Translate

tirsdag 25. juli 2017

Venner er så mangt

Det finnes så mange slags venner. Nokre er bare Facebookvenner, nokre er både Facebookvenner og vanlige venner. Nokre venner likar me å omgås, andre vil me helst sjå minst mulig til. Me hadde innom nokre av siste kategori her for ei natt sidan. Hadde vore mykje gildare om dei kom på dagtid og me fekk helse på. Dei skulle fått kaffi, kanskje Toro vafler og om dei bare ville ta seg tid til det. Men nei, natta når den er på det mørkaste er visst betre syns dei. Travelt har dei det og. Å måttte jobbe under slikt tidspress må vere ganske ille. Lite HMS-tenkning innan den bransjen er eg redd.

Me tok ein tur til Gallipoli midt i verste ferietida her i Villa Felizia. 
Live-bilete frå Gallipoli
Venner frå Varhaug som og er fosterforeldre for afghanske ungdommar var med. Ungdommane skulle få litt avveksling frå det litt stilleståande campagnalivet. Men så fekk me jammen etter andre natta telefon frå ein annan utflytta Varhaugsbu. VigilNova hadde prøvd å ringe, det hadde Guido og utan å lukkast. Sjølvsagt var det Livar som kom gjennom med den ulianne beskjeden.
Kort sagt: Torodd og eg kjørte halvannan time opp for å sjekke. Huset stod ulåst, men med sikringsdør så fastklemt at sjølv smeden med piede di porco av ein grandios dimensjon måtte gi opp. Sveiseapparatet måtte fram for å kom inn til den delen av låsen som blokkerte.
Skaden ser ikkje så stor ut, men førre eigarane drog med seg dører og vindauge frå England, og det er ikkje nettopp lett å skaffe deler til det her.
 Sjølve vridaren er intakt, men låssylinder er totalt kaputt. Må nok nytt til her er eg redd. Likeså rekka med låspunkt langs kanten av døra.
Gitterporten er kraftig nok den, men sterke har dei vore, for sjølve låsreilen, ca 1 cm tjukt stål var knekt tvert av og låg på matta innfor porten.


INTASURE har vore fine før, men eg lurer nå på kor mange skadetilfelle dei aksepterer. Me har gjort vårt i form av vaktselskap. Har lite tru på at noko form for kamera vil vera til nytte, sjølv om det 111% sikkert må vera lokale størrelsar som er så trøttane. Reknar med dei rek forbi her fleire gonger for dagen for å halde greie på kven som er heime og kven som er bortreist i dei få husa langs med vegen vår.
I dag, tysdag kjem det teknikar frå VigilNova, så håpar eg me finn ein eller annen grei måte å få sikra alarmfunksjon att på døra som er øydelagt.

Bubilen fekk gjennomgå den og, men det er ein annan historie.

Are Kalvø snakkar om Sørens land, og jammen: Me har det godt her trass i diverse gjenvordigheter.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar