Translate

onsdag 7. oktober 2015

Drone på tokt over parsellen?



Ikkje rusk det dei får til. Ja om du trudde eg hadde skaffa meg drone, så tek du feil. Rett nok var eg ganske frista her i sommar, men så tok fornuften overhand. Mykje er kjekt å ha, men akkurat då var ikkje drone kjekt nok til at eg ville ha. Her om dagen såg eg resultatet av Google sine aktivitetar. Biletet deira er tatt etter 3. juli og før 21. august, for det var i den perioden bassenget var montert. Frå huset og bort til vegen er vårt domene, det er der me prøver å halde rimeleg standard på jorda. Grøderikt som bare det når det gjeld ugras. Sprøyting kunne nok gjort susen, men då hadde ikkje eg fått kjøre fresaren så ofte. Og det å kjøre fresar det er faktisk skikkeleg gildt. Å sjå korleis jorda jorda smuldrar og den rødbrune fargen blir ekstra tydeleg. Påske, sommar og haustferie får jorda gjennomgå av roterande stålblad.
Frå huset og til endes av tomta er Clemente sitt domene. Her er avtalen at han steller trea og jorda under, han haustar og får avlinga pressa. Som løn får han den olja som det vert av hausten. God avling, god løn. Lite avling inga løn. Me skal etter avtalen ha 30 til 50 liter alt ettersom hausten er liten eller stor. 


Her har vore ganske så tett vegetasjon opp mot vegen. Tre som eg har kappa litt og litt av for å hindre at dei breier seg ut i vegen. Kunne mest virke som di meir ein kappa di betre vaks det. Nå vart det kort prosess, trea vart kappa ikkje heilt til rota, men nesten. Dei kjem heilt sikkert opp att. Blir ikkje så glane av den grunn. Hugsar dokter Uberg på Ålgård når kona ynskte å trekke for gardina og han ikkje ville: "Jamen, vi gjør ke no galt." Me gjer heller ikkje så mykje gale, så dei få som fer forbi kan  fælt gjerne for meg få eit lite glimt av bebuarane i Ville Felizia. 
Me har ikkje kome over noko grav frå folkevandringstida eller nokon annan tidsalder for den del. Kapersbuskane må ryddas i anten ein vil nyte synet av blomane, eller ein vil ta knoppane for bruk i matlaging. 
Sist sommar gav me oss litt før alle greinene var saga opp til småpinnar. Var visst dei tynnaste greinene som låg att. Med  nytt godt utstyr rigga me oss til Anne Marie, sagkrakken, eg og saga. Ein fordel er det i allefall med tjuvar som ryddar reint i lagerrom og skur. Det blir veldig god rotasjon på utstyrsfronten. Med heilt ny sag med ny patent for straming av kjede, skulle det vel vera bare velstand. Eg slost med  saga i sikkert bortimot ein time i går. Kva er bruksanvisning? Det er slikt ein kan lesa i om ein blir ståande heilt fast, og eg må kava i meir enn ein time før eg tenkjer eg står fast. Til sist fekk eg leggja på kjedet og strama passelig slik at det ikkje etter første gasspådrag spratt av. Fekk ned nokre tre i går, så i dag skulle vel saga vere i godlune. Ho starta villig som bare det når fikentreet skulle pyntas på. Neste års kolleksjon av fikenblad i størrelsar frå XS til XXXL ligg klar i knutar på greinene, men nå ville me gje treet meir luft. Som sagt, saga starta utan problem av noko slag. 
Når det tok til å mørkna tenkte me at me skulle klare greinene frå i fjor. Fort gjort det med slik ei god ny sag. Men nei, nå hadde den visst jobba nok for i dag. Drog og drog gjorde eg, men helt fånyttes. Kan ikkje stort ta til å dra i kjedet heller. Då kan sangen "Han hadde bare fire fingre" bli veldig aktuell.
Det vart mørkt. Så mørkt at Lidl lampene våre tende. Dei har lyst så trufast på muren ned mot huset. Dei er kopla opp mot den store lyskjelda, sola.  Første gongene me reiste heim tok eg lampene inn i lagerrommet. Glad for at eg har slutta med det, for hadde dei stått der når takfantane var innom mellom påske og sommar i år, ja så hadde dei ikkje stått der meir. Ute blir dei sikker rekna for å vere del av muren, sjølv om eg jo veit at den gråbrune glassfiberkassen bare står heilt laust og er kamuflert i same kvitkalking som muren.
Det har vorte jobba godt i dag. At det ikkje er mørkare, er kun takka vere Samsung Note 4 som faktisk klarer seg med svært lite lys. Men sjølv Samsung eller lyse hovud klarer ikkje lyse opp meir enn dette når skumringa har kome langt nok og det har blitt kveld.

1 kommentar:

  1. Det er ingen drone, men satelitt! Det er imponerende at det går an å få så klare bilder på så lang avstand. Det er tydelig at det 19. juli i år var god sikt fra oven.

    SvarSlett