Etter fokus på STÅL MOT STÅL som idet minste gjekk veldig godt for han inni stålet, kan det vere på tide å dela litt av dei siste dagane før vinterstenging på Cda Coltura.
Eg er klar over at eg har juksa, men det er vel slikt som er lov for amatørar. Takplatene i bitumen måtte få si avslutning på kvar side. Det vart ei plastlist (det er denne kantinga eg syns er på kanten av juks) som dekker over kanten, slik at det i det minste i mine auge ser greitt ut. Augene til han som fiksa soltaket ser kanskje noko anna, men det får nå så vere.
P A N O R A M A B I L E T E A V C I S T E R N E R O M T A K E T
Det ser bra ut dette. Taket er jamnt, det er truleg tett. Fekk rette opp litt på takrenna og, for den hadde litt fall feil veg slik at det alltid stod att vatn i knekken og draup bittelitt vidare ned på det gamle bølgeplatetaket.Det var einkvan som fortalde at små mus som skulle ut på tur ikkje likar å gå på glasbrot. Eine mulige vegen for mus sett med menneskeauge inn i huset vårt, er nå forsynt med 2 stk ganske godt knuste flasker, for sikkerhets skuld med sitronsmak. Det kan i verste fall bli blodige både tær og tunger. Får satse på at musemor snur når ho ser elende, og at ho tek sine søte små med ein annan stad.
Skulle så vera at krypdyr finn vegen inn utan å påkalle Vigilanza eller andre former for nødhjelp etter skade på tunge og tær, så lever eg i trua på at desse murblokkene blir i tøffaste laget å forsere. Her er så og seie spuns tett mellom vegg og blokk, og ikkje om eg reknar med dei søte små skal vera i stand til å hoppa opp dryge 20 centimeter. Skulle dei klara det, ha ha så dett dei ned i eit av hola, og då klarar dei ikkje eingong ta sats.
Passande blokker fann eg ikkje fleire av, så her vart løysinga ei treplate. Nå er begge inngangane sikra med hinding i å kome vidare inn i huset. 40 centimeter høg plate, sjølv verdmeisteren i musehopping klarer vel ikkje kome eg over dette.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar