Endå er det god tid før årets første tur til Puglia. Det blir visst solotur denne gongen, i allefall kjøreturen sørover. Eg ofrar meg og tek den tida det treng å få bilen ned til Latiano. Fekk akkurat tilbud om leigebil frå Discovercars.com. Ein Opel Corsa ville koma på rundt 20000 Nkr i den perioden me har planar om å vere der sør. Volkwagen Taigo som ikkje blir selt i Norge ville koma på 50000 Nkr. Renault Espace, som er ein ganske stor bil ville koma på 190000 Nkr. Som du ser ville kanskje Opelen i tillegg til fly tur-retur Stavanger Bari kunne konkurrere med ferje Kristiansand-Hirtshals, vidare gjennom gjennom Tyskland, inn i Østerrike med vegbetaling (Vignette)og sist strekket på italiensk motorveg frå Sterzing til Taranto til ein kostnad av dryge 1000 ein veg.Eit par overnattingar må ein også legge til. Men eigen bil blir det, då får eg tiflfredsstilt trongen til å kjøre.
Anne Marie slepp lett unna, dei lange dagane langs vegane sørover treng ho ikkje ha anna sut for enn å tenkje på meg. Ho kjem med fly saman med utvalde gjester 11.mai. Då er planen min at mykje av huset er kalka. Slåmaskinen har tatt seg av det høge graset der ikkje Giulio har vore med traktor og horva. Bassenget skal og vere montert og solfangarane skal ha fått starta jobben med å gjere solstråler om til varmt vatn. Men så er det også slik at dei som kjenner meg, veit meir enn godt at planar er til for å endrast. Kven veit, noko av planane håpar eg no er gjennomført når storinnrykket kjem.
Apropos å ofre seg, det er bare tull. Nå som eg har passert 70, må eg vel ha lov til å vere litt barnslig. Å leike med bilar var noko av det som var skikkelig gildt i barneår.. Hugsar godt ein liten kvit bil der det stod POLICE på sida. Bilen var utan tak og det sat ein politimann i bilen. Han sveivde på ein gammal sirene. Bilen kjørte rundt og rundt. Når den traff noko rygga den litt og kjørte vidare. Alle guter skjønar korleis dette virkar vil eg tru, jenter og for den del.
Nå har eg tilgang på større leikety, og endå likar eg å kjøre. Når eg i tillegg kan kjøre fritt for lokale utslepp, så kan ikkje nokon av miljømessige grunnar klage. Einaste må vere fossilfolket, nokre av dei held veldig fast på den forferdelig auka belastninga på vegane som eit par tre hundre kilo ekstra vekt på bilen fører med seg.
Så får eg håpe det ikke blir noko bråstopp av denne turen. Ta ein liten kikk på hjelpemiddelet eg håpar ikkje kjem i bruk. Å ta skikkelige pausar og lange nok pausar undervegs vil vera avgjerande.
Målet med turen er jo å få parkert trygt og greitt ved sida av det gamle dohuset. Halvvegs bak sjølve huset vårt. Litt unnalurt for ikkje å trekke til seg typar med mindre gode hensikter. Av erfaring veit me at det kan vera ok å ligge litt lågt. Bubilen vart besøkt i 2018. Døra måtte eg heilt til Italia for å få ny. Skoda Roomster vekte interesse for forbifarande fant eit par år seinare, men bare startbatteri og vinduspussarar forsvann. I 2021 forsvann heile bilen. Etter mykje styr med vaktselskap, politi, forsikringsselskap og bilutleigefirma men og ufattelig god hjelp av Meggie, så stod Roomsteren brått ein morgon parkert rett utforbi porten til eiendommen vår. Kor trygt Id7en står veit eg ikkje, men den er nok endå verre å få start på utan nøkkel. Har bare høyrt eit rykte om at el-bilar ikkje er særs popuplære bilar å stikke av med. Håpar det stemmer. Det kan forresten veldig godt gå fint. I dei aller fleste tilfelle gjer det jo det.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar