Translate

lørdag 17. juli 2021

Viktig med god tilgang på vatn

Litt juks får ein heller godta. Då me kom hit fredag for ei veke sidan, var det nærast mørkt. Me såg til med eit raskt blikk at alt var på stell. Ingen melding frå VigilNova gav uro for eventuelle toføtte uinviterte gjester.  Så var det ned til Pascalone og Meggie for siste nytt og mat.
Med den velkomst me får der, kunne ein tru det var nok i seg sjølv.
Men nei, her er mat og av super klasse. Pølser er normalt sett ikkje gourmetmat, men Pascalone sine er spekka med god smak og resultat av kjærlige hender i omgang med råvarene.

Sjølv om det meste stod greitt til her i huset når me kom på lørdag, så er her jo ein del å styre på med. Friskt godt vatn vert henta opp frå 135 meters djupne. Fint då når vatnpumpa funkar. Har vatnet først kome opp i dagtanken, så er me avhengige av at tankpumpa også vil gjera jobben den er etla til å gjera. 

Dei som har lese før på denne bloggen hugsar truleg ein føljetong om ein vaskemaskin og veldig ustabil spenning. Vaskemaskinreparatøren rådde til å skaffe ein litt enklare modell når det gjeld programvalg. Helst mekanisk styrte program. I dag er ikkje det så lett, blir jo putta inn elektroniske kretsar alle stader der det er ledig plass. 

Når det gjeld tatoveringar, så har eg sagt at når dei maktar å få til animert tatovering, då skal eg skaffe meg det. 



La Linia syns eg kunne vere bra i ein travel runde rundt på overarmen. Eg har alltid likt å symje, ein gong var eg faktisk ganske god. 

Hadi og eg tok oss ein tur til Stavanger Tattoo, ikkje for å få kroppskunst, meir for å vise kroppskunst. Brukt velfungerande vaskemaskin til salgs stod det i annonsen. Då eg snakka med dei for å gjere avtale, fekk eg beskjed om at maskinen måtte ned ei trapp. Kven skulle vel trudd at trappa var ei skikkeleg smal og bratt vindeltrapp. Totalt umulig å gå ved sida av ein annan. Så bratt at å gå etter ein annan var like umulig. Eg tek den på ryggen sa Hadi, og den som balanserte maskinen ned to etasjar i den hypersmale bratte trappa det var nettopp Hadi, på ryggen. 

Maskinen vart vippa over kanten, og kom seg greitt ned på bakken. Prosjektet med å få maskinen ut av bilen og inn i huset kjendest for oss omtrent like stort som to etasjar ned vindeltrappa. Med sekketralle frå nabo Linda var det ikkje noko problem å få maskinen inn og kopla til straum, vatn og avløp. Ei stund var eg redd for katta i sekken, for på første vask ville den ikkje ta inn vatn. Ja, ja, det må ha vore transporten som har tatt knekken på den tenkte eg. Ikkje eit sekund var eg innom tanken at tattoverringsstudio i Søregata hadde lurt på meg noko som ikkje funka. Treg er ein gjerne normalt, men nokre gonger kan eg vere ekstra treg. Då det ikkje kom vatn i vannkranane forstod eg kva det gjekk i. Når dagtanken er tom for dei 1500 litrane den rømer, stoppar tankpumpa, ergo ikkje noko trykk i røyrane. Heller ikkje i den røyren som forsyner vaskemaskinen med vatn. At Anne Marie har slik omsorg for det som veks her i hagen er jo bare fint, like til cisternen er tom og ingen seier noko om at det trengs påfyll. Få bare gang på pumpa i djupvannsbrønnen og igangsetjng av tankpumpe det gav vatn til vaskemaskinen. Dermed ser det ut til at me slepp å ta håndvask av tøy i eit par månader framover. Det er velstand dette. Innrettar ein seg går det greitt med grader nærare 40 enn 35 og. Her er ganske så godt å vera.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar