak i desse bileta under her hugsar eg ikkje. Den videoen og det biletet eg ville hatt her i staden for denne innleiande teksten, dei har eg rett og slett måtta gi opp. Kanskje kjem det lysare dagar når både mobil og pc får kople seg opp mot Lyse. 


Dagar med sol og dagar med regn. Dagar med turke, vekslar med dagar der væte absolutt ikkje er mangelvare.  Serveringa av vatn var ganske så effektiv. Me fekk nok på ganske kort tid, og etter det fekk me påfyll både ein og fleire gonger. Fasinerande å sjå korleis vatn samlar seg alle stader i terrenget der det er litt lågare. 
Her er det neste års kolleksjon av fikenblad som det vert klargjort for. Spirer rundt stammen blir fjerna for at fikenblada på sjølve treet skal bli store nok. Store nok til kva?
Pust inn djupt og lenge. Rosmarinduft er drivande på godt minne. Om eg ikkje hugsar feil kan ein tilsette det i likør eller i mat. Det skal hjelpe på minnet. Får tru at innanding kan vere effektivt det og.
Litt finstuss med saks etter at Hadi har fore over med maskin, då blir det slik Anne Marie vil ha det.

I dag er et forresten dag for finstuss med saks og barberkniv for underteikna. Blir så fin av det at eg trudde mest ikkje det kunne gå an.  Men tru meg, det går. Full pakke: 12 Euro.

tirsdag 4. oktober 2016

Uønska velkomstkomite

Slik kan det gå. Eg som helst vil kjøra bil til og frå Puglia, enda denne gongen opp i fly. Ein snakkar som ein har vit til når det ikkje har noko å seie. Den dagen då det gjeld, er det visst kronene som styrer anten ein held seg til venstre eller til høgre i det politiske landskapet. At eg skulle ende opp med å reise med både Kjos og OLeary viser bare kor langt ein kan kome frå lære til liv.
Det er ikkje eg som har sagt desse bevingede ord, han kallar seg rasshøl heilt sjølv.Har forresten aldri før blitt bydd på isbitar oppi lufta. 

Men sanneleg, isbitar fekk eg, og det likar eg jo.  Det som fer inn skal for min  del fort ut att. Litt strekk på beina fekk eg meg og. Plassen ved vindauga heilt på bakerste benk er ikkje så veldig romslig for storleik XXXL. Interessant å følgje med på trafikkavviklinga inn og ut av do. Ein skal vere smidig i både kropp og hovud når mange står i kø og fleire må flyttte på seg for kvar manøver ein person skal gjere.

Her tenkte eg rasshølet skulle vore. Om eg fekk isbitar for første gong i lufta, så var det og første gong eg har sett panel med så store sprekker mellom som nettopp her ombord i flighten frå Manchester til Brindisi måndag 3. oktober. Kanskje dei har drive med skikkeleg tungtransport. Kanskje ein skikkeleg tungvektar har sett seg på setet litt skeivt? Godt det ikkje er del av bærande konstruksjonar anna enn eventuelle rasshøl av grovare kaliber.

Velkomstkomiteen var på plass ja. I hopetal og helst endå litt til. Dei har sikkert venta sidan midten av august då me reiste. Det verste for dei i velkomstkomiteen er nok at eg set lite pris på den form for velkomst. Difor har eg gjort det eg kan for å samle saman så mange som mulig av dei. 

At så mange vart lokka i døden skuldast dette stoffet. "Made in USA" kan bety så mykje i mine auge, men dette illeluktande gørret har lokka meir enn ei flue på siste flygetur her på tomta. 
Blanda med vatn oppi flasker med små hol i toppen, har det vore rett så effektivt. 

Nå er det rett nok slik at eg tek til å tvila. Her sit eg med kort veg til ikkje mindre enn 3 av dei før nemnde så effektive fluefellene, men tur du dei vil oppi der? Eg dusja i dag, men likevel vil fluene heller til meg. Det illeluktande gørret lokkar dei ikkje. Faktisk luktar det skikkeleg rote kjøt, men som sagt, fluene vil heller til meg. Ikkje forstår eg det. At odøren etter lang reisedag kan vera så som så skjønar eg, men nå etter både dusj og såpevask? Eg har trudd det USA produserte stoffet arbeidde etter prinsippet, di verre det luktar di betre lokkar det fluene.
Om nokon skulle sakne siste rapport om musebestand på tomta så kjem her siste nytt: Inne ved vaskemaskinen hadde ei gått i fella. For henne blir det ikkje jul igjen. Ho var innturka og lite lekker. Ikkje søt ein gong. Av eit rikeleg utval av posar med musegift har eg bare funne 2 opna posar. Dei andre 10 - 12 posane ligg urørt der eg la dei. Ute låg det 4 åtestasjonar med giftklosse i. Alle klossane er gnagd på, men der er rikeleg att med aktivt stoff for kamp mot mysene utover vinteren. 
Elles er dei ikkje heilt opprådde heller. Får me ikkje koma innn og forsyna oss i fred, så får me ta det me finn. I cisternerommet vågar eg meg etter å ha installert infraråd sensor til å oppbevare nokre av dei motoriserte leikesakene mine. Kantklippar, motorsag, lauvblåsar for å nemne det viktigaste. Når der er sikra mot tobeinte, tenkte eg der var sikra godt nok. Men dei små søte firbeinte som stortsett held seg unna inne i huset, dei har ordna seg med materiale til å bygge bol som held mot kjøligare dagar. 
Heilt dumme kan dei forresten ikkje vera. Dei har drive rekognosering i god tid og funne ut at han som polstringa skulle vere for, han er godt nok polstra i utgangspunktet og treng ikkje noko ekstra på bæreselen for lauvblåsaren.

søndag 2. oktober 2016

Ikkje enkelt å vera bil i Italia med Geir som sjåfør

Gje ikkje opp. Hald ut nokre linjer, så kjem du til sist kanskje til poenget. Du kan telje opp: 1, 2, 3, 4, . . . . .498, 499 og der kjem du til poenget.

Greitt å ha bil i Italia når ein har slått seg til langt ute på campagnaen, langt frå alt som kan kallast kollektivtrafikk.   Bil nr 1, Opel Corsa, stakkars liten, den tok sin død i møte med stål på motorvegen nede i Calabria. Ærverdige Audi født i 1992 tok turen sørover til Italia på strak arm. Hadde ikkje bruk for den siste olje i anna form enn nokre skvettar før avreise frå Vigrestad 4. mars dette året.  Olje for servostyring vart og fylt på, kjølevæske likeså. Bremsevæske stod det bra til med i utgangspunktet heldigvis. Ein sunn og velfungerande 24 åring gjorde teneste på Puglianske vegar i sommar. Det einaste den ikkje var god til, var å tackle varmen. Når kvikksølvet på gradestokken kryp lenger enn gradestokken er lang, då blir det varmt. Ned med alle vindauge hjelper litt, men det fører og til at førar vert ganske så omtumla i hovudet, meir omtumla enn det som godt er og det han til vanleg er. Superstradaen frå Brindisi mot Taranto er verre enn det folk jamrar for når det gjeld vegane her i Norge. Vindsus og slag frå hol og halvvegs ifylte hol, gjer sitt til at kjøring med ein elles kjekk Audi ikkje er altfor behagelig. Fordel er at ein ikkje sovnar så fort i alt ståket,  men lyden kan vere søvndyssande. Haust, vinter og vår går greitt nok, men til neste sommar må me få ei anna løysing når det gjeld transport. Audien får få avløysing, Roomsteren eller Skoomsteren som til nå har gjort teneste vert sett på nye oppgåver i Puglia. Med andre ord syng det på siste vers for Audien, men endå er det ikkje avgjort om den skal få kome heim og gjere teneste som øvingsbil for ungdom som vil ta førarkort, eler om den skal bli armeringsjern eller spiker i Puglia.

Siste som var med bilen før me reiste heim att etter sommarferien var at bilen måtte til verkstad for å få reparert eit dekk som stod flatt siste morgon før avreise. Med hjelp av kompressor fekk eg nok luft i dekket til å kjøre dei 8 km til vår faste verkstad.  Det som så skjedde vidare var at eg vart kjørt tilbake til huset vårt, for så å bli henta att når dekket etter nokre timar var tetta.




















Sjølvsagt gløymte eg i farten å levere nøkkelen til Meggi då eg parkerte bilen trygt hos henne på overvåka område. Hadde vore greitt om dei hadde hatt nøkkel, for då hadde eg sluppe å ta til med hjulskift som det første når eg i morgon er tilbake. Sein ankomst til Brindisi, bortimot natt. Hadde nøkkelen vore på plass hadde nok dekk MED luft også vore på plass til eg kom.

Har en drøm om å komme hjem syng Jørn Hoel. Om det er å kome heim eg tenkjer på veit eg ikkje, men DRAUM er det. Det er ikkje mange bilar ein kler på seg. Det må i såfall vere slike formel 1 bilar der føraren må ta vekk rattet for å kome på plass, og så smyg dei rattet på plass etterpå. Når eg nå skal få oppfylt min draum om å ikle meg ein ekte cinquecento, reknar eg med å kunne gli på plass bak rattet utan å måtte demontere det.
Cinquecento fanga på Via del Aurora Catania oktober 2015

Tek ein på seg buksa, blir det av dei fleste menn sett på som særs viktig å lukke gylfen. Ein knappar vanlegvis dei fleste knappane i ei skjorte og. Kva må eg passe på å lukke att i det eg tek på meg cinquecentoen?
Om den har dører som er hengsla i bakkant bare MÅ eg hugse på å lukke døra. Elles får eg vel bare ta det som det kjem. Alt treng vel ikkje planleggjast like nøye.

torsdag 8. september 2016

Kan fort gå godt sjølv om mykje går gale.

Gottaglie har så mangt å by på. Her er døme på begge slag. Sprelske fargar og former, toppa med juggel. Stopp nå litt, juggel er det slett ikkje. Ekte bladgull, mindre kan ein ikkje nøye seg med.


Godt med stor og god bil når ein fer slik frå sør til nord i Europa gong etter gong. Prøver etter beste evne å få til frakt begge vegar. Ganske mange liter olje har funne vegen til norske hushaldningar ved hjelp av Giottilinen. For eit par veker sidan vart det avlevert 10 liter olje på adresse på Gausel. Gildt å kunne hjelpe med transport. 
Rett nok kunne det blitt full stopp undervegs. Bakkane ved Kassel er bratte. Mange norske bilar får problem der. For høg fart i tunge bakkar med norskkjørte bilar som ikkje tåler belastninga. Hender vissnok ofte på tur ut i Europa. Nå hadde eg kjørt rett så mange mil i høg fart utan problem. Dei 166 hestane i Ivecoen dreg så de susar. Litt assistanse har dei fått og, så då susar det helst endå meir. For å gjere det litt kort, omtrent ved Kassel tok det til å blinke i ei lampe som varslar feil i innsprøytingssystemet. Men då fart ned til 80 km/t fekk lampa til å slutte å lyse, kunne vår ferd heimover halde fram. 

På parkeringsplassen utanfor Heidepark Soltau  like sør for Hamburg måtte eg likevel ty til NAF. Dei fekk tak i ein frå ADAC. Grundig type som hadde vanskar med å gje seg. Han ville så gjerne finne feilen. Men ikkje eingong diagnosekontakten var å finne.
Det var ikkje eg som fann kontakten, og det var først på verkstad i Tornerosevegen på Sandnes at eg fekk greie på kor kontakten er gøymt. Bak eit plastpanel på nedre del av dashbordet. men kanskje greitt å vite til eit anna høve?
Kjør nordover i eit tempo der lampa ikkje lyser, vart konklusjonen. Det vil seie: hald deg i ein fart av 80 gjennom resten av Tyskland og heile Danmark.

Ei GALLDYR oppleving i Heidepark fekk me med oss i tilegg til all ventinga på grunn av bilen.
Der oppe på kanten av stupet stoppa vogna opp litt. Folk skulle få tid til å kjenne på spenninga eller skrekken.
Så bar det utfor. Loddrett ned. Systematisert galskap spør du meg. Spør du Hadi var det visst tøfft. For Attaullah kjendest det meir som hans liv vart historie. Med andre ord: livet slutta der.

Sommaren i Puglia var også ganske så mangfoldig. Det luraste ein no kan gjera er å ta vare på dei beste minnene, så får heller dei andre gå i gløymeboka.

Me kom oss vel heim. Takk til Fjordline som endå ein gong tok vare på oss over blåmyra mellom Danmark og Norge.
Aleine ute på sjøen er ein ikkje. Her hadde me selskap av ein av dei store cruisebåtane frå det tyske reiarlaget Aida. Båtane deira er   ofte er innom i Stavanger i Cruisesesongen. 
Aleine ved bordet var dei heller ikkje dei to karane våre. Følgje hadde dei, og mat og drikke var dei vel unt etter 4 døgn på hjul frå Puglia.


Den tungpusta bilen måtte ha hjelp. På merkeverkstad for Iveco vart det nokså fort avklara at den måtte ha endå meir hjelp til å puste. Stor motor treng mykje luft om den skal dra godt både på flatmark og i bratte bakkar.


Ein kan undrast på at noko så lite skal ha så mykje å seie for forflytting av tre tusen fem hundre kilo. Her er turboeininga avmontert, ikkje meir enn 25 - 30 cm diameter på turbohuset. Men likevel, det er her kreftene og farten får den mengde luft som krevst for bakkane i Kassel og smidig kjøring med filskifte mellom trailersporet til høgre og filene til venstre der ein støtt og stadig ville få BMW, Mercedes, Porche og Audi ganske oppi baken om ein ikkje veik unna.

Då er det bare å gjere seg klar for neste Pugliatur. 25 dagar att i dag. 3. oktober er såleis ein viktig dag dei neste 25 dagane. Så er det er pr i dag 68 dagar att til turen etter det. Der må eg mest få lov å skrive litt reklame.  Har funne ein billett til bare 1420,- Nkr, og det er den aller billegaste billetten eg nokon gong har funne til Brindisi. Sjølv i februar 1998 då eg første gong reiste til Brindisi kosta det meir. 1800,- t/r Roma, og det var eit spesielt OL tilbud. Alle SAS sine destinasjonar som hadde arrangert fekk rabatterte billettar pga at det var OL det året.

https://us.skypicker.com/ er nettsida der eg fann billett til nemnde pris.

mandag 15. august 2016

Keramiske fjes




                                      Medan Rigmor og Per vitja oss, hadde me oss ein tur til Grottaglie, keramikkbyen ikkje så langt unna hovudkvarteret vårt i Puglia. Me stakk nasen inn her på Fasano Ceramiche og vart nokså fort praia. Bli med og sjå i fabrikken var tilbodet. Litt lenger bak i kvartalet der butikken ligg openberra det seg ein liten fabrikk for produksjon av keramikk, både meir i retning av kunst-handverk og litt enklare kvardags-keramikk. 

Sjefen viste oss både det eine og det andre, og eg laug på meg eit halvår med keramikk frå lærarskulen. Då sjefen sette seg ved kavaletten, viste han at han var meir enn sjef. Ut frå sprutflasker med diverse fargestoff (minnet sviktar, eg hugsar ikkje lenger kva fargestoffet heiter, men eg hugsa då at det heiter kavalett) trylla han fram fjes i reine Picassostilen. 
Eg kunne hente det ferdige resultatet 2 dagar etter. Pga diverse saker gjekk det 11 dagar før nytt høve til Grottaglietur baud seg. Men då skjønar du, tallerken med mitt fagre fjes let seg ikkje finne. Borte vekk. Men trur du han sjefen gav seg: Nei, han sette seg til på ny og med endå større flid la han linjene til både mitt og min fagre frue sitt fjes på fat for brenning i kermaikkomnen. Kom att om to dagar var beskjeden. Ein rask tur i smale gater med stor sjefsbil og påspandert kaffi på ein kaffibar fekk me og med oss. Det er slikt som set seg fast som gode minner.



Me kom att, og der var jammen kunsten klar. Betala ville eg, men nei. Penzeri trur eg var ordet han brukte. Eg oppfatta det som gave. Rett nok hadde me handla godt nedi pungen då me kjøpte denne, 


men to handdekorerte tallekenar hadde eg ikkje venta å få med på kjøpet. Tre vart det forresten, for då me for tredje gong kom til Fasano Ceramiche, hadde dei funne førsteutgåva av fjeset mitt.

mandag 1. august 2016

Kan ein le fram dagen midt på svarte natta?

Etter ein litt lei start i Roma er visst appetitten på Puglia stor som bare det. Rigmor prøver å ta alt i ein jafs. Per er litt meir tilbakelent, og med auge bak solbriller er det ikkje heilt lett å få med seg kva han speidar etter. Kan det vere slikt som er inni fine sommarkjolar?














Sol og varme, strand og vatn sette gjestene pris på. Tøffetog frå parkering og ned til sjøen, eller "sjøden" som Rigmor ville sagt, var slett ikkje dumt.
Grottaglie vart avlagt ein visitt. Med Per som interessert turistførar fekk eg med meg stader eg før ikkje har oppdaga eller visste eksisterte. Mellom anna eit museum som bare var skikkeleg flott. Denne julekrybba er nok for stor for dei fleste stover, men her finn du heile persongalleriet frå stallen i Betlehem. Alt i keramikk under kvelvinga til nonneklosteriet til ære for Santa Agatha. 
Me stakk nasen litt meir enn bare såvidt inn i ein av butikkane som sel keramikk. Eigaren inviterte vidare inn i dei indre gemakkar, eller inn i produksjonslokala. 
Det kjem nok ein blogg om det slik etterkvart, for eg måtte tilbake for å hente eit fat som vart laga spesielt til meg.
Her er mange byar å rekke over. Gallipoli er ein av dei. Desse lysportalane finn me periodevis i dei fleste av byane her sør. Fargesprakande lyskorridorar når mørket senkar seg og lyset frå lyskunsten tek over scenen.
Kven tru det er som har festa ein Fiat til kofferten. Eg veit at du går ikkje inn i dette kjøretøyet, du tek det på deg som ein jakke og ei bukse, onepiece om du vil i form av ein søt liten 500. Men som tilbehør til ein koffert har eg visst ikkje sett den før.
God gjeng dette.
På neste Gallipolitur tek me med badetøy. Så fin bystrand finn ein ikkje kvar som helst.
Ved Castro ligg det nokre grotter nede ved sjøen. Den eine er ei heil lita hole med høve til å gå inn og sjå korleis drypp drypp over millionar av år kan bygge rett så spennande formasjonar både frå golv og tak.
Klar for innsats alle mann. Å låne øyre til ein italiensktalande guide på highspeed er morosamt nok det. Gutane kom etterkvart ganske så på på låtten. Guiden gjentok allora allora allora så mange gonger at til sist klarte ikkje Hadi og Attaullah å halde seg alvorlege lenger.

Etter turen inn i grotta, stod båttur for tur. Ein båt på kanskje 30 fot tok oss inn i eit par andre grotter. Annleis og spennande. 
Intenst blått vatn i overgangen mellom inne og ute av grotta

Me var visst alle samde om at det hadde vore ein gild tur.

Me la Grotte Zinzulusa bak oss.  

Ikkje visste me då at me skulle gå rett i gps-fella. Strake vegen til Otranto vart til ZIKK ZAKK vegen til Otranto. ZIKK ZAKK etter gps dirigering er vegar på kryss og tvers, mesteparten så smalt at bilen blir påført pynt den slett ikkje er berekna for. 
Her er mange feller å gå i. Ei anna felle er den ein går i når ein kommuniserer på eit så utydelig nivå at både sendar og mottakar er like lite klar over kva me skulle vera samde om. Etter endelaus venting og aukande frustrasjon kom me oss endelig på veg heimover. Og heim kom me. 

Dette siste er det nok bare dei som har vitja oss her på Cda Coltura som kan skjøna: 

Godt å kunne setje oss under trea i tunet og nyte kjensla av å vere inne ute. Endåtil sikadane heldt fred. På dagtid i slutten av juni og starten av juli er hannane så intenst opptekne av å imponere hoene at det kan skurre i hovudet til nokon og ein kvar. Når mørket fell på tek dei pause. Det vil seie: dei let seg vekkje midt på natta om dei bare får rett signal. Der midt i ei latterkule sette dei igang. Ikkje ganske så intens som på dagtid, men døgnville vart dei visst. Kven si latterkule klarte den kunsten?