Translate

fredag 21. juli 2017

Fremmane

Enn så fort tida går. Nå har me alt vore i Italia i 2 veker, om me reknar frå tidspunktet me kjørte over grensa oppe ved Como. Dei 4 første dagane etter at vi kom hit til Villa Felizia var både tunge, lange og tørre. Lite kjekt med temperaturar mellom 35 og 40 og ikkje ha anna vatn enn litt i tanken på bubilen. Men har du lese her før, veit du at vatnet nå er på plass. Gode Anne Marie dukka og opp etter at vatnet hadde kome tilbake, det set både Hadi og eg pris på. Mest pris set me på Anne Marie, men og ganske mykje set me pris på vatnet. Merkelig korleis ein mest vert handlingslamma når ein ikkje har vatn i springen.

Nokre dagar til, så dukka det jammen opp "fremmane" som slett ikkje er fremmane.
Dei to systrene frå Brusand har eg kjent sidan eg budde på Ålgård. Min far og far deira var barndomskameratar som heldt kontakten gjennom heile livsløpet, og det har beint fram smitta av på etterkomarane.
Med gjester blir det turar rundt omkring for å vise litt av attraksjonane.  I mange Italienske byar pyntar dei med lysportalar. Desse portalane må jo lagast ein eller annan stad. Scorrano har eigen festival med konkurranse mellom dei ulike fabrikkane om kven som lagar finast dekorasjonane. Me var vissst 16 stk som reiste den dryge timen frå Latiano til Scorrano som ligg ikkje så langt frå Lecce.
Tydeleg at det var noko stort, for me vart møtt av ein hær med friviljuge, sivilforsvar og politi som organiserte parkering på store marker og deretter busstransport inn til sentrum av byen. Nytt fenomen er avsperring av område med store folkemengder og kontroll av spesielt damevesker for dei som vil inn på området. Då me kom var det framleis lyst. Etterkvart som det mørkna kom forventingane til det som skulle skje. Litt mat måtte me og ha, det vart meir som gatekjøkkenmat, men absolutt greitt nok.
Lys akkompagnert av lyd som fekk hjartet ganske til å bivre. Utruleg flott å sjå og mest utruleg at det let seg gjere å stelle i stand så store installasjonar.

Det nokre kallar turisfeller tek me ganske så roleg gjestene med til.  Alberobello med alle trulloane eine kvelden, og Ostuni andre kvelden. Begge stadene er der rett folksomt, men slett ikkje slik at me må gå kø. Verre slik i Scorrano, der kunne me mest bare lyfte føtene oppunder oss og bli boren vidare av folka rundt.
Koselege byar både Alberobello og Ostuni. Ein snartur innom hos Signe og Gaute på Cupa måtte me og ha oss.
Taverna di Pascalone Latiano er fast på programmet for alle gjester som kjem til oss.

Hadi hadde T-bone, eg hadde svineribbe og damene antipasti: ulike smårettar med opphav herifrå og tilpassa servering på Tavernaen. Mengdene er store nok til å bli meir enn mette, sjølv det som eigentleg bare er forrett. Sjølv 980gr T-bone gjekk ned i ein sylslank attpåklatt. Mykje godstoff til å bygge musklar av.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar