Translate

mandag 1. august 2016

Kan ein le fram dagen midt på svarte natta?

Etter ein litt lei start i Roma er visst appetitten på Puglia stor som bare det. Rigmor prøver å ta alt i ein jafs. Per er litt meir tilbakelent, og med auge bak solbriller er det ikkje heilt lett å få med seg kva han speidar etter. Kan det vere slikt som er inni fine sommarkjolar?














Sol og varme, strand og vatn sette gjestene pris på. Tøffetog frå parkering og ned til sjøen, eller "sjøden" som Rigmor ville sagt, var slett ikkje dumt.
Grottaglie vart avlagt ein visitt. Med Per som interessert turistførar fekk eg med meg stader eg før ikkje har oppdaga eller visste eksisterte. Mellom anna eit museum som bare var skikkeleg flott. Denne julekrybba er nok for stor for dei fleste stover, men her finn du heile persongalleriet frå stallen i Betlehem. Alt i keramikk under kvelvinga til nonneklosteriet til ære for Santa Agatha. 
Me stakk nasen litt meir enn bare såvidt inn i ein av butikkane som sel keramikk. Eigaren inviterte vidare inn i dei indre gemakkar, eller inn i produksjonslokala. 
Det kjem nok ein blogg om det slik etterkvart, for eg måtte tilbake for å hente eit fat som vart laga spesielt til meg.
Her er mange byar å rekke over. Gallipoli er ein av dei. Desse lysportalane finn me periodevis i dei fleste av byane her sør. Fargesprakande lyskorridorar når mørket senkar seg og lyset frå lyskunsten tek over scenen.
Kven tru det er som har festa ein Fiat til kofferten. Eg veit at du går ikkje inn i dette kjøretøyet, du tek det på deg som ein jakke og ei bukse, onepiece om du vil i form av ein søt liten 500. Men som tilbehør til ein koffert har eg visst ikkje sett den før.
God gjeng dette.
På neste Gallipolitur tek me med badetøy. Så fin bystrand finn ein ikkje kvar som helst.
Ved Castro ligg det nokre grotter nede ved sjøen. Den eine er ei heil lita hole med høve til å gå inn og sjå korleis drypp drypp over millionar av år kan bygge rett så spennande formasjonar både frå golv og tak.
Klar for innsats alle mann. Å låne øyre til ein italiensktalande guide på highspeed er morosamt nok det. Gutane kom etterkvart ganske så på på låtten. Guiden gjentok allora allora allora så mange gonger at til sist klarte ikkje Hadi og Attaullah å halde seg alvorlege lenger.

Etter turen inn i grotta, stod båttur for tur. Ein båt på kanskje 30 fot tok oss inn i eit par andre grotter. Annleis og spennande. 
Intenst blått vatn i overgangen mellom inne og ute av grotta

Me var visst alle samde om at det hadde vore ein gild tur.

Me la Grotte Zinzulusa bak oss.  

Ikkje visste me då at me skulle gå rett i gps-fella. Strake vegen til Otranto vart til ZIKK ZAKK vegen til Otranto. ZIKK ZAKK etter gps dirigering er vegar på kryss og tvers, mesteparten så smalt at bilen blir påført pynt den slett ikkje er berekna for. 
Her er mange feller å gå i. Ei anna felle er den ein går i når ein kommuniserer på eit så utydelig nivå at både sendar og mottakar er like lite klar over kva me skulle vera samde om. Etter endelaus venting og aukande frustrasjon kom me oss endelig på veg heimover. Og heim kom me. 

Dette siste er det nok bare dei som har vitja oss her på Cda Coltura som kan skjøna: 

Godt å kunne setje oss under trea i tunet og nyte kjensla av å vere inne ute. Endåtil sikadane heldt fred. På dagtid i slutten av juni og starten av juli er hannane så intenst opptekne av å imponere hoene at det kan skurre i hovudet til nokon og ein kvar. Når mørket fell på tek dei pause. Det vil seie: dei let seg vekkje midt på natta om dei bare får rett signal. Der midt i ei latterkule sette dei igang. Ikkje ganske så intens som på dagtid, men døgnville vart dei visst. Kven si latterkule klarte den kunsten?


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar