Translate

lørdag 22. juni 2024

Estate numero uno 2024

Å fara på ferie er ikkje plent bare bare. Me veit korleis det gjekk med han som ville flytte fra nissen: 

Og mannen ville fra nissen flytte
men reisen ble ham til ingen nytte,
for høyt på vognlasset nissen lo:
Jeg tror vi flytter i dag, vi to,
jeg tror vi flytter i dag, vi to.

Teksten møtte meg først i søster Ingunn si lesebok når eg var slik 9 -10 år gammal vil eg tru. Seinare har eg jo som vel dei fleste, sett kor sant det kan vera. Uhelse blir og fort med på lasset, anten ein fer hit eller dit. 


Her er bilen klar for tur. Spenning til å ta og kjenne på, om ikkje komponentane hadde vore skikkeleg isolert.  Det vil nå helst gå godt seier ein ofte. Når det gjeld kjøring, lading og passelige pausar gjekk det faktisk ganske så godt. 

Me laga oss ein ekstra pause ved Extra Fiskå like utfor Kristiansand,  for å vere mest mulig oppfylt av energi når me kjørte i land frå Fjordline i Hirtshals. Å vere grøn sjåfør førde nok til litt uro om korleis det heile ville gå.

Ombord på Danmarksbåten var det vårt eige energilager som skulle fyllast. 4 timar med dekka bord kan ein lett bli mett av. På dagseglingane får ein sitje i Buffet Commander heile tida, og etter 4 timar slepp ein å starte kjøringa på svolten mage. 

Den grøne energien er visst rundt oss alle stader. Fjordline fyller gass på tankane sine, og då blir turen over  blåmyra rett og slett grøn. Det heile bl så grønt som det er mulig å bli, vidare nedover på motorvegane og når me kjører grått og svart og likevel grønt.

Tyskland er så mykje når det gjeld natur. Her sør, like ved grensa til Austerrike er der både høge fjell og skogkledde åsar.  Me er endå noviser i straumkjøring, så det å finne ladestasjonar var endå langt framme i hovudet ettersom me trilla sørover. Füssen fekk besøk av straumsvolten bil og matsvoltne bileigarar. 

Vel påkopla hadde me ein snau time på å finne oss passande mat. Kinamat duger0 alltid for skrivaren. Slik fekk Lotus kinamat besøk av oss nordmenn på leit etter mat. 

Sprøsteikt and er slett ikkje å forakte, i allefall ikkje når den blir servert i lag med ris og smakfull saus.

Danmark får vere Danmark. Tyskland får vere Tyskland. Austerrike likeså. Det er Italia som tel i vårt rekneskap.

Målet var Lago di Garda. Der gav me oss sjølv høve til å vera turist eit døgn før me tok vidare. Me tok to overnattinger i leigd leilighet, i 3 etasje med så smal ei trapp at ein nesten måtte smyge seg oppover. Hadde eg vore litt smalare om livet hadde det kanskje hjelpt å gå sidelengs.

På toppen her heldt me hus i eit døgn. Det høyrde med terrasse på taket, og då måtte me gå ned den smale trappa frå vårt rom i 3.etasje, ut på gata og inn ei anna dør og opp att 4.etasjar. Me var visst bare ein gong på det taket.
Romantikk stadfesta med synlige teikn på elskhug. Mange som hadde stoppa på denne vesle brua for å vise for kvarandre og for vide verda at dei var glade i kvarandre.

Kvelden kom og ingen av oss var vel i tvil om at me hadde valgt rett stad for det eine døgnet med turisme me hadde planlagt. Promenade langs Lago di Garda, deretter restaurant like utfor døra der me budde. Smauet var vel ikkje meir enn drygt eit par meter breitt, men plass for bord og plass for folk å passere vart det likevel.
Så vart det langdag med nasen mot denne innkjøringa. Me slapp ikkje ut av parkeringsplassen i Garda før klokka runda 08:00. Til Villa Felizia kom me akkurat i det det mørkna, klokka var då rundt halv åtte på kvelden.
Litt juks her, men sidan dette ikkje er noko forsøk på mastergrad i Italia er det vel lov. Biletet er tatt ved avreise i det det gryr av dag.



























Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar