Translate

torsdag 16. april 2026

Kostar litt å fare langs vegane sørover.

Det er vel Støre si skuld det og. I allefall er det det ein kan få inntrykk av. Er det noko ein ikkje likar, så er det Støre si skuld etter utrulig mange si oppfatning. 

Men det kostar å bruke vegar i andre land og. For i det heile å kjøre inni Austerrike må du betale for Vignett. Du kan få den som klistremerke i frontvindu, eller du kan kjøpe den digitalt og då er det bare å kjøre på utan heft ved grensa.  EH35813 blir kjent att og slepp gjennom utan merknad. Men sjølv om eg då kan bruke vignetten for kjøring i heile Austerrike, så må eg betale tillegg for strekninga mellom Schönberg og Brenner. 

Ikkje meir enn passert grensa til Italia, så må eg nappe med meg billett ved passering av bom ved Sterzing heilt nord i Italia.  Billetten blir så  brukt ved betaling når eg kjører ut av motorvegsystemet like ved Taranto. Utan å ha sjekka så nøye, går det fort med rundt 1000 Nkr på den strekninga. 

Poenget er at det nok ikkje er spesielt kreative norske politikarar som må til for at me skal få lov å betale for å ferdast på vegane.  Både i Norge og i fleire andre europeiske land må me betale utover det me betalar over skattesetelen.


2 kommentarer:

  1. € 79,90 fra Brenner til Bari. Kjører du til Taranto på grunn av raset?

    SvarSlett
  2. Der er vel ikkje noko ras ved Taranto. Men vegen er veldig bein frå Bari til Taranto og frå Taranto til Latiano. Oftast lite trafikk og. Dei få kilometrane ekstra har ikkje så mykje å sei.

    SvarSlett