Translate

onsdag 11. november 2015

Tagna han heilt?


I møtet med dette landskapet er det mest som ord kjem til kort. Det er bare dei store linjene som gjeld her. Ufattelege krefter spelar seg ut. Ikkje bare i fortid. Her lever Etna sitt liv fullt ut. Siste utbrot var ikkje lenger tilbake enn 16.mai 2015. 


Stamkafeen min midt i sentrum av Catania. For nyfikne auge som mine, så er dette den perfekte staden for læskande dråpar eller smakfulle smular, her får ein både for munn og mage. For auget er stimulansen utømeleg,  eit yrande folkeliv, turistar, tiggarar, arbeidsfolk, alt som kan krypa og gå både på to og fire bein;  
Piazza del Duomo.
Trur helst opphavsdama til denne gatekunsten MÅ ha blitt inspirert av Picasso. Utstilling med hans kunst på Castello Ursino var nå tatt ned og skifta med ein annan av dei store, MARC CHAGALL.

Då kunsten av Picasso hang oppe, var det fritt fram for fotografering. Om det var det at Chagall sine bilete ikkje toler lyset frå blitz som var grunnen, veit eg lite om. Plakatane i gata og ved inngangen til det storslege slottet var det einaste eg våga meg til å fotografera. 
Turistar treng treng mat, og når ein plass som dette dukkar opp, reknar eg fort med at maten er like god som interiøret er fint. Det eg her fann ut, er at antipasti i Puglia må vere noko anna enn antipasti i Catania. Puglia går ut med siger og det er ikkje bare på grunn av at eg høyrer litt til der. Høyrer litt til der?  Korleis ber så det til? Ut frå tida eg dei siste tre åra har vore der nede, er eg rundt rekna 1/3 dels puglianar.


At fjell kan virke tiltrekkjande på nokon har eg vel aldri tidlegare skjønt, før nå. Besøket på Etna i april gav meirsmak, veldig sterk meirsmak faktisk. Så mykje at det vart ny tur ikkje meir enn eit halvår seinare. 










Eg kjører gjerne IVECO, anten det måtte vera som sjåfør i min eigen Iveco på veg mellom sør og nord eller det er som passasjer på veg opp mot 2700 meters høgd, så langt som bussane går opp mot toppen av Etna. Høgare opp må ein gå, men det fristar ikkje meg i tynne lufta. 3350 m.o.h ligg toppen, gul av svovel som kjem frå det indre av jorda. Siste utbrot hadde vulkanen 16. mai 2015, og det er faktisk bare to tre veker etter at eg var der i april.
Snowmobil både opp og ned sist i april. Buss opp denne gongen. Ned tok eg føtene fatt. Knasande svart lavastein, likevel lett å gå sidan det gjekk ganske bratt nedover.
Til månen kjem eg vel aldri. Då får det klare seg med landskapet her. Skulle eg har laga juksefilm frå La Luna,trur eg dette gråsvarte duvande nære på folketomme området ville gjort nytta.

Der det er turistar er det pengar. Salsbuer er fylt med rått og rote, 
men selje får dei nok elles hadde ikkje buene blitt ståande. Mat som både er rimeleg og velsmakande, skal ein vel ikkje rekne med å få tak i på stader som Rifugio Giovanni Sapienza. Overraskinga vart difor stor når dette stykket lasagne viste seg å vere rett så velsmakande. Langt over gjennomsnittet av det eg har fått av lasagne på ulike etestader opp gjennom åra.


Kattehimmelen ser slik ut:
Mat, mat på mange fat. 
Rotter og mus i gamle hus.
Aldri meir svolten å gå,
her er mat i mengder å få.




Taormina var prega av turisme i minst like stor grad som Alberobello eller Ostuni.  Vegar på kryss og tvers både inni og utanpå fjellet. Brattare bakkar enn Stiftelsesgata i Stavanger. Ingen plass for bilkjøring, men eg rota meg sjølvsagt inn i dei bratte gatene og fekk min dose bakkestarttrening. Heldigvis fann eg meg ein plass å parkere. Eg var helst redd for å bli så desorientert av alle bakkkane og krappe svingane, at eg måtte sørge for å ha noko å vise til dersom eg skulle kome heilt på villstrå. Trur det er første gong i all mi tid at eg så til dei grader har mista retningssansen.




Den vakre øya eller Isola Bella som den heiter på originalspråket. Hadde ikkje vore meg i mot å væte lekamen her.
Castello Federiciano ved Marina Roseto Capo Spulico
Då har eg kome  rundt. Det er mest som eit årsoppgjer alt i starten av november. Skal det bli meir blogging nå, må det bli som å tyggje gammal graut. Det ligg ikkje an til fleire turer til "det forjettede land" i år. Nå er det Momondo og SkyScanner som nokså hyppig vert besøkt.  Sjansen er nokså stor for at det blir avreise herifrå 1. eller 8. mars. Då blir det henting av bil i Bagnara Calabra. Reiser truleg frå Roma direkte ned til Reggio Calabria kor tog eller buss får frakte meg vidare dei rundt 4 mila til verkstaden der Opelen for tida står til reparasjon.
Lause gjenstandar på motorvegen ligg trygt for min del fram til i mars.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar