Translate

torsdag 3. august 2017

Morgonstemning ikledd litt meir enn fikenblad

Varm morgon. Gradene har alt kome opp i 26, men etter meldingane skal det bli eit par dagar nå med varme rundt 40. Då får ein skalke lukene og halde seg innomhus frå 12 til 6. Dei andre delene av døgnet kan me nyta. Dei få timane frå 12 og utover kan vanskelig nytas og heller ikkje kan ein yta.
Heldigvis har her ikkje vore så fryktelig mykje praktisk som måtte gjerast denne sommaren. Her ligg noko ved som godt kunne vore kutta, men varmen innbyr ikkje til det. For fyringa si del trengs det ikkje heller. Får satse på at arbeidslyst kjem i stort mon til hausten i slutten av september. Arbeid forsvinn som regel ikkje, det ventar tolmodig på at ein ein eller annan gong skal setjas i gang. Las forresten i går om ein professor som hadde funne ein samanheng mellom prokrastinering og depresjon. Av erfaring kan eg ikkje nettopp sei det var oppsiktsvekkjande det han hadde funne ut. 
Det er fint med ein tur til enden av hagen ikledd bare dei aller nødvendigaste tekstilane. Litt meir enn fikenblad, den gode varme morgonlufta stryk over kroppen. Slikt går det an å nyta.
Her er det fredfullt og godt å vera. Utruleg triveleg å få høve til å ta imot gjester og dele med seg opplevingane våre her i Puglia. Einaste måten å dele på som me ikkje likar, er når gjestene kjem utan at me er heime og i ly av  mulm og mørke. Godt at me er godt forsikra. Her har vore folk og sett på skaden på inngangsdøra. Rett og slett for store skader til å kunne reparere. Då blir det ny gitterport i varmgalvanisert massivt stål + ny glassdør med bare glas i øvste del av døra. Karmar og beslag må vekk, og då bytter me bare om på rekkefølgje. Kjem same gjeste på nytt besøk møter dei massivt stål først. Om dei så bryr seg med å knuse glaset i døra innafor har eg ingen forutsetning for å meine noko om. Me håpar at VigilNova står oss bi atter ein gong. Utan dei trur eg helst me gitt opp. Me tenkjer det er gjengangarar. Dei fer forbi her mange gonger for dagen, og ser dei ei endring er det fort gjort å kome att i nattemørket. Måltaking etter dei ubednegjestene er unnagjort. Likeså bestilling. Montering vil bli gjort 27. september eller ein av dagane like etter. Då er eg tilbake her på haustferie. 4 gode veker å sjå fram til no når dei heite sommardagane går mot sin ende. Kapersbuskane gir seg ikkje,  nye blomar heile tida. Haustinga av knoppar går heller treigt, men me brukar ikkje kapers og då er blomane finare enn smaken på knoppane.

Fikentrea ber, fikena mognast frå eine dagen til neste.  Problemet så lang for oss med det å ta vare på fruktene har vore at fikena har turka så mykje at dei har blitt både harde og seige. Etter Aldo på La Silvana sine ord skulle det ikkje tørkast så hardt. Mellom kvar tørkedag skulle det inn, altså ikkje bli utsett for dogg gjennom natta. Etter 4 -5 dagar i sola skulle kvar fiken ha eit raskt bad i kokande vatn før ein legg inn ei mandel, litt frå frå fennikel og litt sitron. Ein halvtime i svak varme i steikeomnen til sist, så skal godsakene vera klare. Då skal dei tørka fikena bli gode og haldbare. Me får bare sjå kva det blir til.

8.august set me oss i bubilen ørtidleg på morgonen. Rundt 2900 kilometer ligg framføre oss, men alt etter bare 25 kilometer må me ta første pause. Anne Marie vil heller flyga enn å kjøra, så då slepp me henne av på flyplassen i Brindisi. Forstår henne forresten godt. Ikkje nødvendig å bruke 6 dagar på kjøring tur-retur. Elles har det nå blitt eindel kilometer tilbakelagt så langt denne sommaren. Gjorde ei grov oppsummering her om dagen og kom til omtrent 7400 kilometer tilbakelagt alt i alt når me 12. august trillar inn i gardsrommet Helmikhølen 5.

Dei nattlige gjestene gjorde meir grundig arbeid med bubilen enn med huset. Av ein aller annan grunn har dei ikkje blitt skremt av alarmen der, men så er den heller ikkje knytta til noko vaktselskap. Har snakka med Abobil på Bryne og dei har lova å prøva å få til reparasjon av det som er skada. Får dei bare tid på seg, vil eg tru det let seg gjere å skaffe deler. Sjølve bilen er heldigvis ikkje skada, me må bare bruke dørene i førarhuset når me vil inn og ut. Går nok bra det. Dryge 200 hestar skal nok få oss nordover på beste måte. Ny Gps er anskaffa, med Bluetooth. Hos POWER på Nærbø ligg det pakke med Garmin BC 30 for henting. Einaste staden det er dumt ikkje å ha kamera ferdig montert på bilen, er når eg skal rygge ombord på FjordCat. 


2 kommentarer:

  1. Dere må bare læres opp til å like kapers. Det gjør susen i mange matretter. Du kan jo begynne med import av egen avling og konkurrere ut både Rema, Coop og Meny.

    SvarSlett
  2. Kan setje fast 50% prisreduksjon og likevel tene gullpengar.

    SvarSlett