Translate

søndag 28. november 2021

Det enkleste er pistol

Vel passert gjennom den generelle kriminalitetsforebyggande kontroller til det tyske grensepolitiet, måtte det vel vera nok dramatikk for denne gong. Men nei.

Like sør for Fulda måtte eg tanke opp Roomsteren. Den er ikkje så tørst at det gjer noko, men luft og kjærlighet aleine driv den ikkje framover. Og framover tenkte eg meg. Ein tur på stadsbiblioteket i Lübeck kunne passe tenkte eg.  Det har gått ei tid sidan, men midt på 1600 talet reiste ein av forfedrene mine frå nettopp Lübeck opp til Trondheim. Bernhardus hadde fått seg jobb, og tok med seg kona Alida von Bolten og reiste. Ingen motorvegar, fly eller jernbane på den tida. Det må ha vore ei skikkeleg strevsam reise. Kankskje biblioteket i Lübeck kunne ha opplysningar om dei eller i det minste ha opplysningar om samtide dei levde i.

Men trur du ikkje Roomsteren tok å tulle med meg. Tok den hemn mon tru? Midt der det var vegarbeid var to av kjørefelta stengt, kun høgre feltet var ope for trafikk. Heldigvis bare kjegler som skilde det opne feltet frå dei to som stengt. Eg fekk lurt meg inn til venstre mellom kjeglene, og der døde Roomsteren ein effektiv og hjartelaus død. I det  som var ope susa bilane i ein jamn tett straum, einaste som kunne verre vore for min del, var at bilen hadde laga kork for alle dei andre travle sjåførane og det hadde vorte ei endelaus rekke av bilar sørover som ikkje slapp forbi.

Inne i vegarbeidsområdet vart jo bilen ståande skikkeleg i vegen for dei som arbeidde med alfaltering av vegen. 4 blide asfaltarbeidar erstatta dieseldriven motorkraft. Kunne kome langt med den hjelpa, men det hadde kanskje tatt litt mykje tid om dei skulle hjelpt meg heilt til Lübeck.

Så var det tid for å kikke på kvittering for siste drivstoff-fylling. Eg hadde reagert på prisen, men ut frå det eg oppfatta på pumpa var det diesel av det slaget som skal hjelpe motoren å halde seg rein og i tillegg skal vere drygare enn normal diesel.

Det er jo bensin sa den eine av vegarbeidarane. Må jo innnrømme at det høyrdest ikkje usannsynlig ut med tanke på symtom. Det er då NAF er gode å ha, i det minste for slike som meg som fer Europa rundt med hovudet under armen.  NAF sin app, som eg sjølvsagt har installert på mobilen, fortel operatør i Oslo heilt nøyaktig posisjon på kjøretøy.  Også alle data om medlem, og medlem er eg jo heilt sjølvsagt, erfaringslæring kallas det vel. Skal nå litt til å gløyme eigne persondata, men der i appen ligg det fiks ferdig for bruk i naudsituasjonar. Ein liten time etterpå kom det ein gul liten redningsbil frå tyske ADAC. Den inntok posisjon framfor Roomsteren og gjorde klar for redningsoperasjon.



Her skal det ikkje takast meir risiko enn heilt nødvendig. Alle fire hjula vart stroppa med jekkestropp.
Slepekroken som låg saman med verktøy i reservehjulsbrønnen bak, fekk gjere nytte for seg for første gong sidan bilen var ny i 2009.

Det bar ut att på vegen i ein dobbeltkabiner delt mellom framme og bak av gjennomsiktig plast, omtrent den kvaliteten vindauga i fortelt er laga av. Dei som produserer slikt, har fått eit nytt og uventa marked etter at koronaen slo til.
At sidesynet har noko å seie, vart eg minna om på kjøreturen inn til Kassel. Skarpsyn og sidesyn er ikkje det same. Der eg sat bak i dobbeltkabineren vart eg ein augneblink var eit eller anna tett på bak. Kva det var, oppfatta eg ikkje.  Ikkje grense heller for kor tett på bilen la seg, men då eg vreid hovudet litt, såg eg kva det var. Det var jo Roomsteren som kjørte så ille tett opp i baken på redningsbilen.
Scheller tok imot. Midt i ein travel ettermiddag lova dei å sjå på bilen. Eg fekk tilbod om erstatningsbil, men då eg sa eg skulle vidare til Norge skjønte dei at det var Roomsteren som var mest aktuell for den turen. Verkstaden stengte klokka 17, og då kunne kundemottakar informere om at bilen var nesten klar, bare litt til som måtte gjerast neste dag. Slik vart det overnatting i Altes Casino, Fulda i staden for ein eller stad i Lübeck.
Før det var klart om motoren på Roomsteren var basta kaputt eller om den lot seg reinse, laga eg meg eit lite eventyr av resten av heimturen på denne. Litt vanskelig å få med seg dei utalige gyldne dråpane som sette heile dette prosjektet i gang. 30 liter olivenolje er ikkje så enkelt å flytte over frå ein liten personbil til ein gallstilige tohjuling.
Neste morgon stod den der, klar for ny innnsats. Villig som bare det til tross for at eg like før hadde gjort mitt beste for å ta livet av den med bensin. Ikkje bare 1 liter, heile 32 liter, og  likevel stilte den opp att. Tok meg heilt heim til Helmikhølen 5 utan noko forsøk på hemn.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar