Dette med dato blir fort feil når ein balar med blogg slik i ettertid. Innlegget her vart skrive første utkast til onsdag 18. juli 2012
Jau
sjølvsagt måtte dette sjåast med eigne auge. Monteciminiello, vår første italienske huskjærleik,
ferieplanane måtte endras.
Seiser
Alm fekk melding om at besøket der ville bli avkorta. Geografisk låg det fint
til, ingen omveg i det heile. Ligg faktisk langs den vegen me uansett ville ha
kjørt om me skulle sørover heilt til Puglia. 300 kjøremil er vel ikkje noko når
ein har ærend. Vårt ærend var å ta Monteciminiello i augesyn.
Utpå
dagen laurdag 14. juli kjørte me så og seie rett på Cda Sacramento der Sofie og
Livar held hus dei delane av året når dei ikkje et Hillevågssjeva. Vertsskapet, ja for vertskap vart dei sjølv om
me heldt oss sjølv med både seng og bad, slo frampå om at me utpå dagen sundag
kunne ta turen ned til Villa Monteciminiello litt sør for Francavilla Fontana. Me var vel trøytte rekna dei med, men der tok
dei feil.
Då tek me
det slik eg skreiv i sommar medan dette stod på:
18.07.2012 Det er onsdag kveld. Endå ein dag
rik på opplevingar, men frå nå av er det omtrent bare ferie og heimreise. Me
har hatt nokre intense dagar sidan me drog frå Silvi. Kom fram til Contrada
Sacramento lørdag ettermiddag. Etter kort pause med litt forfriskingar kom
spørsmålet: De vil vel vente til i morgon før me dreg til Monteciminiello?
Slett ikkje. Einaste grunnen til at me endra planar frå ei veke i Seiser Alm +
2 veker på loffen opp gjennom Tyskland var jo nettopp Monteciminiello. "Me vil
sjå det nå, straks", var svaret frå to kjøretrøytte grønlendingar. Over i meir
passande kjøredoning for italienske gater og vegar og halvitaliensk sjåfør og
etter ein dryg halv time stoppa me framfor staden me hadde tapt våre hjarte
til.
Valentino opna porten og vinka oss inn. Gina kom og raskt til i badekåpa,
nydusja i litt av alle dei 60000 litrane med vatn som cisternen kunne ta vare
på. Huset var slik me hadde sett frå bileta. I god stand, lite eller ingenting
såg ut til å vera nødvendig å gjera før me evt kunne flytte inn. Tomta elles
bar preg av folk som jobba med jorda, ingenting å setje fingeren på der heller.
Litt rot slikt som samlar seg opp hos mange var der, men inntrykket var
overmåte koselege husfolk. Bileta frå nettsida til Rosanna laug ikkje, Heller
ikkje Livar sine mange bilete. Einaste var det som ikkje var teke bilete av. På
nabotomta veldig tett inntil huset «vårt» var er ein bunkersliknande trullo malt i skrekkgult. Har aldri sett noko likande, fælsleg såg det ut. Bak
trulloen var det er ei samling liknande med det miniknoksen har. Gammalt jernskrot i heller store mengder, alt i same
rustbrune farge. Kunne ikkje gå lenge før ein måtte få opp ei eller anna
skjerming mot denne tilsynelatande fråflytta eigedommen. Valentino fant ei glasflaske og bad
meg med inn i eit lagerrom på baksida av huset der nokre av dei 400 litrane
olivenolje var oppbevart. Han fylte flaska til topps og det er det me har att
av huskjøpet sør for Francavilla Fontana. Etter visninga kjørte Livar oss inn til Ceglie der me hadde eit herlig måltid pugliansk mat. Alltid godt. Liten restaurant , Osteria Pugliese nær ved ein open plass der me har vore før og ete pizza, då saman med Reidar og
Sissel og Arnt Håvard og Anne Irene.
Litt av eit styr forresten å få parkert vårt
første italienske hus. Eg trur ikkje det var mykje meir enn 10 centimeter klaring
på begge sider mot portstolpane inn på plassen me skulle få låne medan me var i
Ceglie. Riksing fram og tilbake lett på gassfoten og med hjartet i halsen så
kom eg meg inn. Eminent direksjon frå eks bussjåfør, bubilsjåfør og bankmann var
til umåteleg stor hjelp. Faktisk var det ein fin plass å stå med bilen. Skugge
frå store tre gav levelige tilhøve innandørs der me mest ikkje var anna enn når
me skulle sova. Ein nokså forfallen trullo, men ikkje verre at eg har trua på
at eg skulle fått til å setje den i stand.
Då me skulle ut att vart løysinga vinkelslipar
og skøyteleidning på skøyteleidning på skøyteleidning.
Har du ork kan du ta ein kikke på video av
utlegging av straum. Kor mange kontaktar måtte til?
I løpet av søndagen kom både Anne Marie og eg
til at Monteciminielleo måtte me bare seie farvel til. Naboskap og lite
tillitsskapande arbeid frå meglar si side var det som avgjorde.
Måndag hadde me avtale med Guido, ein venn av
Sofie og Livar som driv som meglar og i tillegg jobbar som ingeniør og tek på
seg ulike småjobbar på hus. Han hadde fleire hus i vårt prisområde som han
ville syne oss. Fyrst bar det til Villa Amore der svært så hyggelige husfolk
venta på oss. Fin plass, kunne godt samanliknast med standarden på
Monteciminiello, men ikkje så ugly naboskap. Så eit par restaureringsobjekt før
me kom til rosina i pølsa.
Villa Giulia såg enkelt nok ut frå utsida. Me kom
direkte inn i eit kjøkken som hadde det ein treng av skapplass og benkeplass
for matlaging. Vidare inn i eit soverom stort nok for dobbelseng og derifrå dør
direkte inn til det minste baderommet. For eit syn, det var veldig enkelt og
veldig delikat. Stor dusjnisje, toalett og vask.
Dette vil eg ha, tenkte eg med
ein gong.
Tilbake til kjøkken og inn i stova. Dobbel dør
ut til terrasse og dør inn til stort soverom med to enkeltsenger plasser midt i
rommet. Også frå dette rommet var det dobbel dør ut til terrassen. Vidare dør
inn til det største badet med både stort badekar, dusjnisje, toalett og
vask. Same lekre utføring her. Her vil både husfolk og gjester kunna trivast.
Guido hadde endå ein avtale og sidan me ikkje kunne sleppe Villa Giulia så fort, vart me nok litt seine på siste staden. Ikkje for det, me hadde ikkje trong for fleire
stader for nå hadde me begge fått los. Villa Giulia hadde det me vil ha. Huset
var oppussa i løpet av dei siste par åra. Isolert og med doble vindauge som
ikkje er vanleg her. Artesian well (brønnboring), stor cisterne og drikkevatn rett frå kranen.
Dobbel septisk tank etter dei krava som gjeld i dag, dvs «up to date» metode
for å bli kvitt det det kommunale kloakksystemet tek seg av heime. Tomt på omkring 8 mål tilplanta med
oliventre på mesteparten. Ein del nyplantingar var der og av ulike frukttre.
Bakaromn, utegrill, stort og djupt basseng, koseleg frukostplass like utfor
inngangsdøra, stort oliventre med skugge under der ein kan innta både måltid og
horisontalen.
Då vart det direkte heim til Guido for å gjere
unna dei formelle sakene som kunne ordnast då. Bud vart førebudd, både på
oppgitt salssum og eit litt lågare som me vil prøve først.
Høne med diverse grønsaker vart servert. Alt
umerkande tillaga av Angela medan Guido og Daniela var opptatt med huskjøpande
jærbuar.
Me gjekk ikkje svoltne derifrå kan ein sei. Tilbake til Contrada
Sacramento vart Oddny i banken oppringt via Skype. Kunne ho ta seg av
hurtigtransaksjon av pengar frå dei halvgale huskjøparane til eigedomsmeklaren
slik at "preliminari offerta" kunne bli offisielt? Nå er pengane inne hos Guido
og me kjører linja ut. Om engelskmennene Julie Karen og Nicholas Andrew
aksepterer vårt bod, så tek det endå ei tid før me eig plassen, men den er nå
vår når dei evt aksepterer. Skulle dei angre seg og trekkje seg frå handelen, må
dei betale oss det doble av det me så langt har lagt inn. Avslår dei våre bod
får me pengane tilbake. Livar går god for Guido, så der skal ein ikkje vere
uroleg skjønar eg. Elles vil eg vel sei at det heile ikkje er så vanskeleg, det
er bare så heilt annleis enn heime.