Translate

mandag 12. juli 2021

Med god tru og gammal bil I

Du hendelse, her har me venta lenger enn lenge, og så når me endelig kjem oss avgarde, så er det sjølve turen som tek lenger enn lenge. 

Første etappe til  Kristiansand gjekk fint. Rettnok var vekta på Krossmoen ute av drift. Gjev slik ro å vite om ein er overlasta eller ikkje. Sidan der ingen passasjer er i sete til høgre, blir det jo teknisk sett 75 ledige kilo for last.  Nokre av desse kiloa er jo brukt opp av føraren, men det er ein anna rekneskap. Ro for null overvekt fekk eg ikkje, men det låg ikkkje på meg som ei tung bør å vere uvitande. 

Den nye båten til Fjordline FjordFSTR var samanlikna med Fjordcat reine vidunderet å kome seg ombord i med ein litt større bil. Der ein før måtte rygge bubilen ombord, fekk ein nå kjøre heilt fram i baugen og så i fin sving bakover att. Lett å finne fram ombord var det og. Det hadde blitt tidleg ettermiddag då båten la frå kai. Nå var liksom turen til Italia skikkelig i gang.  Lunsj var bestilt og me hadde fast sete ikkje langt frå der maten var dandert for oss. Ingenting å seie på rettane, det heile var vel inspirert av tapas. Maten såg bra  ut og smaka desslike.Så langt var det heile ei god oppleving. Men ikkje om eg vil kalle det nokon god sjøbåt. Verre hadde det noko vore om ein var ombord på Fjordcat, men om ikkje oppkasten stod heilt i halsen, så syns eg det var på kanten av ubehagelig. Blir nok Bergensfjord/Stavangerfjord eller Superspeed når me skal heim att. På den tida har nok FjordFSTR gått i vinteropplag.Danmark har me fore gjennom før. Mest forgale å bare skunde seg vidare til Tyskland, men slik blir det fort når målet er heilt på hælen av støvellandet. 

Rundt 5 mil sør for Hamburg fekk eg ein telefon frå følgebilen. Det vart observert eit gnistregn under bubilen. Lite anna å gjere enn ved første høve å kome seg ut av autobahn.  Kan ikkje stoppe allestader heller, så etter ei lite stund fann eg ein stad der eg kunne parkere. NAF er jo med på all langkjøring for vår del. Har bare gode erfaringer med det. Når kjøretøy tek til å få nokre år på hjula, så er det alltid godt å vite at hjelpa ikkje er langt unna. Opp litt med blikket, der stod det jammen ein redningsbil frå ADAC. Eg melde på NAF sin app kva problem eg hadde med bilen. Nokre minutt etter kom det ut ein mekanikar ut frå ADAC verkstaden like ved der eg hadde stoppa. Sidan dette hende ein fredag, fekk me heile helga i Lüneburg medan bubilen stod på Ivecoverkstad og venta på reparasjon. Sjølve reparasjonen var ingen heksekunst, men det måtte deler til og akkurat dei delene hadde dei ikkje på verkstaden. Ikkje meir enn eitt år sidan bilen vart Eu-godkjend med kun 3 merknader; dei fann ikkje gul varselsvest, 2 heller ikkje vognkort og 3 varselstrekant.  Alt fans i bilen anten i skap på hyller eller i lasterom. 

Hotellet me tok inn på låg midt i sentrum. Me måtte faktisk inn i gågatesystemet for å koma dit med bil. Roomsteren fekk akkurat plass i innkjøringa. Vel installert kom trongen etter ein god dusj. Det hadde me jo ikkje hatt sidane me for heimefrå. Ikke akkurat topp stemning når det bare kom kaldt vatn ut av kranen. Fekk sagt frå etter ei stund og etter endå ei stund kom det røyrleggar på døra. Han sjekka både vask og dusj med same resultat, ikkje ein dråpe varmt vatn. Røyrleggarar har tydeligvis sine triks. Etter justering av nokre kranar i naborommmet kom varmtvatnet slik det skal. Litt etter det kom dei frå resepsjonen og lurte på om me ville bytte rom for same pris. Større rom og ikkje vendt mot gata slik det første rommet var. Me takka ja, og slik fekk me faktisk litt høgare standard men litt mindre historisk preg over rommet.

Det er vel dette ein kallar middelalderby. 
Like utanfor hotellet vårt låg denne minneplata i fortauet.
Sundagen tok me ein tur ut på Lüneburger Heide. Billaus landsby der ein måtte bruke apostlane sine hestar eller meir normale firbeinte skapningar. Mange kjørte hestekjerre inn i området, me brukte beina.
Det vart mandag og me var etterkvart klar for å fare vidare. Bubilen hadde fått dei nødvendige nye delene og var fit for fight for ferda vidare mot sør. I løpet av eit par døgn skulle det vere mulig å kome seg fram til den etterlengta plassen vår der sør i varmen. GJE GASS!!!!


1 kommentar:

  1. Bubilen som du sier, kallest vel no førr Pensjonistkuvøse....god tur videre mot Italia.

    SvarSlett