Translate

fredag 17. august 2018

Brukte 2 døgn på å snu

Vel heimkomen med fly frå Brindisi tysdag kveld. Det hender det går fort for seg. Alt torsdag kveld same veka stod eg i Skodakø i  Kristiansand..............
...............saman med Hadi ..............













                                        


                                     .....................og Omar.  
FjordCat fer fort nok over fjorden. Før det var fredag var me framme i Hirtshals.  Natt til fredag og størsteparten av fredag var me på hjul. Hadi hadde overoppsynet med at sjåføren skulle vera vaken nok til trygg kjøring. Ikkje for det, eg både tok og har vel hovudansvaret sjølv for sikker kjøring.
Sundag kveld var me ved målet. Bare 5 døger sidan eg sist reiste derifrå. Men innan me var framme måtte me ha nokre pausar. Pissepausar er velkjende for min del. Dei kjem med maks 2 timars opphald mellom. Rasteplassene er mange, så noko stort problem er nå ikkje det. 
Ein blir matt av å sitje time etter time ei bil. Godt då å få strekkje seg ut og blunde litt. Først får ein gjere det som alltid må gjerast. Det er mobiltid og den prioriteringa er ikkje vanskelig å ta. Me er i Kassel og lukka var stor då Hadi såg eit skilt med Istanbul Bäckerei. 2,5 kilometer til fots i dryge 35 graders varme gav ein smak av Tyrkia, i dobbel forstand.  Ekte vare var konklusjonen frå dei medbrakte ekspertane.
Det var den natta månen gøymde seg i skuggen frå jorda me hadde stopp i Kassel.
Fekk helst lite med av det. Med eit mobilkamera som faktisk har litt å by på, så blir likevel utfordringa for stor. At rommet vårt i tillegg vende mot nord, gjorde ikkje sjansen for å feste magien til minnebrikka særs stor.
Etter denne første natta i midt Tyskland tok me klatreetappen over Brenner. 
Fysiske lover kjem ein bare ikkje unna. Er ein under 20 eller over 60 så blir trongen fort den same.  Forskjellen er vel den at eg stort sett tek turen innom ein do om enn ikkje alltid. Fins utruleg mange eigna plasser å kaste vatnet om ein bare er litt kreativ. 
Hotel Giannina Forlimpopoli vart neste stad for overnatting. Mødde kroppar sov godt og fekk med seg ein frukost som var betre enn utsikten frå rommet.

 An apple a day, keeps the doctor away.
 Vatn appellerer, så ein runde i bassenget måtte til.
To karar som veit å kaste ball fekk fart på meg som var ballgutt. Hadde full hyre med å hente inn ballane som med stor kraft enda opp i eit nettinggjerde 8 -10 meter bak bassenget.

Druer, søte druer er alltid populært. Mogninga går fort, den siste biten. Nokre av druene var klar for munnen ei veke før då Anne Marie og eg var der,  men nå var det full farge på alt.
Eit av måla med å reise, eller kanskje skal ein heller seie reisemåla var Auchan. Eit stort handlesenter med ei gigantisk dagligvareaavdeling og ganske så mange bransjebutikkar. Omar hadde med seg pengar til sko og klede, og eg trur nok han var tilfreds med innsatsen. Hadde han hatt venger, trur eg han ville ha flydd.
Ostuni må med. Det får ikkje våge seg om mange kallar det ei turistfelle. Turistfeller kan vera fine dei og.

Det meste av pengane var brukt på klede og sko. Då kom ideen: Kva med å prøve seg på litt tigging?
"Grotta della poesia" heilt ute ved Adriaterhavskysten mellom Lecce og Otranto var mellom utvalde reisemål. Klippehopp, kanskje 9 -10 meter fritt fall før kroppen slår i vatnet. 
Badekarar på vandring på strandpromenaden i Otranto. Me tok ikkje turen innom i basilikaen. Dei som har vore der, skjønar vel kvifor eg ikkje tok desse to flotte karane med dit. 
Litt jobb for føda og reisa fekk me til innimellom. Tynning av mandeltre. Sikkert ikkje rett tid. Bør nok gjerast seinare på hausten når treet har ein kvilepause, men så stor skade gjer det nok ikkje.
Litt auke i tilfang av ved vart det og. Bare sånn litt såpass me har noko å fyre med til påske om kveldane skulle bli kalde.

Fiken har me igrunnen rikeleg av. Når det stort sett er Anne Marie som tek seg av både hausting og eting, så blir der i allefall nok av den frukta. Bestillling var lagt inn før me reiste. 2 -3 kilo vart hausta og frose ned for sylting i haustferien. 


Forsøk på vakumering vart og gjort, men ikkje særleg vellukka. Fruktene var så mogne at sjølv med vakumeringsmaskinen stilt inn på anticrush, så stoppa ikkje vakumeringa før safta tøyt rundt fruktene. Det enda med frysing av eit par ekstra kilo.

Brunfarge er viktig anten ein er vinterbleik skandinav eller om ein har meir gunnfarge. Mykje kan bli meir, men då lyt ein slikke sol straks det er høve til det. Oljer for å forsterke effekten var populære.
Fælt ofte tek det no slutt det som er gildt. Me måtte innom hos Meggie og Pascalone for eit godt måltid mat før me tek første etappe av turen nordover. Ei natt på hjul denne gongen og. Kjem ganske godt avgarde når ein ikkje blir hefta av annan trafikk. På natta er det lite av både lastebilar og vanlige personbilar. 1144 kilometer la me bak oss, men ein og annan dostopp hadde me i tillegg til litt soving i bilen. Hotel Lener var målet for kvelden.

Gode senger, rikhaldig frukost, basseng, kva meir treng ein for å samle krefter for endå ein dag med kjøring.
Når eg ser ein sofa som denne er det som eg "gremmes". Det var faktisk ein slik ein far fekk sendt heim på lastebil frå Oslo etter eit arveopgjer eg aldri har tenkt større over. Nær slekt var det ikkje, men sofaen den var veldig i nær slekt med denne som stod i korridoren på hotel Lener saman med mange andre gamle flotte møbler. Men då i september 1963 fann ikkje sofaen nåde hos min far og mi mor. Den vart rett og slett kasta.
Skal ein få med seg noko må ein bruke augene. Padda stod så fint parkert like ved der bror av Omar hadde bustaden sin. Komfortmessig trur eg mest at dette tekniske vidunderet, opphavleg konstruert imidt på 50-talet hadde vore fullt på høgde med Yeti-en vår. Kanskje tyngre å kjøre, men å vere passasjer i DS-en hadde noko vore som å sove i ei himmelseng.
Jamal var ein triveleg liten kar. Bånn gass, augene med seg.
Onkel Omar sitt fang var visst ikkje så stas som den gamle heilt framande mannen sitt.
Flatseng funkar og er ei for gammal så får ein ta det att ein annan gong med den sovinga.   
Natta etter, i Kolding på Saxilde hotell, vart det rake motsetninga til flatseng.

Vel framme i Hirtshals er det mest om å vera heime. Så får ein bare tyne litt ekstra ferieliv utav det heile, før kvardagen som ventar heime.
Måtte mest la Yeti-en få ein tur på stranda den og. Giottilinen fekk prøve seg på stranda ved Rømø tidlegare på sommaren, og forskjellbehandling får me prøve å unngå om me vil ha fred i heimen.Siste utanlandsbad sommaren 2018





4 kommentarer:

  1. så flott dere har hatt det:)

    SvarSlett
  2. Allre bry deg om sofaen. Biedermeyersofaer er nesten verdiløse.

    SvarSlett
  3. Fantastisk spennende å lese. Folk sier at vi reiser mye, men det kan ikke måle seg med deg/dere. Hilsen Reidun

    SvarSlett
    Svar
    1. Er det ei trøyst eller strevar du med å få til ei ekstra reise?

      Slett