Translate

tirsdag 9. november 2021

Ver i vente.

Av erfaring veit eg jo at på desse tider er det ikkje lenger sommarvarme i Puglia. Men rundt 10 grader meir enn me har her på Jæren er slett ikkje dumt det heller. Regn fins og der sør, men i løpet av tre veker reknar eg med eg vil kunne bli eksponert for litt sol og. Slikke sol som om sommaren er utelukka, men når bare den er framme, er der framleis noko varme i strålene.
Utfra velinformerte kjelder har det fram til nå vore ganske så sommarsleg, iallefall innimellom. Nå trur eg det er slutt, det har gått over til haust.


Elles fell brikkene på plas meir eller mindre når det gjel bilbrukstjuveriet. Bilen kom jo tilbake, rettnok utan nøkkel, men tilbake kom den. Står nå bak høge murar, låst port og kamera som overvåkar gradsrommet hos Pascalone og Meggie.
Eg har lurt og lurt, vrid hovudet nesten ut av ledd. Kvifor skar "ladri" av nesten heile panelet heilt til venstre på dashbordet. . Eg har trudd det kom seg av plassering av hovudeining alarm. Snakka i dag med ein på Bilradiospesialisten Sandnes, dei som i si tid monterte alarmen. Jau, eg har visst tenkt rett. Det er der me vanligvis monterer hovudeining for alarm, sa han eg snakka med. 

Men kvifor dei kom tilbake med bilen, sjå det er eit spørsmål me truleg aldri vil få svar på.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar