Translate

lørdag 22. september 2012

Vår første kjærlighet?

Dette med dato blir fort feil når ein balar med blogg slik i ettertid.                                                      Innlegget her  vart skrive første utkast til onsdag 18. juli 2012


Jau sjølvsagt måtte dette sjåast med eigne auge.  Monteciminiello, vår første italienske huskjærleik, ferieplanane måtte endras.
Seiser Alm fekk melding om at besøket der ville bli avkorta. Geografisk låg det fint til, ingen omveg i det heile. Ligg faktisk langs den vegen me uansett ville ha kjørt om me skulle sørover heilt til Puglia. 300 kjøremil er vel ikkje noko når ein har ærend. Vårt ærend var å ta Monteciminiello i augesyn.
Utpå dagen laurdag 14. juli kjørte me så og seie rett på Cda Sacramento der Sofie og Livar held hus dei delane av året når dei ikkje et Hillevågssjeva.  Vertsskapet, ja for vertskap vart dei sjølv om me heldt oss sjølv med både seng og bad, slo frampå om at me utpå dagen sundag kunne ta turen ned til Villa Monteciminiello litt sør for Francavilla Fontana.  Me var vel trøytte rekna dei med, men der tok dei feil.
Då tek me det slik eg skreiv i sommar medan dette stod på:

18.07.2012 Det er onsdag kveld. Endå ein dag rik på opplevingar, men frå nå av er det omtrent bare ferie og heimreise. Me har hatt nokre intense dagar sidan me drog frå Silvi. Kom fram til Contrada Sacramento lørdag ettermiddag. Etter kort pause med litt forfriskingar kom spørsmålet: De vil vel vente til i morgon før me dreg til Monteciminiello? Slett ikkje. Einaste grunnen til at me endra planar frå ei veke i Seiser Alm + 2 veker på loffen opp gjennom Tyskland var jo nettopp Monteciminiello. "Me vil sjå det nå, straks", var svaret frå to kjøretrøytte grønlendingar. Over i meir passande kjøredoning for italienske gater og vegar og halvitaliensk sjåfør og etter ein dryg halv time stoppa me framfor staden me hadde tapt våre hjarte til. 

Valentino opna porten og vinka oss inn. Gina kom og raskt til i badekåpa, nydusja i litt av alle dei 60000 litrane med vatn som cisternen kunne ta vare på. Huset var slik me hadde sett frå bileta. I god stand, lite eller ingenting såg ut til å vera nødvendig å gjera før me evt kunne flytte inn. Tomta elles bar preg av folk som jobba med jorda, ingenting å setje fingeren på der heller. Litt rot slikt som samlar seg opp hos mange var der, men inntrykket var overmåte koselege husfolk. Bileta frå nettsida til Rosanna laug ikkje, Heller ikkje Livar sine mange bilete. Einaste var det som ikkje var teke bilete av. På nabotomta veldig tett inntil huset «vårt» var er ein bunkersliknande trullo malt i skrekkgult. Har aldri sett noko likande, fælsleg såg det ut. Bak trulloen var det er ei samling liknande med det miniknoksen har. Gammalt  jernskrot i heller store mengder, alt i same rustbrune farge. Kunne ikkje gå lenge før ein måtte få opp ei eller anna skjerming mot denne tilsynelatande fråflytta eigedommen. Valentino fant ei glasflaske og bad meg med inn i eit lagerrom på baksida av huset der nokre av dei 400 litrane olivenolje var oppbevart. Han fylte flaska til topps og det er det me har att av huskjøpet sør for Francavilla Fontana. Etter visninga kjørte Livar oss inn til   Ceglie der me hadde eit herlig måltid pugliansk mat. Alltid godt. Liten restaurant , Osteria Pugliese nær ved ein open plass der me har vore før og ete pizza, då saman med Reidar og Sissel og Arnt Håvard og Anne Irene.
Litt av eit styr forresten å få parkert vårt første italienske hus. Eg trur ikkje det var mykje meir enn 10 centimeter klaring på begge sider mot portstolpane inn på plassen me skulle få låne medan me var i Ceglie. Riksing fram og tilbake lett på gassfoten og med hjartet i halsen så kom eg meg inn. Eminent direksjon frå eks bussjåfør, bubilsjåfør og bankmann var til umåteleg stor hjelp. Faktisk var det ein fin plass å stå med bilen. Skugge frå store tre gav levelige tilhøve innandørs der me mest ikkje var anna enn når me skulle sova. Ein nokså forfallen trullo, men ikkje verre at eg har trua på at eg skulle fått til å setje den i stand.
Då me skulle ut att vart løysinga vinkelslipar og skøyteleidning på skøyteleidning på skøyteleidning.
Har du ork kan du ta ein kikke på video av utlegging av straum. Kor mange kontaktar måtte til?

I løpet av søndagen kom både Anne Marie og eg til at Monteciminielleo måtte me bare seie farvel til. Naboskap og lite tillitsskapande arbeid frå meglar si side var det som avgjorde.
Måndag hadde me avtale med Guido, ein venn av Sofie og Livar som driv som meglar og i tillegg jobbar som ingeniør og tek på seg ulike småjobbar på hus. Han hadde fleire hus i vårt prisområde som han ville syne oss. Fyrst bar det til Villa Amore der svært så hyggelige husfolk venta på oss. Fin plass, kunne godt samanliknast med standarden på Monteciminiello, men ikkje så ugly naboskap. Så eit par restaureringsobjekt før me kom til rosina i pølsa. 

Villa Giulia såg enkelt nok ut frå utsida. Me kom direkte inn i eit kjøkken som hadde det ein treng av skapplass og benkeplass for matlaging. Vidare inn i eit soverom stort nok for dobbelseng og derifrå dør direkte inn til det minste baderommet. For eit syn, det var veldig enkelt og veldig delikat. Stor dusjnisje, toalett og vask.



 Dette vil eg ha, tenkte eg med ein gong.

Tilbake til kjøkken og inn i stova. Dobbel dør ut til terrasse og dør inn til stort soverom med to enkeltsenger plasser midt i rommet. Også frå dette rommet var det dobbel dør ut til terrassen. Vidare dør inn til det største badet med både stort badekar, dusjnisje, toalett og vask. Same lekre utføring her. Her vil både husfolk og gjester kunna trivast. Guido hadde endå ein avtale og sidan me ikkje kunne sleppe Villa Giulia så fort, vart me nok litt seine på siste staden. Ikkje for det, me hadde ikkje trong for fleire stader for nå hadde me begge fått los. Villa Giulia hadde det me vil ha. Huset var oppussa i løpet av dei siste par åra. Isolert og med doble vindauge som ikkje er vanleg her. Artesian well (brønnboring),  stor cisterne og drikkevatn rett frå kranen. Dobbel septisk tank etter dei krava som gjeld i dag, dvs «up to date» metode for å bli kvitt det det kommunale kloakksystemet tek seg av heime.   Tomt på omkring 8 mål tilplanta med oliventre på mesteparten. Ein del nyplantingar var der og av ulike frukttre. Bakaromn, utegrill, stort og djupt basseng, koseleg frukostplass like utfor inngangsdøra, stort oliventre med skugge under der ein kan innta både måltid og horisontalen.


Då vart det direkte heim til Guido for å gjere unna dei formelle sakene som kunne ordnast då. Bud vart førebudd, både på oppgitt salssum og eit litt lågare som me vil prøve først.
Høne med diverse grønsaker vart servert. Alt umerkande tillaga av Angela medan Guido og Daniela var opptatt med huskjøpande jærbuar. 

Me gjekk ikkje svoltne derifrå kan ein sei. Tilbake til Contrada Sacramento vart Oddny i banken oppringt via Skype. Kunne ho ta seg av hurtigtransaksjon av pengar frå dei halvgale huskjøparane til eigedomsmeklaren slik at "preliminari offerta" kunne bli offisielt? Nå er pengane inne hos Guido og me kjører linja ut. Om engelskmennene Julie Karen og Nicholas Andrew aksepterer vårt bod, så tek det endå ei tid før me eig plassen, men den er nå vår når dei evt aksepterer. Skulle dei angre seg og trekkje seg frå handelen, må dei betale oss det doble av det me så langt har lagt inn. Avslår dei våre bod får me pengane tilbake. Livar går god for Guido, så der skal ein ikkje vere uroleg skjønar eg. Elles vil eg vel sei at det heile ikkje er så vanskeleg, det er bare så heilt annleis enn heime.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar