Translate

lørdag 22. september 2012

Råka av ein draum?

Hei godtfolk!

Dette er ikkje ein blogg som skal handle om Sofie og Livar, men sidan dei har slik ei sentral rolle i vårt HUS I PUGLIA-prosjekt, kan ein vanskelig kome unna. 
Historia tok til for rett mange år sidan, ja det går faktisk heilt tilbake til 1997. EU/EØS hadde midlar til internasjonaliseringsarbeid mellom skular i medlemslanda og etter knallhard innsats fekk me vesle julaftan 1997 napp hos kollegaer på Scuola Media Statale Dante Aligheri via Pontina  i Brindisi,  det vil seie heilt sør på hælen av Italia. I februar 1998 vart det besøk dit saman med kollega Palle og eit par kollegaer frå Trier College  i Oss Nederland.

Eg vart ganske så fort forgapt i landet. Då eg kom heim klarte eg å overføre begeistringa mi til Anne Marie, og her sit me nær 15 år etter og har realisert draumen. Trullo var nok det som i utganspunktet såg mest attraktivt ut. Det er og den typen hus me har prøvd mest på besøk i Italia når me har reist saman. Like utfor Ceglie Messapica leigde me ein trullo i samband med feiring av sølvbryllupsdagen vår 16. juli  2008.  I fjor haust hadde me haustferie i Puglia saman med son vår Tor Sveinung og følgje. Då leigde me ein trullo like ved Villa Castelli. Søkjer du på Alberobello finn du turistvarianten av ein trulli-by.

Sommaren 2012 vart reisa vår planlagt til Seiser Alm i Dolomittane. Me ville forflytte oss i vårt første italienske hus, Giottiline fundamentert på 4 hjul. Ei dryg veke i dei italienske Alpane ville vera fint tenkte me både Anne Marie og eg.  Men så i starten av juni tok det heile ei anna vending. I fleire år har Anne Marie tråla nettsider med hus til sals i Puglia. Monteciminiello dukka opp som eit godt alternativ. Fint hus med alt det me tenkte skulle vera med. Der var oliventre, ganske så mange. Der var eigen brønn og stor cisterne under huset, vassmangel heilt ukjent.  Al forno di legne, vedfyrt steinomn til pizza, brød og langtidssteiking av kjøt var der og. Men korleis skulle me eventuelt finne ut meir om staden. Der kom Sofie og Livar brått inn i biletet med breie penslar.  Det tok vel sånn omtrent ein dag frå spørsmålet om dei kunne ta ein kikk på staden, til det kom svar saman med ein nærast digiTallaus haug med bilete.  Dei var begeistra og me let oss begeistra.

Måtte me rett og slett leggje om ferieplanane våre?

                
  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar