Du hendelse, her har me venta lenger enn lenge, og så når me endelig kjem oss avgarde, så er det sjølve turen som tek lenger enn lenge.
Første etappe til Kristiansand gjekk fint. Rettnok var vekta på Krossmoen ute av drift. Gjev slik ro å vite om ein er overlasta eller ikkje. Sidan der ingen passasjer er i sete til høgre, blir det jo teknisk sett 75 ledige kilo for last. Nokre av desse kiloa er jo brukt opp av føraren, men det er ein anna rekneskap. Ro for null overvekt fekk eg ikkje, men det låg ikkkje på meg som ei tung bør å vere uvitande.
Den nye båten til Fjordline FjordFSTR var samanlikna med Fjordcat reine vidunderet å kome seg ombord i med ein litt større bil. Der ein før måtte rygge bubilen ombord, fekk ein nå kjøre heilt fram i baugen og så i fin sving bakover att. Lett å finne fram ombord var det og. Det hadde blitt tidleg ettermiddag då båten la frå kai. Nå var liksom turen til Italia skikkelig i gang. Lunsj var bestilt og me hadde fast sete ikkje langt frå der maten var dandert for oss. Ingenting å seie på rettane, det heile var vel inspirert av tapas. Maten såg bra ut og smaka desslike.Så langt var det heile ei god oppleving. Men ikkje om eg vil kalle det nokon god sjøbåt. Verre hadde det noko vore om ein var ombord på Fjordcat, men om ikkje oppkasten stod heilt i halsen, så syns eg det var på kanten av ubehagelig. Blir nok Bergensfjord/Stavangerfjord eller Superspeed når me skal heim att. På den tida har nok FjordFSTR gått i vinteropplag.Danmark har me fore gjennom før. Mest forgale å bare skunde seg vidare til Tyskland, men slik blir det fort når målet er heilt på hælen av støvellandet.
Hotellet me tok inn på låg midt i sentrum. Me måtte faktisk inn i gågatesystemet for å koma dit med bil. Roomsteren fekk akkurat plass i innkjøringa. Vel installert kom trongen etter ein god dusj. Det hadde me jo ikkje hatt sidane me for heimefrå. Ikke akkurat topp stemning når det bare kom kaldt vatn ut av kranen. Fekk sagt frå etter ei stund og etter endå ei stund kom det røyrleggar på døra. Han sjekka både vask og dusj med same resultat, ikkje ein dråpe varmt vatn. Røyrleggarar har tydeligvis sine triks. Etter justering av nokre kranar i naborommmet kom varmtvatnet slik det skal. Litt etter det kom dei frå resepsjonen og lurte på om me ville bytte rom for same pris. Større rom og ikkje vendt mot gata slik det første rommet var. Me takka ja, og slik fekk me faktisk litt høgare standard men litt mindre historisk preg over rommet.
Det er vel dette ein kallar middelalderby.
Like utanfor hotellet vårt låg denne minneplata i fortauet.
Sundagen tok me ein tur ut på Lüneburger Heide. Billaus landsby der ein måtte bruke apostlane sine hestar eller meir normale firbeinte skapningar. Mange kjørte hestekjerre inn i området, me brukte beina.
Det vart mandag og me var etterkvart klar for å fare vidare. Bubilen hadde fått dei nødvendige nye delene og var fit for fight for ferda vidare mot sør. I løpet av eit par døgn skulle det vere mulig å kome seg fram til den etterlengta plassen vår der sør i varmen. GJE GASS!!!!
Bubilen som du sier, kallest vel no førr Pensjonistkuvøse....god tur videre mot Italia.
SvarSlett