Translate

torsdag 15. august 2024

Ei tid for alt

Skal ikkje plage nokon med vermelding i Puglia, sjølv om det er tett på at me legg ut på landevegen sørover. Nye minner vert danna, enn så lange får me ta vare på dei minnene me alt har fått.

Matera.    With a history of continuous occupation back to the Palaeolithic (10th                             millenium BC)    3.eldste by i verda etter Aleppo og Jeriko.

Me vart tatt imot av opne dører i nabobygningane til der me overnatta. Bakeri like innfor disken, så kunne me få med oss litt av framgangsmåten på baking av det som må vera noko av det beste brød ein kan få tak i.

Brødet her er digert, sjå bare på dørhandtaket så har du målestokken. 

Noko av det spesielle med Matera er at det frå gammal av har vore ein busetnad basert på holer, delvis naturlige, delvis utgravne. På slutten av 50 talet vart det starta sanering av heile området, det vart rekna for å vera altfor primitivt til å hyse folk på forsvarlig vis. På 80 talet snudde tendensen, det vart renovert og rydda opp. Skråningane ned mot Gravinaen vart sett i stand litt etter litt. I dag er her overnattingsplasser rundt kvart eit hjørne. Restaurantar like så. På det meste er det lite råd med kjøring, lovlig er det heller ikkje. Sjølv ikkje til og frå overnattingsplasser. Fekk erfare det for eit par år sidan. Kjørte forsiktig til plassen me overnatta på og så rett ut att av området med restriksjonar. Minst eit halvår seinare kom det post til Vigrestad frå Italia med bod om gebyr. 


Vanligvis går ein inn i ein restuarant. I Matera kom me over fleire stader der ein går først inn, deretter ned inni fjellet fleire etasjar og finn fine lokale for eit godt mål mat.
Om ein ikkje finn fri parkering, kan ein løyse det på denne måten. Rett nok ingen hurtigladar, men slik stod Teslaen parkert gjennom heile dagen. Lite tanke for om andre kunne ha bruk for straum til sine kjøretøy.

Vår venn frå Bryne let seg begeistre over byen. Fascinerande korleis kvar ein krok er nytta ut. Vegar, smau og trappegangar ligg utover det heile som eit organsik mønster, noko som bare har vakse fram av seg sjølv etterkvart.
Sjefen var med, ho og.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar