Varmtvannsbereder av, stengt
vanntilførsel oppvask og vaskemaskin, slått av utekontakt, slått av pumpe
dagtank, slått av pumpe brønn, låst og slått på alarm, låst porten. Kva viktig
kan eg då ha gløymt tru?
Cappuccino i Brindisi må vel vera ein fin måte å avslutte
vinterveka i Puglia. Reiste litt tidleg
inn til byen for å få tid til ein god trimtur. Men der var brått veldig mange
andre som og var på trimtur, eller var det kanskje noko anna dei var på?
Først
stoppa trafikken heilt opp, så vart rekkja med bilar bare ståande. Det var midt
i tida for skulestart og mange både born og ungdommar var på veg til skule.
Ettersom det drog ut fekk eg lirka bilen inn på ein ledig plass, i Italia er
det ofte mange «ledige» plasser om ein ikkje er så nøye på det, men min plass
var ein heilt forrektige parkeringsplass.
Blålys der framme i gata varsla ulukke for min del. Mange oransje jakker
sa meg at det var ryddemannskap, men då eg kom nærare såg eg at det var ein
demonstrasjon.
Cobas heitte organisasjonen. Eg trur det kan ha noko med kommunen å
gjera. Får sjekka når eg kjem heim. Det vart ein kopp cappuccino på meg, og
skulle eg betalt det same som heime hadde eg fått 3 eller 4 koppar for same
sum.
Innlevering av bil var neste post på programmet. Eg trur om
meg sjølv at eg for det meste er ein fredens mann. Etter italiensk målestokk
var det kanskje det eg var og, men sjølv syns eg eg tok godt i. Kva eg lira or
meg hugsar eg ikkje heilt nøyaktig, men eg fekk då sagt at slik eg ser det er
det eit problem når Nettfirma presentere ein pris, med tydeleg beskjed om kva
som skal betalast når ein hentar bilen. Når summen som blir belasta ved henting
er meir enn dobla, då likar eg det ikkje.
Elles var bilen Ok den. C3 Picasso,
den må ha hatt brukande stor motor for den for fort avgarde på motorvegen,
mykje fortare enn Audien. Einaste gale med sjølve bilen var ei skrape på framskjermen, men den fekk heldigvis ikkje fylgje av fleire dei dagane eg hadde bilen. Ser du godt etter ser du min form for selfies også.
Hadde tenkt ein enkel lunsj i Roma på Fiumicino, men den
gang ei. Hadde meir enn nok med å følgje med på kva Gate eg skulle reise frå.
På ombordstigningskortet stod det B9, det vart skifta til B10. Ikkje så lenge
etter kom det ny beskjed, nå B18. Der var innsjekkingspersonalet på plass, klar
for å starte innsjekking. Men ho måtte flytte på seg ho med. B20 var Gaten eg
forlèt Roma frå.
Svolten som eg var etter 9 timar utan mat, var det mest som eg fekk nytt mot då kabinpersonalet kom med traller.
Eg er såpass utskjemd at får eg ikkje mat innan 4 timar sidan sist, då vert eg rett og slett ofte sur. Eg vel å tru at det er kroppen som seier frå om noko. Maten om ein skal kalle det det, var lite å skryte av. Eg har aldri prøvd å ete svamp, kanskje av den litt faste typen slik me hadde som tavlesvamp på skulen. Oksefilet, seig som eit fiskesnøre var pynten på det vesle rundstykket. Kaffi og cola var av beste merke.
Eit anna like sterkt behov som mat er trongen til å gå på do i alle umulige og mulige situasjonar. Urgency bladder kalla urologen det. Ikkje farleg, men ikkje veldig behagelig når doen er heile 10 meter unna og trongen kjem over meg der og då. Taxfreehandelen i Stavanger gjekk fint, men å halde begge beina samstundes på bakken baud på problem. Godt det fins ein do rett til venstre når ein kjem ned trappa der bagasjebanda leverer frå seg innhald frå flybuken. Treng heldigvis ikkje vase med slikt som innsjekka koffert, kort prosess, inn til venstre og så ferdig med det.
Eit anna like sterkt behov som mat er trongen til å gå på do i alle umulige og mulige situasjonar. Urgency bladder kalla urologen det. Ikkje farleg, men ikkje veldig behagelig når doen er heile 10 meter unna og trongen kjem over meg der og då. Taxfreehandelen i Stavanger gjekk fint, men å halde begge beina samstundes på bakken baud på problem. Godt det fins ein do rett til venstre når ein kjem ned trappa der bagasjebanda leverer frå seg innhald frå flybuken. Treng heldigvis ikkje vase med slikt som innsjekka koffert, kort prosess, inn til venstre og så ferdig med det.