Translate

onsdag 15. august 2018

Stor jobb å rydde ned etter sommarferien.

Fantastisk fin stad å slappe av. Då kan det bli MOBILTID. Kanskje spesielt når kvelden sig på, det roar seg med både varme og musikk frå sikadene. God utevarme, stjerner som kappast om å sende sine stråler ned til vår vesle jord. Må bare sei det omatt, fantastisk.
Litt godt på grillen slik utpå kvelden gjer og godt. Kanskje aller mest på det målet der ein helst ikkje vil merka det, magemålet.
Druene var endå ikkje mogne , så dei rekna me med ville gå til å mette fuglande.
Ein tur til det Joniske hav er aldri å forakte. Ved Torre Lapillo var det ikkje så tett med folk som det kan vere når ferien tek til i august. Men mange nok hadde funne vegen til sin ørvesle flekk på stranda.
Godt ein ikkje treng å tøme heile havet når ein skal heimover etter ein sommarferie. Bassenget vårt på omtrent 26000 liter tek jammen meg ganske så lang tid bare det. Eg håpar eg høyrer med mellom dei som lærer av erfaring. Det er jo erfaring som gjer at bassenget blir pakka ned. Det bassenget som følgde med når me kjøpte huset, det forsvann faktisk i løpet av dei første to månadane me var eigarar av parsellen. Det hender eg tek meg sjølv i tanken på kva dei gjorde for å få med seg vatnet.
 Skal det gå fort må ein vere kreativ. Hevertprinsippet funkar godt.
 Propp i botn av bassenget fungerer og når ein bare opnar den.
Det er to proppar, og set ein ei spiseskei inni holet held ein det ope slik at ikkje det indre loket stenger for vatnet.
 Meir hevert
 Bassengpumpa fekk hjelpte til den og. 
Lensepumpa eg måtte skaffe for å tøme ufrivillig oppfylt cisterne fekk vere med på jobben med bassenget. Clementintreet på hjørnet ved uteplassen vart nok ganske så forfordelt med vatn, men heilt refferdig kan det ikkje bli med så mange ulike frukttre som me har.
Ser ut til at beskjæringa påsken 2017 har hatt den rette effekten. Det bør bli ein god haust av oliven dette året.  Sitrustrea er ikkje fullt så velvillige, men eit clementintre på hjørnet av uteplassen har over 50 små grøne frukter. Til våren bør det bli klart for nyting. Mandelhausten blir også god. Dei 4 trea me beskar på katastrofalt vis i følgje tidlegare hjelpar med oliventrea, er så fulle av mandler at eg mest ikkje har sett maken. Me kjem nok til å halde fram med katastrofal beskjæringa av mandelstrea.
Då me var ferdige og klare for heimreis rekna me med at det ville gå eit par månadar før det vart ny invasjon av staden. Slik gjekk det ikkje. Me kom heim seint tirsdag kveld 24. juli. Alt sundag kveld, mindre enn ei veke etterpå vart Villa Felizia inntatt på ny. Det skal du snart få høyre meir om.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar