Skarp
luft i dag tidleg. Skuffande resultat av overflatebehandlinga av gitterportane.
Det vil seie, dørene inn til cisternerommet er fine. Gitterporten har nok fått
dogg på seg før overflata har herda. Det vart matt i staden for blank
overflate. Ikkje verre enn at eg får fare over med eit ekstra tynt lag for å få
rette finish. Har teke lærdom og malt tidlegare på dag i dag. Dogga må vere
borte og så må det vere lenge nok til ny dogg kjem. For dogg kjem her.
Temperaturforskjellen mellom dag og natt er rundt 10°, og når lufta er så metta
av fukt får ein dogg som resultat.
Sykkelen frå Kjell Gunnar er god å ha. 3 syklar i mitt eige. I her, 2 heime, 1 på garasjeloftet som nok er nærare 75 år gammal og brukssykkelen eg måtte ha når den andre vart plassert her.
Dei dagane veret har vore til det har eg sykla meg ein tur opp til San Vito frå morgonen av. I dag var det kaldt på hendene.
Palma fortalde at det var ein på vegen til Mesagne som reparerte «cultivatore». Ho meinte at han kanskje kunne skaffe noko brukt. Eg trur eg fann rette plassen, men det var så travelt av folk som hadde maskinar til hausting av oliven inne til reparasjon, så eg tek det med ro. Skal ikkje frese verken i dag eller i morgon. På vegen til Mesagne, like før Lidl ligg det eit oljepresseri, Soc Coperativa a.rl. Olivicoltura Sanvitese.
Spør ein får ein svar. Ok å kome inn og få sjå? Kom, kom. Omvising fekk eg og. Heile
prosessen er automatisert. I eine enden vert oliven tømt oppi ein kumme, så
blir det ført gjennom ulike maskinar som utfører dei operasjonane som skal til
for at ein i andre enden kan la kar etter kar by fylt med gylden olje. Kunne
nok klart meg utan smaksprøven, tenk deg 4 -5 spiseskeier olje i eit lite
plastglas. Men høflig må ein jo vera, i alle fall når ein har vore så frampå og
bedt om å få sjå. Så mild smak på olje har eg aldri før kjent, men det var
likevel i konsistens som fleire munnfullar med tran, bare at her var lite eller
ingen ettersmak.