Translate

søndag 7. november 2021

Skal me skallsikra huset

Så nærmar det seg att. Tur til Villa Felizia. I planane mine er der bare heil sol, alle dagar. I røynda må eg nok rekna med meir enn ein dag med regn. Måndag 15. fer eg frå Sola klokka 06:00 og 14:30 landar eg i sola på Aeroporto Brindisi. Meggie plukkar meg opp og kjører meg heim til seg, der eg kan plukke opp den skamferte Roomsteren. Den kjører greitt, men har fått seg nokre skjønnhetsplettar. 

Så går turen vidare til Villa Felizia der teknikar frå VigilNova skal koma klokka 15:00 og gjera ei lita ombygging av alarmen slik st den kan vera aktivert om natta når me er i huset. Då alarmen i si tid vart installert, såg eg ikkje for meg at nokon ville ta seg inn gjennom låste dører medan me låg inne og sov. Like greitt at me ikje vakna trur eg. Trur ikkje akkurat dei ville tatt oss som gissel, men ein konfrontasjon kunne det jo fort ha blitt. På spørsmål frå teknikar i si tid svara eg nei til muligheten av skallalarm, men av skade blir man klok, dog ikke rik som oldefar A.P. Heskestad sa. 

Skallalarm skal det bli. Då vil ikkje "ladri" kunne kome seg inn utan å løyse ut armen og vekkje vertskapet.


På tross av denne på nattbordet + nødknapp til VigilNova finn eg kanskje ikkje heilt roen, men det er gjerne litt lettare å slappe av.

Om eg får sova eller ikkje første natta, er meir enn eg veit. Støttekontakten min som tilfeldigvis også er min ektemake meiner eg bør gje det meir enn ei natt. I mitt hovud tenkte eg å stikke heimeover med bil sånn omtrent klokka 2 første natta om sveven ikkje kjem og tek meg. 

Utanom rikeleg doser med sollys har eg ikkje så mange andre planar der i sørens land som Are Kalvø seier. Det vil seie, litt fiks på bilen må eg prøve å ordne. Først og fremst er det dørlås og tenningslås. Bilalarmen er nok gone, men å parkere bilen utfor huset vårt vel vitande om at eine nøkkelen er på videvanke, det kjennest som eit sjansespel. Sjansen lyt ein nok ta, ikkje så mange alternativ. Kan kjøre den så langt ned på tomta at den ikkje syner frå vegen. Har ein del metrar å gå på, men det er heilt avhengig av kor mykje væte der er under oliventrea.  Skulle eg gjere feil vurdering, vil nok alltid Giulio kunne dra meg opp att med traktor, men eg trur eg prøver å unngå det.

Ein fascinasjon for Etna har eg skaffa meg etter ein del besøk til Sicilia.  Tenkte ein liten tur ned dit også i løpet av dette opphaldet i Sør-Italia. 

På San Demetrio har eg budd fleire gonger. Enkel standard, men heilt ok. Ein av fordelene er at ein her bur midt i ei hovudgate og bilen kan ein parkere i portrommet.
Bronte ligg litt vest av Etna. Mindre forhold og enklare standard på overnatting. F.eks ikkje eige toalett på rommet. Måtte nok hatt med meg ei bøtte. Kan ikkje springe på do på gangen fleire gonger pr natt.

Nå har eg først bestilt for så å avbestille. Er nok litt vinglete vil mange seie. Kanje eg er for god lyttar. Eit kvart krumspring i mine eigne kjensler blir lytta til, men så svingar det, til dels ganske fort og. Då kan det vera vanskelig å henge med sjølv for meg som huser desse skiftande kjenslene.
Får sjå det an til eg er der nede. Får heller finne meg noko i Catania og Bronte om turen dit blir noko av.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar