Translate
torsdag 9. desember 2021
Gyldne dråpar, rein bonus.
søndag 28. november 2021
Det enkleste er pistol
Vel passert gjennom den generelle kriminalitetsforebyggande kontroller til det tyske grensepolitiet, måtte det vel vera nok dramatikk for denne gong. Men nei.
Like sør for Fulda måtte eg tanke opp Roomsteren. Den er ikkje så tørst at det gjer noko, men luft og kjærlighet aleine driv den ikkje framover. Og framover tenkte eg meg. Ein tur på stadsbiblioteket i Lübeck kunne passe tenkte eg. Det har gått ei tid sidan, men midt på 1600 talet reiste ein av forfedrene mine frå nettopp Lübeck opp til Trondheim. Bernhardus hadde fått seg jobb, og tok med seg kona Alida von Bolten og reiste. Ingen motorvegar, fly eller jernbane på den tida. Det må ha vore ei skikkeleg strevsam reise. Kankskje biblioteket i Lübeck kunne ha opplysningar om dei eller i det minste ha opplysningar om samtide dei levde i.
Men trur du ikkje Roomsteren tok å tulle med meg. Tok den hemn mon tru? Midt der det var vegarbeid var to av kjørefelta stengt, kun høgre feltet var ope for trafikk. Heldigvis bare kjegler som skilde det opne feltet frå dei to som stengt. Eg fekk lurt meg inn til venstre mellom kjeglene, og der døde Roomsteren ein effektiv og hjartelaus død. I det som var ope susa bilane i ein jamn tett straum, einaste som kunne verre vore for min del, var at bilen hadde laga kork for alle dei andre travle sjåførane og det hadde vorte ei endelaus rekke av bilar sørover som ikkje slapp forbi.
Inne i vegarbeidsområdet vart jo bilen ståande skikkeleg i vegen for dei som arbeidde med alfaltering av vegen. 4 blide asfaltarbeidar erstatta dieseldriven motorkraft. Kunne kome langt med den hjelpa, men det hadde kanskje tatt litt mykje tid om dei skulle hjelpt meg heilt til Lübeck.
Så var det tid for å kikke på kvittering for siste drivstoff-fylling. Eg hadde reagert på prisen, men ut frå det eg oppfatta på pumpa var det diesel av det slaget som skal hjelpe motoren å halde seg rein og i tillegg skal vere drygare enn normal diesel.
Det er jo bensin sa den eine av vegarbeidarane. Må jo innnrømme at det høyrdest ikkje usannsynlig ut med tanke på symtom. Det er då NAF er gode å ha, i det minste for slike som meg som fer Europa rundt med hovudet under armen. NAF sin app, som eg sjølvsagt har installert på mobilen, fortel operatør i Oslo heilt nøyaktig posisjon på kjøretøy. Også alle data om medlem, og medlem er eg jo heilt sjølvsagt, erfaringslæring kallas det vel. Skal nå litt til å gløyme eigne persondata, men der i appen ligg det fiks ferdig for bruk i naudsituasjonar. Ein liten time etterpå kom det ein gul liten redningsbil frå tyske ADAC. Den inntok posisjon framfor Roomsteren og gjorde klar for redningsoperasjon.
Her skal det ikkje takast meir risiko enn heilt nødvendig. Alle fire hjula vart stroppa med jekkestropp.
Slepekroken som låg saman med verktøy i reservehjulsbrønnen bak, fekk gjere nytte for seg for første gong sidan bilen var ny i 2009.
Det bar ut att på vegen i ein dobbeltkabiner delt mellom framme og bak av gjennomsiktig plast, omtrent den kvaliteten vindauga i fortelt er laga av. Dei som produserer slikt, har fått eit nytt og uventa marked etter at koronaen slo til.
At sidesynet har noko å seie, vart eg minna om på kjøreturen inn til Kassel. Skarpsyn og sidesyn er ikkje det same. Der eg sat bak i dobbeltkabineren vart eg ein augneblink var eit eller anna tett på bak. Kva det var, oppfatta eg ikkje. Ikkje grense heller for kor tett på bilen la seg, men då eg vreid hovudet litt, såg eg kva det var. Det var jo Roomsteren som kjørte så ille tett opp i baken på redningsbilen.
onsdag 17. november 2021
Fikserunde i Puglia
Vel nedpå kom det ein av desse skyssbilane med ei eldre dame, vel over 80 trur eg. Ho var dårlig til beins, men forsikra dama som kjørte skyssbilen at ho ville klare å kome seg gjenom tuben og inn på flyet på eigahand. Eg såg jo det at så enkelt var det nå ikkje. Liten trillekoffert vart ganske så stor når dama skulle manøvrere den. Eg baud meg til å hjelpe, og det var ho takknemlig for. Ho budde i Roma, men kom frå Abruzzo. Hadde hus der. Roma var ikkje til å halde ut om sommaren meinte ho.
Vel framme i Brindisi bar det rett til Villa Felizia. Teknikar frå VigilNova skulle omkonfigurere alarmen slik at det frå nå av er mulig med to modus, skallalarm og full alarm. Det eine når me er her, det andre når huset er tomt. Blir nok ein og annan feilalarm av det, men begynnarvanskar har dei vel i Italia og.
Medan teknikaren var her trilla det endå ein bil inn oppkjøringa. Det viste seg å vera Giulio og Giulia. Dei hadde hausta oliven på sundag og vore til San Michele for å få dei pressa. Då dei kom innom, kom dei rett frå presseriet i San Michele. Så fersk olje har me nå visst aldri før fått. Veit ikkje heilt korleis olivenolje blir klassifisert, men Giulio gliste frå øyre til øyre då han fortalde at olja heldt veldig høg kvalitet. Nesten som han har fått ei viss eigarkjensle for oliventrea våre. Einaste problemet er at eg vanskelig kan transportere olja sjølv som registrert bagasje. Veit ikkje om anna enn bil som kan ta den . Då blir det nok Skodaen som må arbeide seg oppover mot Brennerpasset for så å trille gjennom Tyskland og Danmark til Hirthals med oljelast på ryggen.
Trompeten som Clemente planta gav lite blomar dette året, men den måtte kave med lite vatn heilt fram til juni. Vårmånadane var heilt tørre. Blir nok meir blomar eit anna år.
Det gror fort når det er ugras som gror. På bare ein månad har det gått frå tørt vissent og brunt, nesten svart der det var svidd i sola. Nå er det frisk grønt både på marka ved sida av vegen og også på vegen. Å svi ugras med gass er eg god til, men det varer nok ikkje så lenge som når ein brukar ugrasmiddel. Men har ein pyromane tendensar som eg, slår ein to fluer i ein smekk. Å leke med elden er moro, sjølv for meg på 66. Å sjå det umiddelbare resultatet er moro det og.
Nedover i olivenhagen gror det og.
tirsdag 9. november 2021
Ver i vente.
Elles fell brikkene på plas meir eller mindre når det gjel bilbrukstjuveriet. Bilen kom jo tilbake, rettnok utan nøkkel, men tilbake kom den. Står nå bak høge murar, låst port og kamera som overvåkar gradsrommet hos Pascalone og Meggie.Eg har lurt og lurt, vrid hovudet nesten ut av ledd. Kvifor skar "ladri" av nesten heile panelet heilt til venstre på dashbordet. . Eg har trudd det kom seg av plassering av hovudeining alarm. Snakka i dag med ein på Bilradiospesialisten Sandnes, dei som i si tid monterte alarmen. Jau, eg har visst tenkt rett. Det er der me vanligvis monterer hovudeining for alarm, sa han eg snakka med.
søndag 7. november 2021
Skal me skallsikra huset
Så nærmar det seg att. Tur til Villa Felizia. I planane mine er der bare heil sol, alle dagar. I røynda må eg nok rekna med meir enn ein dag med regn. Måndag 15. fer eg frå Sola klokka 06:00 og 14:30 landar eg i sola på Aeroporto Brindisi. Meggie plukkar meg opp og kjører meg heim til seg, der eg kan plukke opp den skamferte Roomsteren. Den kjører greitt, men har fått seg nokre skjønnhetsplettar.
Så går turen vidare til Villa Felizia der teknikar frå VigilNova skal koma klokka 15:00 og gjera ei lita ombygging av alarmen slik st den kan vera aktivert om natta når me er i huset. Då alarmen i si tid vart installert, såg eg ikkje for meg at nokon ville ta seg inn gjennom låste dører medan me låg inne og sov. Like greitt at me ikje vakna trur eg. Trur ikkje akkurat dei ville tatt oss som gissel, men ein konfrontasjon kunne det jo fort ha blitt. På spørsmål frå teknikar i si tid svara eg nei til muligheten av skallalarm, men av skade blir man klok, dog ikke rik som oldefar A.P. Heskestad sa.
Skallalarm skal det bli. Då vil ikkje "ladri" kunne kome seg inn utan å løyse ut armen og vekkje vertskapet.
Utanom rikeleg doser med sollys har eg ikkje så mange andre planar der i sørens land som Are Kalvø seier. Det vil seie, litt fiks på bilen må eg prøve å ordne. Først og fremst er det dørlås og tenningslås. Bilalarmen er nok gone, men å parkere bilen utfor huset vårt vel vitande om at eine nøkkelen er på videvanke, det kjennest som eit sjansespel. Sjansen lyt ein nok ta, ikkje så mange alternativ. Kan kjøre den så langt ned på tomta at den ikkje syner frå vegen. Har ein del metrar å gå på, men det er heilt avhengig av kor mykje væte der er under oliventrea. Skulle eg gjere feil vurdering, vil nok alltid Giulio kunne dra meg opp att med traktor, men eg trur eg prøver å unngå det.
Ein fascinasjon for Etna har eg skaffa meg etter ein del besøk til Sicilia. Tenkte ein liten tur ned dit også i løpet av dette opphaldet i Sør-Italia.
På San Demetrio har eg budd fleire gonger. Enkel standard, men heilt ok. Ein av fordelene er at ein her bur midt i ei hovudgate og bilen kan ein parkere i portrommet.Bronte ligg litt vest av Etna. Mindre forhold og enklare standard på overnatting. F.eks ikkje eige toalett på rommet. Måtte nok hatt med meg ei bøtte. Kan ikkje springe på do på gangen fleire gonger pr natt.
fredag 29. oktober 2021
Nå gjer eg som eg vil
Viljen til badnet vart visst aldri bøyd. Det var bestefar Oskar som kommenterte slik då eg var liten gut. "De må bøya viljen til det badnet". Nå som eg er 66, er der sikkert ingen lenger som vil eller kan bøye den viljen. Og eg kan i beste Wencke Myhre ånd gjere som eg vil.
Meggie og Pascalone gav plass for ei lita og utsøkt forsamling kvelden den 18. august.
Dei Varhaug gjer seg sterkt gjeldande. Eit godt innslag frå Sogn fekk og plass rundt bordet. Full pakke med både antipasti av det rikelige slaget og grilla kjøt etterpå. Tiramisou og pannacotte avslutta ein for meg gild kveld.Proseccoen gjekk med på Tavernaen. Rødvin og whisky fekk plass i vinhylla på Contrada Coltura. Melkesjokoladehjertene søkte tilflukt i kjøleskapet. Hadde dei ikkje det gjort ville dei nok ha smelta, slik hjerter av og til gjer. Dagen vart nå markert og det var jo greitt når sjefen tok seg ein snartur heim for å sjå til barn og barnebarn. Det funka visst bra heime både for Sofie og Hadi.
onsdag 27. oktober 2021
Kva veg mest?
Framhald frå førre tekst:
Me tok imot første natt, så får me heller sjå etterkvart kva det vart til vidare.
Og noko av det det vart til, var at det den morgonen me skulle ta ut på reis nordover, då stod det ein svart norskregistrert Skoda Roomster like utforbi bommen.
Der stod den, låst og utan nøkkel å sjå. Midt i innkjøringa stod den. Slett ikkje mulig å kome forbi den. Lukkeligvis hadde me reservenøkkel og kunne låse opp dørene.Litt småplukk i baksetet. Diverse deler fjerna frå dashbord.
Sidepanelet på dasbordet var skore laus, utan at eg skjønar kva som kan vera grunn til det. Har du som les eit forslag, så er eg takksam om du deler med meg på messenger.
Lyset i bagasjerommet var også tatt bort.
Det same var skjedd med uttak for straum til f.eks kjøleboks. At uttaket ikkje har fungert dei siste åra har tydeligvis ikkje hatt noko å seie.
Det er lett å gå seg fast i uhæma, men klarer me å unngå at fantepakket vinn, så blir det faktisk me som sjølv vinn. Kunne lett bli slik at sommaren 2021 i Villa Felizia vart heilt overskygga av dei siste dagars hendingar. Me gir det heile eit forsøk og satsar på at splitting av alarmen i huset gjere det mulig å sove med alarm aktivert på alle dører og vindu. Så får heller dei infrarøde sensorane inne i alle rom vere aktivert når huset skal vere tomt.
Gode forslag elles har vore å armere gitterdøra i stål med straum berekna for elgjerde. Einaste problemet då er vel at heile porten må isolerast frå muren den er sett inn i.
Om me plasserer det positive på eine sida, og det negative på andre sida, så er det framleis slik at det er stor overvekt av det som positivt er. Slik har det vore, og slik håpar me det vil vere framover.Etter lange dagar langs vegen nordover frå Puglia, var det intenst godt med kaffi, knekkebrød og brunost når me kunne slå oss til ved kjøkkenbordet i Helmikhølen.
NordItalia, Austerrike, Tyskland og Danmark blei mest over i noko som ikkje fekk heilt plass i minnet. Kjøre nokre timar, kvile litt i den medbrakte senga, for så å fare vidare etter eiga vurdering nok utkvild til å ta endå ei økt bak rattet.
Han ser ganske nøgd ut, og det var han og. Ved sida av EuroDue, bubilverkstaden låg det ein kombinert restaurant og vinutsal. Me fekk oss eit mål mat som slo veldig godt an. Potet, så enkelt som bare det, men eg trur mest eg kan seie det var beste potetretten eg nokon gong har smakt. Saman med potetene vart det servert langtidskok kjøt. Var sikkert det me i Norge ville kalle okse. Noko godstoff i gryta var der nok og, vil eg tru. Ingen andre enn ein idiot som meg kunne vel spør etter øl på slik ein plass. Anne Marie fekk det ho bad om, eg måtte nøye meg med vatn.
Giottilinen fekk energisk pleie i ganske så mange timar. Elpanelet som var årsak til besøk i Poggibonsi vart raskt og effektivt fiksa. Skru laus det gamle og trekke ut eit par ledningar og gje dei plass i kontaktar på nytt panel. Mauro gjekk laus på trappa, og det viste seg å ta ein del timar. Resultatet vart ei trapp som let seg manøvrere ned med lys i trinna. Når den skal inn att, då går den over til halvautomatisk, ei hjelpande hand er det som skal til for å få den heilt på plass før me kan ta til å kjøre.
Når Mauro manglar jobbar, eller kanskje er det på fritida, då byggjer han bubil på trehjularen Ape. For å få stabilitet under kjøring, hadde han montert luftfjøring på akslingen bak.
Måtte vore koselig å ta på tur i ein slik ein. På den vidgjetne rasteplassen på Hårr, såg eg ein gong ein 3hjular frå Sveits med påbygg. Den var rett nok ein litt større model, men likefullt hadde den trilla heilt til Hårr på bare 3 hjul.
Reknar med at Terje diskar slik opp alltid, sjølv når har er aleine ved bordet. Det gjorde i allefall veldig godt å få omsorg i form av eit godt måltid mat med uttrykk for medkjensle.
Ganske ok å sleppe unna med 20 meters gange ut av huset for å få slik ein utsikt på morgonkvisten.
Omtrent slik såg det vel ut for dei som kjende seg invitert til å kome på besøk hos oss klokka 3 om natta. Og tenk, dei klarte det, utan å vekkje husfolket.
Aldo på Silvane er ein meister med mat. Denne eldfaste forma hadde blitt tilført poteter, blåskjell, tomat, og løk. Kanhende der var andre ting i tillegg. Det som sikkert er, er at det smakte forreffelig. Treng ikkje vera så veldig avanserte ingrediensar for at det skal bli godt.
Maten på Silvana var ein del av opphaldet i Trullo Pernoll. Heldige me som får ta inn på slik ein plass. Dei som kokkelerer der treng slett ikkje skjemmast av kunstene sine. Gjestfrie som få er dei og.
Tilbake til huset vårt. Me let oss friste av tre ulike grillspyd som såg så godt ut på Doc i San Michele. Bålpanne eignar seg godt nok til grilling og, ikkje bare kveldkos rundt bålet. Grillspyda såg gode ut før dei vart grilla, og jammen var dei gode etterpå og. Litt mykje mat, men ned gjekk det.
Hadi laga blomsterkasse i sink første året på vidaregåande. Læraren Jarle gav prøvestykket sitt til Hadi, så på det viset har me to slike blomsterkassar. Den eine med hibiscus, den andre med ynde. (trur i allefall var det den heitte)
I Trani, som var min fødselsdagsgåve frå sjefen, budde me kort veg frå hamna. Måtte forbi ei husrekkje så var me nede hamna mede gammal og nytt av båtar.
Desse to var vel snautt nok sjødyktige, men enn som dei scora når det gjeld idyll.
Me var blitt fortalt at i Trani er det ei synagoge. Nokså tilfeldig traff me på den, og vart invitert med inn. Skikkeleg intressant, sjølv om me knapt forstod eit einaste ord.
Tekstlesing på hebraisk i nærare ein time. Då var mitt tålmod oppbrukt og me trekte oss ut.
Utsmykkingane på katedralen er imponerande. Hadde det endå vore tre kunne ein ha forstått. Men her er det stein som er sirleg dekorert så det blir som skjøre silkeborder.
Moloen bør stå trygt når den lener seg mot sjefen.
Restaurant Grotta Palezzese i Polignano a Mare er vel den mest spektakulært beliggande etestad eg har besøkt. Første gong på sighseeing med "The more your know, the more you grow" crewet, og så som gjest i 2008 då me kunne feire sølvbryllupsdagen vår. Om me kjem der seinare er vel uvisst. Ikkje nettopp den billegaste staden du kan besøke..
Her blir me servert beste kvalitet baccalao. Kokt på salta torsk frå Norge, men kjøpt på marked i Ceglie. Kokken har klart overgangen veldig godt frå å telje kroner og øre til å røre i gryter.
Druer frå eiga avling er ikkje å forakte.
CocoPazzo i Martina Franca held tradisjonen i hevd. Fekk denne retten i 2008, seinare fekk Tor Mygland smake den og nå måtte altså eg ha reprise. Kjøt og løk inndekka i butterdeig. Smakar godt gjer det.
Så kjem me til kveldshimmelen med det vesle dohuset i framgrunnen. Huset er ganske idyllisk det. Treng bare litt røyrleging, så kunne det vera klar til bruk. Røyr til septiktanken ligg klar, det er bare å kople til. Vatn til å skyle ned med kunne me vel bare skaffa os ved hjelp av ei bøtte vatn for kvar besøkjande.
For å halde det litt ope framleis, sluttar eg av med dette. Anne Marie kom seg vel fram som planen var. På Sola bad dei innstendig om at handbagasjen skulle gå som registrert bagasje. Det skulle den jo aldri har gjort, for når Anne Marie kom til Brindisi, kom slett ingen koffert. Truleg tok den ein opphald i Amsterdam eller Roma. Etter ein del turar fram og tilbake vart kofferten utlevert 3 dagar etter tida. Då hadde forsikringa trått i kraft. Godt å ha god forsikring, Tryg gjennom Utdanningsforbundet. Mykje styr for å få tak i kofferten, men Tryg har vore smidige og hjelpsomme.
Hei Anne Lise! Eg tok deg på ordet og ber deg sende meg ei melding som prov på at du har fått med deg siste ordgyteri.