Translate

torsdag 29. oktober 2015

STÅL MOT STÅL

Det lugga litt, skreiv eg her i eit tidlegare innlegg på bloggen. Meggi kjørte bilen frå der ho bur og opp til restauranten i Latiano og likte ikkje jobben bremsene gjorde.  Full bremsesjekk på Opelen vart utført. Litt rust etter lagring sa dei som kontrollerte. I september vart bremsene gått heilt over, alt som trong skifte vart skifta, men kva hjelper vel det når ein ikkje får tid til å trø på bremsa når ein så absolutt skulle ha gjort det.

Eit flott opphald i San Giovanni La Punta var over. 5 gode netter i Diana sitt anneks. Eg tok på «heimveg», men ikkje tidlegare på morgonen enn klokka sju. Vertskapet måtte få høve til å opne og lukke porten. Opplevinga av Messina vart noko annleis og meir fredelig enn sist i april. Rett nok styrte Paula meg ut av kurs, men nå har eg såpass erfaring med kjørekulturen her nede, at inn ei gate mot kjøreretning i «sensa unico» og u-sving på 6 feltsveg, 3 filer kvar veg, det går greitt nok det om ein bare viser tydelig kva ein vil. Eg rekna med å koma på heimsleg dekk over Messinastredet, 

Vestfold frå Horten,  er jo litt merkelig når det norske namnet framleis gjeld og registreringshamna Horten står fastsveisa på skutesida. Til Sicilia kom eg på norsk dekk kan du sei, men tilbake att til fastlandet  var det Tremestieri som gjorde jobben-


























Mange mil på autostrada låg føre. 



























Utkvild og mett, klar for dyst kjørte eg på land i Villa San Giovanni.  Aldri hadde vel eg høyrt om Bagnara Calabra eller Grand Hotel Victoria. 

Godt i gang, 09:30 20.10.2015 smalt det rett i kilen som låg midt i kjørebanen.
Her er kilen dregen til sides, den låg ganske så midt i kjørefeltet.
Fart omtrent 100 km/t. Tørt, lyst og like utfor tunnelopninga på høgaste vegbrua i heile Italia. 
Klikk har så får du sjå korleis det er å kome frå tunnellen og ut i dagslyset.  På 2:50 kjem du akkurat til brua der det sa stopp.

Opplysingar henta frå Wikipedia:

The Sfalassà Viaduct (also known as Bridge Bagnara) is a viaduct with Italian steel structure located near
 Bagnara. The bridge is part of the A3 Salerno - Reggio Calabria to km 414 + 490. In December 2014 it appears to be the arch bridge portal pushing the world's highest, as well as the 3rd highest in Europe (after the Viaduct of Millau Viaduct and Italy) and the 20th highest in the world [1] [2] [3]. Designed by Silvano Zorzi in 1967 together with Sabatino Endeavour and Luciano Lonardo, the work is 893 meters long (742 m-151 m Sfalassà Vardaru I), high above the valley floor to the roadway 253.78 meters and has a central span steel with light of about 376 meters. The Sfalassà has also won three times during its construction (respectively in 1968, 1970 and 1972, still unbeaten record) [4] the "CECM European Award", the highest European recognition for the great works. Notes [edit | change wikitext]


Du kan sei det slik at tua var ikkje stor, men den velta lasset. Mangel på størrelse tok den igjen på styrke.  Det gneistra ikkje det eg såg, men så var eg heldigvis ikkje under bilen. Derimot stod røyken tett ut og fram og til sides frå motorrommet. Nå får eg bruk for det brannsløkkingsapparatet som er påbode å ha i Giottilinen, tenkte eg, men som manglar i Opelen. Stoppa i ein lomme som var der midt ute på brua, opna panseret for å sjå. 











Var budd på brann, men det var visst bare kjølevæske og oljedamp.
Redningsbil dukka opp i løpet av få minuttar. Men straks Policia Stradale kom til, reiste dei to karane i redningsbilen. Lurer på om dei i redningsbilen var å likne med vrakplyndrarane langs Jærkysten i gamle dagar.  Masse papirsjekk ved samvitsfulle politimenn. Væpna var dei, men dei hadde ein laus og ledig tone medan det eine dokumentet etter det andre vart grundig sjekka. Stoccafisso vart nemnt, det var vel kanskje det som var mest kjent med sjåføren sitt heimland. 

Ein dryg time seinare kom redningsbil nummer 2. Domenico eller Mimmo i ein Iveco lik bubilen, men med plan i staden for bupåbygg. Ryddig og reint i førarhuset, ryddigare enn i bubilen. Polizia Stradale ringde etter bergingsbil. Opelen vart kjørt til verkstaden Officino Luppino i Bagnara Calabra. Like ryddig og ordentlig der.


Ny venting, og rundt klokka 13 vart eg skyssa til Hotel Grande Victoria av Monica, kona til Mimmo og ansvarleg for kontoret på verkstaden.. Fekk rom i 3. etasje, rom 203, veranda og utsikt mot havet. Bare strandpromenade og gate mellom hotell og sjø. 

Sesongen er slutt, bare ein attgøymd strandstol fortel om sommar og badeliv

Litt varmare og ein annan grunn for opphaldet, så hadde det vore Syden +
Ei natt i Bagnara Calabra klarte seg. Like uavklart med omsyn til tid reparasjon av bilen på dag nummer to. Det vart til at eg via NAF fekk skaffa meg leigebil. Bil i slekta kan du seie, ein Opel Astra stasjonsvogn cdti. 

Veldig kjekk bil å kjøre. Klokka vart 18:10 før eg var hos AVIS i Cannava, eit industriområde i nærleiken av Gioia Tauro. Monica hadde då gitt bånn gass både på motorvegen og vegen opp frå Bagnara Calabra til A3. Ho kjørte stødig, men ikkje om eg hadde våga slik fart. 100 er nokså passelig i Corsaen.  Toyotaen for av garde merkbart fortare enn 100.
Planen min var å reise heilt fram til Latiano i løpet av kvelden og natta, men eg er glad eg stoppa undervegs. Ver her i det sørlige av Italia kjem i store dosar. Mykje sol og varme og når det først kjem regn, så ausar det ned i mengder som ikkje er behagelige  kjøre i. I Falerna vart det stopp på Hotel San Giovanni. Absolutt lurt, for ein blir trøytt av bare å svive rundt og vente slik eg hadde gjort størsteparten av onsdagen. Ikkje er eg særleg god venn med Paula heller, ho som bur inni den vesle boksen dei kallar GPS. Eg er rett som det er uenig, som når ho vil ha meg til å kjøre mot kjøreretning i einvegskjørte gater. Har skjedd meir enn ein gong. Før eg tok stoppen for natta, ville ho ha meg vekk frå autostradaen. Om ho har avtalar med nokon som sender melding om stengde vegar lenger framme veit eg ikkje, men det kan sjå ut som ho har kontaktar eg ikkje veit noko om.  Etter ei kort natt på eit greitt nok hotell, tok eg av garde att ganske så tidleg, før 6. Regnet hadde roa seg, vegen var nokså fredelig på den tida av døgeret. Bilen trilla lett, sjåføren var utkvilt, stort sett bare velstand.  Frå Falerno til Latiano er det ikkje så mange mil, men det tek nå nokre timar å leggje dei bak seg. God middag på Taverna di Pascalone på kvelden.



Eg må ha sett nokså medtatt ut, for eg fekk ganske fort etter middagen beskjed om å reise til Villa Felizia og ta natta. 

Lørdag gjekk med til siste rydding før vinterstenging. Det som ikkje er sett inn i huset, det skal ein ikkje vere redd for å miste ser det ut til. Ganske så fullt på det eine soverommet. Og sidan me ikkje er trygge for fantane som fer rundt og samlar slikt dei ikkje eig, får trillebåra plass på kjøkken og hagemøbler fyller opp i stove.

Brindisi som starta italiaeventyret vårt lokka på laurdag med cappucino på Bettys Caffe. Derifrå melde eg til Signe og Gaute om dei ville ta imot ein jærbu som gjest utpå ettermiddagen. Velkommen, var meldinga tilbake, og slett ikkje mindre då eg etter ei tid dukka opp på døra til eventyrhuset deira på Cda Cupa. Hadde ikkje vore der så lenge før tilbodet om overnatting kom. Nå trur eg ikkje eg lenger var spesielt trøytt etter medtatt, dei inviterte bare ganske enkelt til ein roleg og kjekk kveld i lag + sundagslunsj på Silvana. 
Eg har etter kvart skjønt at skal ein oppleve noko, må ein ta dei høve som byr seg. Sova i trullo har eg gjort før, men ein heil kveld og føremiddag i lag med husfolket har eg ikkje prøvd tidlegare. Flotte folk som har vore ute ei vinternatt før, sjølv om dei nå har slått seg ned i det me nordbuarar trur er bare sommarland. Eg har nok vore ganske fink før og til å løyse verdsproblem, men  blir ikkje mindre flink etter kvart.  Same kva det enn gjeld, me må snakke saman. Ikkje bare tru og meine om andre. Nei, heller møtas og utveksle tankar.
Lunsjen på Silvana var som forventa. Nydelig.
Mandagen gjekk med til aller siste inspeksjon av «godset», pakking og endå eit forsøk på å ta vare på oliven slik at dei kan eigne seg etter kvart som spiseoliven. Til sommaren skal dei vere klar til bruk etter det Cemente sa. Ligg i reint vatn tilsett salt i ei flaske full til topps og godt attskrudd kork. Ein tur til Ubaldo og Palma fekk eg tid til. 
Sjøvsagt måtte eg innom hos Pascalone og Meggi ein siste gong før avreise. Denne gongen slapp dei å halde av plass i gardsrommet til bilen vår. Meggi slapp å kjøre meg til flyplassen, eg skal jo kjøre sjølv i leigebilen NAF hjalp til med å skaffe. Stakkars Opelen står att heilt aleine i Bagnara Calabra. Ikkje for det, den er visst i beste hender. Når først gale skulle vera, var det godt at nettopp Officina Luppino var den som vart tilkalla med redningsbil. Ikkje alle stader ein finn kona til verksmeister som sjef i administrasjonen, og i tillegg snakka Monica somho heitte rett så godt engelsk. Alle mailar er svart på, og eg har fått tilsendt eit skanna dokument som viser kva sum som er betalt for at dei skal setje i gang arbeidet med reparasjon. I første omgang har det vore demontering av skadde deler, og det er ikkje lite. På bilete av bilen frå undersida ser det ut som girkassehus er skada, botnpanne er skada, radiator og vannpumpe er skada, feste av motor på eine sida er rive tvert av. Om understell elles er øydelagt veit eg endå ikkje, men det ser jo ikkje godt ut. Men bilen er for ny håpar eg til at dei vurderer å kondemnere. Det er mykje billegare i Italia med slikt, og prisane på arbeid er nok ikkje meir enn rundt ein tredjedel av her i Norge. Same kva, det blir forsikringsselskapet sitt opplegg å vurdere gangen i det heile. Går det som eg håpar, reiser eg til Brindisi før påske, leiger bil på flyplassen og tek ei natt i Villa Felizia. Dagen etter kjører eg btil Gioia Tauro for å levere leigebilenbilen og kanskje få Monica til å hente meg. Heil dags reise eine dagen frå Sola til Brindisi + heil dags bilkjøring neste dag frå Latiano til bagnarea Calabra løyser ut ei natt på hotell før retur heim til Cd Coltura. Då ligg det godt tilrette for hotellet i Falerno. 

I 6. etasje i ei bustadblokk held dei til. Det står rett nok 5 på knappen i heisen, men italienarane reknar etasjar på same vis som  dei gjer i England. Palma og Ubaldo bur heilt på toppen av blokka med flottutsikt mellom anna mot hamna i Brindisi.
Ein skal ikkje utelukke at kilen kan ha blitt plassert på Italia si  høgaste motorvegbru med føremål. Merkelig med den der bergingsbilen som så raskt kom til, og som forsvann straks politi kom til. Men det er og blir ei gåte. Det ville i tilfelle vere å skaffe seg arbeid «the hard way» med ganske så uvisst utfall for dei som måtte vera inni den bilen som på den måten vart fanga for fanga var eg. Syns ikkje eg kom heilt inn i lommen, og ville flytte bilen litt framover, men girstonga var låst og motoren daud.
Kunne mest sjå ut som  litt mishandla plast dette
Sabotasje var ikkje utenkjelig etter det Ubaldo sa.

Nokre gonger kjem ting litt hulter til bulter eller omanidom kan ein og seie. Dagane på Sicilia var fine. Etna slepp ikkje taket på meg, så dit kjem eg nok attende både på eine og ande måten. 



Kanskje i ein eigen blogg om litt, når Bagnara Calabra er meir utav blodet. Like sannsynleg pånuntyr i lag med «favoritthustuen» min som Gaute Birkeland brukar å seie. Ein liten Siciliaferie midt i Pugliaferien er slett ikkje  forakte.

2 kommentarer:

  1. Eg har verkeleg kost meg med blogginnlegget ditt! Eg tok óg "Vestfold" i sumar. Den har eg sigla med monge gongar i min ungsom,då eg budde i Moss! Eg køyrde frå Toscana til Sicilia, skulle feriere med eldstesonen og familien hans som kom frå Australia. Var i San Giorgio ei veke, før eg drog att til Toscana og seinare Noreg.

    SvarSlett
  2. Eg har verkeleg kost meg med blogginnlegget ditt! Eg tok óg "Vestfold" i sumar. Den har eg sigla med monge gongar i min ungsom,då eg budde i Moss! Eg køyrde frå Toscana til Sicilia, skulle feriere med eldstesonen og familien hans som kom frå Australia. Var i San Giorgio ei veke, før eg drog att til Toscana og seinare Noreg.

    SvarSlett