Translate

onsdag 17. november 2021

Fikserunde i Puglia

Flyturen til Amsterdam starta frå Sola klokka 06:00. Då me kom opp over skylaget, var det ikkje lenge før me såg teikn til dag. Lufta var fin, nesten ikkje noko uro eller turbulens. God tid på Schiphol til å finne gate for Roma, sjølv om den låg omtrent så langt som mulig frå gaten der flyet frå Sola parkerte. Kunne kanskje vore godt å få skyss til neste plass, men ein får vere glad til at ein i det minste er førlig i beina. Korleis det ligg an med det på toppen får andre bedømme.

Vel nedpå kom det ein av desse skyssbilane med ei eldre dame, vel over 80 trur eg. Ho var dårlig til beins, men forsikra dama som kjørte skyssbilen at ho ville klare å kome seg gjenom tuben og inn på flyet på eigahand. Eg såg jo det at så enkelt var det nå ikkje. Liten trillekoffert vart ganske så stor når dama skulle manøvrere den. Eg baud meg til å hjelpe, og det var ho takknemlig for. Ho budde i Roma, men kom frå Abruzzo. Hadde hus der. Roma var ikkje til å halde ut om sommaren meinte ho.

Vel framme i Brindisi bar det rett til Villa Felizia. Teknikar frå VigilNova skulle omkonfigurere alarmen slik at det frå nå av er mulig med to modus, skallalarm og full alarm. Det eine når me er her, det andre når huset er tomt. Blir nok ein og annan feilalarm av det, men begynnarvanskar har dei vel i Italia og.

Medan teknikaren var her trilla det endå ein bil inn oppkjøringa. Det viste seg å vera Giulio og Giulia. Dei hadde hausta oliven på sundag og vore til San Michele for å få dei pressa. Då dei kom innom, kom dei rett frå presseriet i San Michele. Så fersk olje har me nå visst aldri før fått. Veit ikkje heilt korleis olivenolje blir klassifisert, men Giulio gliste frå øyre til øyre då han fortalde at olja heldt veldig høg kvalitet. Nesten som han har fått ei viss eigarkjensle for oliventrea våre. Einaste problemet er at eg vanskelig kan transportere olja sjølv som registrert bagasje. Veit ikkje om anna enn bil som kan ta den . Då blir det nok Skodaen som må arbeide seg oppover mot Brennerpasset for så å trille gjennom Tyskland og Danmark til Hirthals med oljelast på ryggen.  


Trompeten som Clemente planta gav lite blomar dette året, men den måtte kave med lite vatn heilt fram til juni. Vårmånadane var heilt tørre. Blir nok meir blomar eit anna år.
Det gror fort når det er ugras som gror. På bare ein månad har det gått frå tørt vissent og brunt, nesten svart der det var svidd i sola. Nå er det frisk grønt både på marka ved sida av vegen og også på vegen. Å svi ugras med gass er eg god til, men det varer nok ikkje så lenge som når ein brukar ugrasmiddel. Men har ein pyromane tendensar som eg, slår ein to fluer i ein smekk. Å leke med elden er moro, sjølv for meg på 66. Å sjå det umiddelbare resultatet er moro det og.
Nedover i olivenhagen gror det og. 
Nei, det er ikkje vår bil som står der omregistrert og omlakkert. Men då eg oppdaga den, hadde eg mest lyst å gå borttil og sjekke om gummimattene frå vår bil hadde hamna i denne. Bruk nå vet, seier eg til meg sjølv. Det er bare ein og annan banditt her i området, men dei gjer jo ein del av seg. Me har jo slike typar heime og. Ikkkje lenge sidan eg las om ei jente som hadde hatt ein gjest midt på natta som stod i døra til soverommet hennar og bare kikka.

Med bilen vår synte det seg når eg skulle kjøre frå Pascalone og Meggie i mørket, med henne etter, at bilen vår var heilt svart bak, ikkje bare karosseriet som jo er svartlakkert, også lyktene var heilt døde. Heldigvis er det mulig å slå på tåkelys, sjølv om ein då samstundes slår  på tåkelysa framme. I Norge er ikkje det lov, kva det er i Italia anar eg ikkje. Reknar med det skulle gå å forklare grunnen til lysproblema. Det er då betre å bli oppdaga bakfrå med tåkelys når ein er ute og kjører på kvelden. 

AutoPro i San Michele har eg vore kunde hos sidan 2013. Dei har fått seg nytt bygg, så Antonio som eg trur er den som har starta firmaet jobbat endå der. Nå som kundemottakar og ryddegutt. Han kan kun italiensk og som dei fleste veit kan eg svært lite på det området. Me klarer likevel å kommunisere. Han forstod at "ladri robare macchina una mese" e retorno la macchina" gav han litt jobb. Han såg over lyset både framme og bak. I tillegg skrudde han fast plata i dashbordet som tjuvane hadde skore ut. Det manglar alarm i bilen, elles er den tilbake til normalen. Ikkje heilt ship shape, men tenlig til vårt bruk. Tjuvane fjerna sentraleining av alarmen, eg trur ikkje det blir montert inn ny alarm. Blir den stolen nå får me finne ei løysning når den tid kjem. Litt skjønnhetsplettar er der, men på ein 12 år gammal bil som skal gjere teneste som campagnabil, må ein vel godta ein og anna småbulk og ei og anna stripe i lakken. 
Medan Antonio sine folk fiksa bilen, fiksa eg cappucino og eit lite horn med vaniljekrem. Aksptable prisar på slik spise vil eg sei, 2 Euro 30 Cent. 
Reklame for mitt firma på servietten skjemmer heller ikkje ut.
På torget i San Michele Salento hadde denne benken kome til.
Bodskapen er: 
Likeverd, respekt, inkludering. 
Klarte ikkje bestemma meg, men desse skoa passa meg å sjå til. Kanskje litt mimring til fotformsko slik eg hugsar dei frå 60 -70 talet.
Det er endå mulig at skoa får bli med nordover ein av dagane om ikkje så lenge.
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar