Translate
lørdag 25. oktober 2014
lørdag 18. oktober 2014
AirFrance på mandelslang
Eg trudde eg var ferdig med reisinga etter å ha kome til Sola, men ikkje denne gongen. Sjølve turen gjekk greitt nok den, men det er ei mare med alle køane på dei ulike flyplassane. Spesielt i Brindisi, for der syns eg dei er lite flinke på organisering av køane.
Då er det endå eit punkt på lista over klagemål på som gjeld Puglia, men sett bort frå desse tre punkta er vel alt anna som i Paradis.
A: Laushundar
B: Forsøpling
C: Innsjekking på Aeroporto di Salento, Brindisi.
Fekk mail ein dag før heimreisa frå AirFrance om at nå kunne eg sjekke inn online. Når eg så sjekka inn, fekk eg beskjed om at slik innsjekking ikkje var mulig frå Brindisi. I avgangshallen stod det eit par automatar, og dei måtte eg prøva. Ikkje slike einarma bandittar, men ikkje heilt ufarlege desse heller. Det er sikkert ikkje mulig, men tenk allikevel om eg gjorde noko feil og blokkerte billetten? Maskinene les av datastripa i passet, og ut kom gevinsten: Ombordstigningskort for Brindisi - Roma og Roma - Paris. Så var det kø. Bagage drop stod det på skiltet over skranken, men det var same kø som for dei som ikkje hadde sjekka inn og fått boardingcard frå automaten. Slikt tek tid, men litt underhaldning fekk eg. Intasure ringde frå England for fornying av forsikringa på Villa Feilizia.
Etter kø for innlevering av bagasje var det kør for sikkerhetssjekk. Tek til å bli vane med det nå etterkvart, men det er nå litt av eit styr der ein på strømpelesten listar seg gjennom metalldetektoren med ei beltelaus bukse som ein håpar ikkje endar opp rundt anklane.
I Roma går det heldigvis rolegare for seg. Bare å forflytte seg til ny gate. Storkofferten blir teken hand om av systemet. I Paris er det full pakke att med nytt boardingpass. Automaten gav høve til å velgje norsk, men det gjorde sitt til at eg ikkje fekk hjelp av ho som var er for å hjelpe til. Eg kan ikkje norsk, sa ho på fransk. God tid til å klikke feil på automaten, så eg klarte meg utan hjelp. Eg kunne tenkt meg å hatt eit ord med i laget i måten desse progrmma er laga på. Når einaste alternativ for å kome vidare ligg i ein knapp med teksten: Gå videre for å registrere bagasje, då tenkjer eg det kunne vore ein knapp til med teksten: Ingen bagasje, gå videre her.
På Sola var det kaldt i kortarma skjorte frå Embraer 190 og inn i ankomsthallen. Litt snop i TaxFree får eg tid til før bagasjen kjem. Eg har ein broder som har bruk for varer frå kjølerommet på TaxFree-butikken.
Flya AirFrance brukar er ikkje så store, så bagasjebandet hadde ein enkel jobb. Då teksten siste bagasje på bandet kom opp. forstod eg at oplysninga eg gav i Paris viste seg å stemme. Det vart liggjande to koffertar og svive på bandet. Folk forsvant medan eg stod att med lange auge. Ingen blå koffert dukka opp. Eg måtte bare innsjå at dei mandlane som ikkje vart hausta av vår gode olivenansvarlege, dei stakk AirFRance av med til sist.
Det vart litt ekstra tid på Sola ettersom eg måtte melde 1 stk blå koffert for sakna. Omtrent slik såg den ut:

Veslekoffert fekk bli med heim til Vigrestad.
Storekoffert stakkar fekk ein ukjend skjebne.
Kvar den vart av er det ikkje mange som veit.
Eg måtte ta ein liten Ingrid Espelid her,
for kofferten er ute på reis aleine.
(Koffertane er heilt like bortsett frå storleiken.)
Tre veker gjev dei seg sjølv som frist for å finne den bortkomne. Om det var mandlene som ikkje var gode nok for AirFrance sa dei lite om i dag lørdag då dei ringde og sa frå om at kofferten hadde kome til Sola. Eller kanskje ingen i AirFranc trong nye bokserar. Eg rekna litt på kva det ville koste å erstatte koffert og innhald og vart helst øvejidde. Langt på veg til 12000,-. Hadde ikkje rekna med så høg verdi.
Eg måtte spørje sjåføren som kom med kofferten midt på dagen i dag om han hadde kjørt ned til Paris for å få den opp hit så fort.
Eg fekk ingen overnatting i Paris på veg sørover. ei god erstatning må dei ha tenkt det kunne vere å la kofferten overnatte på Charles de Gaulle før første fly til Stavanger etter det flyet der kofferten ikkje sørgde for å kome med.
tirsdag 14. oktober 2014
Påskeførebuingar
Pugliaåret er på hell. Anne Marie drog nordover i dag
(mandag 13. okt 2014), medan eg blir att og tek siste opprydding og klargjering for at huset skal overvintre best mulig. Ja, det vert vinter her og. Har opplevd snø og minusgrader, men du kan sei det gjekk fort over. Det var i februar 2013. Etter det eg skjønar, er det akkurat februar som er den suraste av månadane. Elles var her forresten surt nok ein av dei siste dagane:
Hagl i kråa ved inngangsdøra møtte oss. Var ikkje kaldt, men skikkeleg surt.
Opphaveleg hadde ikkje februar i Italia namn. Det var bare ein slags namnlaus mellomfase. Første månad var mars, deretter kom dei etter tur med nummer. Restane av nummerering har me endå både i norsk og italiensk i september (sjuande) eller settembre, oktober (åttande) eller ottobre, november (niande) eller novembre og til sist desember (tiande) eller decembre. Me har framleis eininga deci både i lengde og holmål. Deci er det same som ti.
Me fekk vere statistar på eit matkurs hos to driftige damer som trong statistar til reklamefilm for matkursa deira.
Har ein først ein sjanse om å kaste ut ein ide, kan ein visst bare gjere det. Sidan me har forno a legna kasta eg vel heimkomen ut ideen om eventuelt å låne ut plassen her for kurs i bruk av vedfyrt steinomn og alle dei lekre rettane ein kan lage der. Pizza er bare ein av dei, Brød har me ettervart og noko erfaring med. Endåtil vannkringler med oppskrift frå Hardanger har blitt laga i omnen. Kunne jo vera ein ide, var første respons frå kurshaldarane. Bortimot full påskemeny var neste respons. Kva det blir til, får me bare vente og sjå.
Å ha tak på kva ein skal gjera på taket er ein heil jobb. Produktutviklinga er tydeligvis stor på området. Det eg trudde var ein bankers måte å vedlikehalde takfugene på, viser seg å vere bare ein i eit mylder av metodar. Pascalone sende meg til Zizzi her i Latiano. Du må ikkje gå til Leroy var bodskapen. Om det var lokalpatriotismen som slo ut, eller visse om at beste stoffet var å få lokalt er eg usikker på. Kjem nok til å gå på Leroy vidare og eg. Far sa rett nok: "Handle heime, det er dyrt å køyre", men her må eg i bil uansett. 5 minutt meir eller mindre har lite seie då
KIBO heitte stoffet som fungerte som ein smøremembran. Kvitt i kanna, blått etter påsmøring og fargelaust etter herding.
Han som bygde soltaket er fælande flink til å jobbe aleine. Reiste stolpane og la på bjelkar og takbord, så å seie bare med hjelp av eigne hender og føter.
Ein stad må han ha det frå. Kan det vera frå meg?
Jordfresaren fekk køyrt seg i hardaste laget. Ein altfor stor stein kilte seg, og fjerna ein bolt og ein mutter. Dekselet vrei seg og der stod eg med bare to hender og trong tre. Det var slik tvinga kom i hus, og nytte har den gjort.
med å få ned kaktusblada er ikkje så ille. Kanten av ei spade og eit velretta slag, meir trengs ikkje. Men stammane er det verre med. Der må eg til med motorkraft, 500 kroners saga frå Jula Forus jobbar godt som bare det. Nokre av stammane er så trena at eg lurer mest på om det kunne bli ved av det.
(mandag 13. okt 2014), medan eg blir att og tek siste opprydding og klargjering for at huset skal overvintre best mulig. Ja, det vert vinter her og. Har opplevd snø og minusgrader, men du kan sei det gjekk fort over. Det var i februar 2013. Etter det eg skjønar, er det akkurat februar som er den suraste av månadane. Elles var her forresten surt nok ein av dei siste dagane:
Opphaveleg hadde ikkje februar i Italia namn. Det var bare ein slags namnlaus mellomfase. Første månad var mars, deretter kom dei etter tur med nummer. Restane av nummerering har me endå både i norsk og italiensk i september (sjuande) eller settembre, oktober (åttande) eller ottobre, november (niande) eller novembre og til sist desember (tiande) eller decembre. Me har framleis eininga deci både i lengde og holmål. Deci er det same som ti.
Me fekk vere statistar på eit matkurs hos to driftige damer som trong statistar til reklamefilm for matkursa deira.
Linken går til Livar Dubland sin blogg
Eventuell arena for kurs i matlaging i forno a legna, endå midt i opprydding etter sommar og haust. |
Å ha tak på kva ein skal gjera på taket er ein heil jobb. Produktutviklinga er tydeligvis stor på området. Det eg trudde var ein bankers måte å vedlikehalde takfugene på, viser seg å vere bare ein i eit mylder av metodar. Pascalone sende meg til Zizzi her i Latiano. Du må ikkje gå til Leroy var bodskapen. Om det var lokalpatriotismen som slo ut, eller visse om at beste stoffet var å få lokalt er eg usikker på. Kjem nok til å gå på Leroy vidare og eg. Far sa rett nok: "Handle heime, det er dyrt å køyre", men her må eg i bil uansett. 5 minutt meir eller mindre har lite seie då
KIBO heitte stoffet som fungerte som ein smøremembran. Kvitt i kanna, blått etter påsmøring og fargelaust etter herding.
Han som bygde soltaket er fælande flink til å jobbe aleine. Reiste stolpane og la på bjelkar og takbord, så å seie bare med hjelp av eigne hender og føter.
Ein stad må han ha det frå. Kan det vera frå meg?
Jordfresaren fekk køyrt seg i hardaste laget. Ein altfor stor stein kilte seg, og fjerna ein bolt og ein mutter. Dekselet vrei seg og der stod eg med bare to hender og trong tre. Det var slik tvinga kom i hus, og nytte har den gjort.
Kva er det eigentlig du held på med?
Det gjekk liksom opp for meg der eg stod ute og gav eit par dukar ein omgang med strykejernet.
Eg driv med påskeførebuingar og det i god tid før jul.
Ikkje bare påskeførebuingar. Eg jobbar og for å ta vare på godt naboskap. Netta, ho som held til like over garden, syns kaktusane våre blir vel store. Eg lova henne i sommar då eg måtte fara heim fælt så fort at eg skulle stusse kaktusane slik at treet hennar får både lys og luft.
Sjølve arbeidet
Så er me brått ute på tenkt vedhandel: Eg vil ha 1 famn bjørkeved, 1/2 famn eik og så 1/2 famn kaktusved. Eg syns eg høyrer det.
søndag 12. oktober 2014
Gode våpen treng ein
Litt ekstra varme kan vera godt nå som det er haust her på Cda Coltura. Eit velig tips ville gjerna ha namnet på området endra til C.da Coltura, men eg trur eg i solidaritet med dei som held til her på traktene i tidlegare tider heretter brukar Cont. Cultura slik det står på eit gammalt skilt på ein trullo like ved her.
Varmepumpa her i huset har kjørt i DRY funksjon, det vil sei bare avfukting, ingen kjøling eller oppvarming. Det kjennest helst som avkjøling.
Reknar med det kunne vore ille nok om dei fann på å ta ei mellomlanding midt i fleisen. Godt at kvelden vart litt kjølig.
Kor dei har kome inn er meir enn eg veit, men at dei skal ha vandra nedover pipa som er nærare 5 meter, det trur eg ikkje. Har nok heller krope inn trekkventilen på omnen, for så å slå seg til i døra mellom glaset og støyperjernet. Sakte men sikkert ramla dei ned, kravla noko gjorde dei, men ikkje faretruande. Mitt våpen vart gassbrennaren, tok endåtil ein av vepsane i glideflukt. Dårleg flygeevne etter at vengene brann opp kan du sei.
Om denne edderkoppen er særleg storforlangande, eller om det er eddekoppverda sitt svar på leilighetskompleks veit eg ikkje. Flott syn på morgonkvisten i dag sundag 12. oktober.
Me tek oss ein tur til kysten nå i dag. Kanskje siste bad dette året?
Ei altfor kort veke
Ei veke går fort skjønar du. Sundag hadde eg to turar til Aeroporto di Salento. Den første var for gjester, men dei er nesten som familie å rekna. Siste henting var for Anne Marie som måtte opphalde seg ein del timar (10) i Roma i vente på ledig sete hit ned til Brindisi. Ho hadde heldigvis godt selskap i Anne Irene, Arnt Håvard, Torfinn og Oli som starta ei heil veke i Roma same dag. Dei kom alle med same fly grytidleg frå Sola.
Kort etter kom det påfyll, omtrent 25 amerikanske sykkelturistar ramla ålveltes opp trappa og inn i lokalet. Den jærske stilla vart avbroten av høglytte forsøk på å organisere seg ein plass ved eit ledig bord. Syklistane som hadde tilbrakt 73 km på sykkelsetet den dagen.
Torsdag, siste kveld før Synnøve og Alemayehu sette seg på flyet til Sola, tok Livar initiativ til endå eit restaurantbesøk. Denne gong til Grottaglie. Etter ein god runde i keramikkbyen leia GPS-en oss til adressa for kveldens utskeiingar i matvegen. Me fann bare ein delikatesse og vinbutikk, og kom til at me måtte ha registrert feil adresse. Då kom det ein gestikulerande og svært så pratsom kar ut og lurte på om me var i ei gruppe på 8 som hadde bestilt bord. Me visste me skulle vera sju, men svara ja då me forstod at vin og delikatessebutikken også var ein restaurant. Ein ganske så fin ein endåtil, om ein dømer ut frå utvalet av vinar.
Eg som ikkje har særleg greie på slikt flytande, kan lite lesa ut av etikettar, årgangar og druesortar. Det er vel helst verre enn å banna i kyrkja om eg seier eg endå ikkje har smakt rødt som smakar betre enn cola. Om det er meg det er noko gale med, eller dei vinane eg har smaka, veit eg ikkje. Blir meir på dei andre når eg klarer meg med øl eller cola. Kom tilbake med det kvite, det er noko heilt anna.
Æ dar nogen andre Jærbua hær? He me dæ kje jillt?
Kva er så neste rett før me må tilbake til Jordbærpikene og M44?
lørdag 4. oktober 2014
Fjernstyrt shopping
Kva gjer ein når ein sit aleine ein
lørdagskveld og ventar gjester utpå søndagen. Ikkje bare gjester forresten,
fjernstyringa kjem og.
Det har vore att og fram ei veke, men til sist sa
doktoren ja. Det er greitt å reise.
Ho skulle ha kome hit tysdag, men då var
det endå slik at reise vart frårådd. Maratontur vert det nå sjølv om starten i
kveld bergar ein ekstra halvtime i morgon tidleg. Overnatting i Rosselandsvegen
Bryne hos Alemayehu og Synnøve gjer turen til flyplassen ein halv time
kortare. Alt 05:25 tek flyet av retning Riga, deretter Roma. Anne Marie var så
sein med bestillinga av billett pga at det var så usikkert med heile reisinga. Det
gir 10 timar venting i Roma, men då blir det mogeleg med ein snartur inn til
byen. Lunsj på plassen framfor Panteon
er visst planen. Anten ho høpp av flyet her eller der er ho omgjeven av venner. Det der
flyet til Air Baltic blir som eit slags venner og venners venner fly. Anne
Marie har reisefølgje med Alemayehu, Anne Irene, Arnt Håvard, Oli, Synnøve
og Torfinn.
Alemayehu og Synnøve har fly vidare hit utan den gall-lange
ventetidan på Fiumucino. Eg skal hente dei på Aeroprto Salentino
Brindisi kl 15:40. Klokka 22:40 er det
ny bytur, då er det Anne Marie som skal hentas.
Apropos fjernstyring. Eg fekk det
så over meg i dag. Du må ta deg ein tur ein eller anna stad der du kan shoppe.
Det må ha vore ho der heime som på underleg vis fekk meg av garde. Eg enda på
HappyCasa. Nokså ny butikk. Eg gjekk systematisk til verks sidan eg kjende med
beordra. Ho er i grunnen utruleg slik Anne Marie. Ho let meg endåtil tru at det
er eg som bestemmer, men så trekkjer ho i trådane på ei måte som gjer at eg
ikkje merkar styringa.
Søppelsekker som passar søppelkassen er då greitt å ha. Sugerøyr for heimelaga slush er heller ikkje dumt. Innretning til å ha på gasskokaren når ein bare skal ha putrekoking gjer det enklare med nettopp putrekoking. Frosken med solcellelading av lys var nå litt surrete, men eg kunne ikkje stort la han innta hagen her aleine, nei selskap må han ha. Tvinga viste seg seinare å vere tvingande nødvendig, men ikkje til det som var formålet. Tvinga vart kjøpt i eit forsøk på sjølv å tvinge saman deksel og rotor til jordfresaren. Ein altfor stor stein kilte seg då eg sist brukte fresaren. Mutrane og boltane har eg skjønt må gås over, men ein nokså vital bolt gav seg. Heile sulamitten vrei seg som i smerte. Eg slapp taket i dødmannsknappen som må haldast inne for at Hondamotoren skal sviva. Men første bruk av tvinga vart å halde på plass zanzariere som skulle tilpassast døropninga. Baufil til 60 kr gjorde nytte ei stund, men bladet var ikkje særleg seigt. Etter kort tid sprakk det i fleire bitar. Ikkje det at insektplaga er så veldig stor nå, men når det først var kjøpt vil eg helst få det opp med det same. Ferramentaen oppe i byen hadde blad som nok har ein noko høgare kvalitet enn det som følgde med det første eg kjøpte.
Sidan ho eg er glad i kjem i morgon måtte eg nesten ein tur innom blomsterbutikken og.
Det vart fint ja.
Etter ei veke på italiensk språkskule hadde eg helst venta å bli så god at eg kunne sei eg snakkar flytande italiensk. Noko skuffa vart eg, men skuleveka var ikkje fånyttes den. Det viktigaste eg lærte eller rettare sagt innsåg, var at skal språket koma inn under skinnet, så må nok skuleguten bruke noko tid på jobbing.
Eit av spørsmåla på L'Acanto var:
Cosa ti piace di Puglia?
Det eg likar med Puglia er klima, folk og maten. Dei som kan studerer profilen min ser vel ganske så fort kva som har første prioritet.
Ci sono qualche cosa che non ti piace su Puglia?
Eg likar ikkje laushundane på Campagnaen, og så likar eg ikkje forsøplinga heller. Michela var SÅ enig, både om hundane og søppel som ligg og flyt på dei mest utrulege stader. Kontrastane blir liksom så store når ein i eine grøfta finn alpefiolar i nydelig blomstring
og snur ein seg rundt så er det alt anna enn nydeleg blomstring. Kanskje det er vidare bygging av steingarden med alternativt materiale? Alle italienske bad skal visst ha bidet, men dette er vel ikkje noko bad
Michela forklara det slik at alle italienarar brydde seg mykje om hagen heime, det som var innanfor gjerdet. Alt det andre var det lite ansvarskjensle på. Såg det tydeleg i dag då eg var på handleturen min. Ein eldre mann, sei 15 år eldre enn meg, henta ei handlevogn. I den låg det litt papir, og kvar hamna vel det? Sjølvsagt på asfalten like ved. Han såg seg ikkje rundt eingong for å sjekke om nokon såg han.
onsdag 1. oktober 2014
Il mio nome è Geir. Io lavoro a campagna.
Come ti chiami? Mio nome e Geir
Quanti anni hai? Ha cinqantanove anni
Hva heter du? Mitt navn er Geir
Hvor gammel er du? Jeg er femtini år
Ikkje nett nokon revolusjonerande framgang, men sakte sakte glir det inn. At Michela, læraren, er ei ytterst sympatisk ung dame er på ingen måte noko hinder for læring.
Men ein ting ser eg, det å vera aleine elev i heile to timar i strekk, det er i allefall ei påkjenning for eleven. Har igrunnen visst det lenge sett frå ein lærar sin ståstad. Ein kan vanskeleg halde like stort læringstrykk i meir enn ein snau time. Siste halvtimen er vel helst slik at augene flakkar endå meir enn til vanleg, skal lite til for å bli avleda.
Heime på campagnaen vart det litt arbeid. Under alle oliventrea er lauvet blese til sides i ringar. Under dei største trea har eg sett fyr på. Beste måten å bli kvitt lauvet på. Blir det liggjande, rotnar det og blir seigt og klebrig. Under normale forhold med oliven som fell på bakken når dei er mogne er det best om bakken er reinast mogeleg.
Fekk og sjå at mitt gode gamle Canon EOS 350D er meir dugande enn mobilen om ein skal få bra bilete.
Når det gjeld dyreliv har eg tidlegare nemnt dette med hundar. Ikkje hundar i band eller hundar i garde. Nei slike som spring lause utan eigar som kan roa ein med at nei, han er ikkje farleg,
han er så gild så. Det er rett så utriveleg å møte eit kobbel på fire fem slike. Dum grunn til at sykkelen mest ikkje vert brukt, men slik er det.
Firfisler er her meir enn fire fem av. Kor eg enn snur meg, så piler det ein liten skapning i ein fart som hadde han noko vondt i hælane. Tydeleg at det må vore eit godt år for arten, for her er mest små, ungdommar tenkjer eg det må vera. Skulle eg fått bilete av ei firfisle vil eg tru eg måtte stille med meir tolmod enn det eg har.

Frå Wikipedia
Med gekkoane er det likeeins. Det held til ein eller fleire i lagerrommet, det som har hatt besøk av tjuvar eit par gonger. Gekkoen spring lett som det oppover og bortover veggen. Syns den ser litt ut som de skulle vera laga av same stoff som Laban seigemannen i pose. Det mest spesielle med den er nettopp evna til å ta seg fram oppetter vegger. Grunnen er føter som er designa for å klare slik vertikal forflytning.
|
Frå Wikipedia
I nemnde lagerrom er det fleire som trivst. rett nok var her bare hylsteret att, men det lag på ein bjelke oppunder taket. Slangen som ein gong har vore inni må sikkert ha synst at den bjelken var ein trygg og god stad for hamskifte. Omtrent 40 cm lang har den truleg vore. Satsar på at det er av den snille sorten, den som ikkje har gift i kjeften. Piskeslange er namnet den ber. Viper, som er den andre sorten, vil me absolutt ikkje vita av. Slett ikkje innandørs.
|
Skinnmanøver?
mandag 29. september 2014
Ny puss, enkelt og greitt.
Sono norvegese. Eg er norsk
Vivo in Norvegia. Eg bur i Norge
Ha cinqantanove anni. Eg har femtini år, slik er det her.
Ikkje eg ER femtini, rett og slett eg HAR så og så mange år
Eg fekk Michela, læraren heilt for meg sjølv. 2 intense timar der eleven bare måtte gjere så godt han kunne for å henge med. Vart sjekka ut som ein elev absolutt på nybegynnarstadiet. Kjenner meg bra heime der kan du sei.
Vel ferdig med skule for dagen, inviterte eg likegodt ein Walisisk nabo som jobbar i Sri Lanka på kaffi og pannekaker. Gerald, som han heiter, har italiensk som språk frå universitetstida si, men nå treng han oppfrisking. Har hus på campagnaen mindre enn ein kilometer herifrå. Er og elev på L'Aconto denne veka.
Veggen som vart rulla av med malarrullen fekk nytt liv i ettermiddag.
Lino kom hit klokka 3. Pussing var oppdraget, og det såg ut til at han var fagmann på området. Intonaco innjøpt tidlegare, vart blanda for påsmøring av vegg. Det gjekk ganske så fort for seg. Resultatet ser så langt overbevisande ut. Klart nok veit ein ikkje pr. nå om det held betre enn det som var på veggen, men det er lov å tru det.
Medan Lino jobba med veggen fekk eg vaska eit par golv. Litt festlig med slik mopp som du kan snu opp ned og bruke som parykk.
Litt bilete frå det som veks her måtte eg og ha med.
Skulle ønskje eg var betre i å kjenne ulike planter frå kvarandre. Då hadde eg visst meir enn at dette er eit sitrustre: Set eg ein innsats på at det er eit sitrontre, trur eg eg har gode odds.
Skal nok ein del til for at kvar blom blir ei frukt, men nokre av blomane må vel knyte seg til frukt vil eg tru.
Kan vel vera at dette og er eit slag sitrustre. Bløming sist i september på frukttre, korleis kan vel det gå godt? Men nå er me på hælen, så då går det gjerne godt sjølv om det er vinter som stundar til.
Han gav meg eple å eta hadde eg tenkt ho skulle seia, men dengang ei. Innsatsen i flomvatnet i starten av august har ettervirkningar som gjer at ho som skulle seia det, ho får ikkje høve til å reise ned hit nå i haustferien. Sjukdom set stopper for det.
Hekkan for ein hekk.Og så av rosmarin. Det skulle kunne bli krydder både til lam og poteter her vil eg meine.
Fleire av plantene våre var i fosterheim i Villa Serena medan me var på Vigrestad i august og september. Denne måtte klare seg som best var aleine, men plassert slik at den skulle få litt takvatn i tilfelle regn. Før heimreise i oktober skal den i jorda og vil sannsynligvis klare seg gjennom vinteren utan tilsyn.
torsdag 25. september 2014
Veggen vart vekke, eller var det motsatt?
Hadde det vore mogeleg skulle ein kanskje tatt det i denne rekkjefølgen.
Til sist når Marco har gjort sitt, blir det truleg sjåande slik ut. Pedellparet i Ceglie er mangfaldige. Etter 7 år som semiitalienarar har dei opparbeidd seg ein stor krets av både venner og fok som kan gjera likt og ulikt av arbeid. Marco driv med mur, puss og fliser og eg reknar med at han kan kunsten å pusse ein vegg.
Det er nok helst glassfiberarmeringa inni mellom to puss-lag som vil gjere susen.
Det viktigaste, vegg å pusse på er klar.
Biletet lyg litt, det er ein flat vegg som krummar seg pga panoramafunksjon i mobilen |
Då står det bare att å få ein dag og eit klokkeslett. Dei tre mila frå hit og opp til Ceglie er lange mil for ein innfødd. Marco ville helst bli henta og det skal eg sjølvsagt få til. Utan kart og utan gps. Han bur midt mellom Ånestad Dubland og Auglend, på grensa mellom Martina Franca og Ceglie Messapica.
Abonner på:
Innlegg (Atom)