Hjelpemiddel fins i godt utvalg. ABRP er å så måte eit godt supplement til Id7 sine innebygde løysingar. Passa rattet må eg nok framleis, men halda meg på rett plass i kjørebanen treng eg ikkje vera så redd for. Anne Marie fer jo sørover seinare, men kanskje det er ho som har skaffa usynlig vikar. Får i allefall like tydelig beskjed av bilen slik eg vanligvis får av henne at eg må sjå til å halde meg midt i kjørebanen. Pausar blir det minst 12 av. Kunne klart det heile med færre stopp, men sjølv om bilen ikkje legg etter seg restprodukt, så er ikkje eg slik laga. Kombiner lading med do og mat, det blir reine Kinderegget det med 3 ting i eitt.
Om det blir på onsdag eller seinare eg kjem fram, veit eg sjølvsagt ikkje. Avhengig av så mykje.
Korleis er veret?
Korleis er trafikktilhøva?
Kva form er det på sjåføren?
Ganske langt sør langs Adriaterhavskysten gjekk det nettopp eit digert jordskred.

Så langt eg forstår er autostradaen foreløpig reparert. Det skal la seg gjere å kjøre i eitt felt både nordover og sørover, så omkjøring er ikkje noko alternativ eg reknar med. Appen for Autostrade per l'talia seier ikkje noko om stengt veg, og då vil eg tru eg har forstått rett.
Avstand og tid kjem opp for distansen Vato - Termoli, men ikkje noko meir. Litt kø får vel heller gå, men frå tidlegare kjøring meiner eg at dette området ikkje er så veldig tungt trafikkert. Blir nok ikkje verre kø enn det eg godt kan leve med.
Etter å ha passert Termoli står det bare att 3 og 1/2 time kjøring. Det er dette synet som då møter meg.
Denne gongen gjer Geir noko han aldri før har gjort. I seinare år har me skaffa oss olivenolje frå Oliviero San Giacomo, eit oljepresseri ikkje så mange kilometer frå huset vårt. God olje etter vår meining. Gjester har også hatt nytte av denne staden. Me har frakta heim til Norge mange liter av slaget opp gjennom åra. Har bestilling frå Palle for ny levering.Ved siste handel i oktober 2025 vart det spurt etter klippfisk. Anne Marie sa då at det var norsk fisk av beste kvalitet som vert selt på diverse marked lokalt til helst lågare pris enn i Norge, men likevel vart det spurt om me kunne kjøpe med oss klippfisk ikkje bare frå Norge, men også kjøpt i Norge. Slik har det seg at eg har med 4 kilo tørrfisk frå Janas i Stavanger. Så blir det eit byte med olje.

9

Denne gongen er det mest som eg skulle ta opp konkurranse med min far når det gjeld å drive butikk. Geitost frå Vats, fenalår frå Håland på Klepp, kryddersild frå Mega Klepp, kaviar frå Extra Vigrestad, makrell i tomat har også lurt seg med. Det skal bli godt med norsk smak fordelt over nordmenn, danskar, polakkar og italienarar når bare ekvipasjen er på plass i Puglia. Blir mest som ei aldri så lita omreisande handelsvogn.




.jpg)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar