Det lugga litt, skreiv eg her i eit tidlegare
innlegg på bloggen. Meggi kjørte bilen frå der ho bur og opp til restauranten i Latiano og likte ikkje jobben bremsene gjorde. Full bremsesjekk på Opelen vart utført. Litt rust etter lagring sa dei som kontrollerte. I september vart bremsene gått heilt over, alt som trong skifte vart skifta, men kva hjelper vel
det når ein ikkje får tid til å trø på bremsa når ein så absolutt skulle ha
gjort det.
Eit flott opphald i San Giovanni La Punta
var over. 5 gode netter i Diana sitt anneks. Eg tok på «heimveg», men ikkje
tidlegare på morgonen enn klokka sju. Vertskapet måtte få høve til å opne og
lukke porten. Opplevinga av Messina vart noko annleis og meir fredelig enn sist
i april. Rett nok styrte Paula meg ut av kurs, men nå har eg såpass erfaring
med kjørekulturen her nede, at inn ei gate mot kjøreretning i «sensa unico» og
u-sving på 6 feltsveg, 3 filer kvar veg, det går greitt nok det om ein bare
viser tydelig kva ein vil. Eg rekna med å koma på heimsleg dekk over
Messinastredet,
Vestfold frå Horten, er jo litt merkelig når det norske namnet framleis gjeld og registreringshamna Horten står fastsveisa på skutesida. Til Sicilia kom eg på norsk dekk kan du sei, men tilbake att til fastlandet var det Tremestieri som gjorde jobben-
Mange mil på autostrada låg føre.
Utkvild og mett, klar for dyst kjørte eg på land i Villa San Giovanni. Aldri hadde vel eg høyrt om Bagnara Calabra eller Grand Hotel Victoria.
Godt i gang, 09:30 20.10.2015 smalt det rett i kilen
som låg midt i kjørebanen.
|
Her er kilen dregen til sides, den låg ganske så midt i kjørefeltet. |
Fart omtrent 100 km/t. Tørt, lyst og like utfor
tunnelopninga på høgaste vegbrua i heile Italia.
Klikk har så får du sjå korleis det er å kome frå tunnellen og ut i dagslyset. På 2:50 kjem du akkurat til brua der det sa stopp.
Opplysingar henta frå Wikipedia:
The Sfalassà Viaduct (also known as Bridge Bagnara) is a viaduct with Italian steel structure located near
Bagnara. The bridge is part of the A3 Salerno - Reggio Calabria to km 414 + 490. In December 2014 it appears to be the arch bridge portal pushing the world's highest, as well as the 3rd highest in Europe (after the Viaduct of Millau Viaduct and Italy) and the 20th highest in the world [1] [2] [3]. Designed by Silvano Zorzi in 1967 together with Sabatino Endeavour and Luciano Lonardo, the work is 893 meters long (742 m-151 m Sfalassà Vardaru I), high above the valley floor to the roadway 253.78 meters and has a central span steel with light of about 376 meters. The Sfalassà has also won three times during its construction (respectively in 1968, 1970 and 1972, still unbeaten record) [4] the "CECM European Award", the highest European recognition for the great works. Notes [edit | change wikitext]
Du kan sei det slik at tua var ikkje stor, men den velta lasset. Mangel på størrelse tok den igjen på styrke. Det gneistra ikkje det eg såg, men så var eg heldigvis ikkje under bilen. Derimot stod røyken tett ut og fram og til sides frå motorrommet. Nå får eg bruk for det brannsløkkingsapparatet som er påbode å ha i Giottilinen, tenkte eg, men som manglar i Opelen. Stoppa i ein lomme som var der midt ute på brua, opna panseret for å sjå.
Var budd på brann, men det var visst bare kjølevæske og oljedamp.
Redningsbil dukka opp i løpet av få minuttar. Men straks Policia
Stradale kom til, reiste dei to karane i redningsbilen. Lurer på om dei i
redningsbilen var å likne med vrakplyndrarane langs Jærkysten i gamle dagar. Masse papirsjekk ved samvitsfulle politimenn.
Væpna var dei, men dei hadde ein laus og ledig tone medan det eine dokumentet
etter det andre vart grundig sjekka. Stoccafisso vart nemnt, det var vel
kanskje det som var mest kjent med sjåføren sitt heimland.
Ein dryg time seinare kom redningsbil
nummer 2. Domenico eller Mimmo i ein Iveco lik bubilen, men med plan i staden
for bupåbygg. Ryddig og reint i førarhuset, ryddigare enn i bubilen. Polizia Stradale ringde etter bergingsbil. Opelen vart kjørt til verkstaden Officino Luppino i Bagnara Calabra. Like ryddig og ordentlig der.
Ny venting,
og rundt klokka 13 vart eg skyssa til Hotel Grande Victoria av Monica, kona til
Mimmo og ansvarleg for kontoret på verkstaden.. Fekk rom i 3. etasje, rom 203,
veranda og utsikt mot havet. Bare strandpromenade og gate mellom hotell og sjø.
|
Sesongen er slutt, bare ein attgøymd strandstol fortel om sommar og badeliv |
Litt varmare og ein annan grunn for opphaldet, så hadde det vore Syden +
Ei natt i Bagnara Calabra klarte seg. Like
uavklart med omsyn til tid reparasjon av bilen på dag nummer to. Det vart til at
eg via NAF fekk skaffa meg leigebil. Bil i slekta kan du seie, ein Opel Astra
stasjonsvogn cdti.
Veldig kjekk bil å kjøre. Klokka vart 18:10 før eg var hos
AVIS i Cannava, eit industriområde i nærleiken av Gioia Tauro. Monica hadde då
gitt bånn gass både på motorvegen og vegen opp frå Bagnara Calabra til A3. Ho
kjørte stødig, men ikkje om eg hadde våga slik fart. 100 er nokså passelig i
Corsaen. Toyotaen for av garde merkbart
fortare enn 100.
Planen min var å reise heilt fram til
Latiano i løpet av kvelden og natta, men eg er glad eg stoppa undervegs. Ver
her i det sørlige av Italia kjem i store dosar. Mykje sol og varme og når det
først kjem regn, så ausar det ned i mengder som ikkje er behagelige kjøre i. I Falerna vart det stopp på Hotel
San Giovanni. Absolutt lurt, for ein blir trøytt av bare å svive rundt og vente
slik eg hadde gjort størsteparten av onsdagen. Ikkje er eg særleg god venn med
Paula heller, ho som bur inni den vesle boksen dei kallar GPS. Eg er rett som
det er uenig, som når ho vil ha meg til å kjøre mot kjøreretning i
einvegskjørte gater. Har skjedd meir enn ein gong. Før eg tok stoppen for natta, ville ho ha meg vekk frå autostradaen. Om ho har avtalar med nokon som sender
melding om stengde vegar lenger framme veit eg ikkje, men det kan sjå ut som ho
har kontaktar eg ikkje veit noko om.
Etter ei kort natt på eit greitt nok hotell, tok eg av garde att ganske
så tidleg, før 6. Regnet hadde
roa seg, vegen var nokså fredelig på den tida av døgeret. Bilen trilla lett,
sjåføren var utkvilt, stort sett bare velstand.
Frå Falerno til Latiano er det ikkje så mange
mil, men det tek nå nokre timar å leggje dei bak seg. God middag på Taverna di
Pascalone på kvelden.
Eg må ha sett nokså medtatt ut, for eg fekk ganske fort
etter middagen beskjed om å reise til Villa Felizia og ta natta.
Lørdag gjekk
med til siste rydding før vinterstenging. Det som ikkje er sett inn i huset,
det skal ein ikkje vere redd for å miste ser det ut til. Ganske så fullt på det
eine soverommet. Og sidan me ikkje er trygge for fantane som fer rundt og
samlar slikt dei ikkje eig, får trillebåra plass på kjøkken og hagemøbler fyller
opp i stove.
Brindisi som starta italiaeventyret vårt
lokka på laurdag med cappucino på Bettys Caffe. Derifrå melde eg til Signe og
Gaute om dei ville ta imot ein jærbu som gjest utpå ettermiddagen. Velkommen, var meldinga tilbake, og slett ikkje mindre då eg etter ei tid dukka opp på
døra til eventyrhuset deira på Cda Cupa. Hadde ikkje vore der så lenge før
tilbodet om overnatting kom. Nå trur eg ikkje eg lenger var spesielt trøytt
etter medtatt, dei inviterte bare ganske enkelt til ein roleg og kjekk kveld i
lag + sundagslunsj på Silvana.
Eg har etter kvart skjønt at skal ein oppleve
noko, må ein ta dei høve som byr seg. Sova i trullo har eg gjort før, men ein
heil kveld og føremiddag i lag med husfolket har eg ikkje prøvd tidlegare. Flotte
folk som har vore ute ei vinternatt før, sjølv om dei nå har slått seg ned i
det me nordbuarar trur er bare sommarland. Eg har nok vore ganske fink før og
til å løyse verdsproblem, men blir ikkje
mindre flink etter kvart. Same kva det
enn gjeld, me må snakke saman. Ikkje bare tru og meine om andre. Nei, heller
møtas og utveksle tankar.
Lunsjen på Silvana var som forventa.
Nydelig.
Mandagen gjekk med til aller siste inspeksjon av
«godset», pakking og endå eit forsøk på å ta vare på oliven slik at dei kan
eigne seg etter kvart som spiseoliven. Til sommaren skal dei vere klar til bruk
etter det Cemente sa. Ligg i reint vatn tilsett salt i ei flaske full til topps og godt attskrudd kork. Ein tur til Ubaldo og Palma fekk eg tid til.
Sjøvsagt måtte eg innom hos Pascalone og
Meggi ein siste gong før avreise. Denne gongen slapp dei å halde av plass i
gardsrommet til bilen vår. Meggi slapp å kjøre meg til flyplassen, eg skal jo
kjøre sjølv i leigebilen NAF hjalp til med å skaffe. Stakkars Opelen står att
heilt aleine i Bagnara Calabra. Ikkje for det, den er visst i beste hender. Når
først gale skulle vera, var det godt at nettopp Officina Luppino var den som vart
tilkalla med redningsbil. Ikkje alle stader ein finn kona til verksmeister som
sjef i administrasjonen, og i tillegg snakka Monica somho heitte rett så godt engelsk. Alle
mailar er svart på, og eg har fått tilsendt eit skanna dokument som viser kva
sum som er betalt for at dei skal setje i gang arbeidet med reparasjon. I
første omgang har det vore demontering av skadde deler, og det er ikkje lite. På
bilete av bilen frå undersida ser det ut som girkassehus er skada, botnpanne er
skada, radiator og vannpumpe er skada, feste av motor på eine sida er rive tvert av. Om understell elles er øydelagt veit eg endå ikkje, men det ser jo ikkje godt
ut. Men bilen er for ny håpar eg til at dei vurderer å kondemnere. Det er mykje
billegare i Italia med slikt, og prisane på arbeid er nok ikkje meir enn rundt ein
tredjedel av her i Norge. Same kva, det blir forsikringsselskapet sitt opplegg å
vurdere gangen i det heile. Går det som eg håpar, reiser eg til Brindisi før
påske, leiger bil på flyplassen og tek ei natt i Villa Felizia. Dagen etter kjører eg btil Gioia Tauro for å levere leigebilenbilen
og kanskje få Monica til å hente meg. Heil dags reise eine dagen frå Sola til Brindisi + heil dags
bilkjøring neste dag frå Latiano til bagnarea Calabra løyser ut ei natt på hotell før retur heim til Cd Coltura. Då
ligg det godt tilrette for hotellet i Falerno.
I 6. etasje i ei bustadblokk held dei til. Det står rett nok 5 på knappen i heisen, men italienarane reknar
etasjar på same vis som dei gjer i England. Palma og Ubaldo bur heilt på toppen av blokka med flottutsikt mellom anna mot hamna i Brindisi.
Ein skal ikkje utelukke at kilen kan ha
blitt plassert på Italia si høgaste
motorvegbru med føremål. Merkelig med den der bergingsbilen som så raskt kom
til, og som forsvann straks politi kom til. Men det er og blir ei gåte. Det
ville i tilfelle vere å skaffe seg arbeid «the hard way» med ganske så uvisst
utfall for dei som måtte vera inni den bilen som på den måten vart fanga for fanga var eg. Syns ikkje eg kom heilt inn i lommen, og ville flytte bilen litt framover, men girstonga var låst og motoren daud.
|
Kunne mest sjå ut som litt mishandla plast dette |
Sabotasje var ikkje utenkjelig etter det Ubaldo sa.
Nokre gonger kjem ting litt hulter til
bulter eller omanidom kan ein og seie. Dagane på Sicilia var fine. Etna slepp
ikkje taket på meg, så dit kjem eg nok attende både på eine og ande måten.
Kanskje i ein eigen blogg om litt, når Bagnara Calabra er meir utav blodet. Like sannsynleg pånuntyr i lag med «favoritthustuen» min som Gaute Birkeland brukar
å seie. Ein liten Siciliaferie midt i Pugliaferien er slett ikkje forakte.