Translate

mandag 15. mars 2021

Med hugen vend sørover

Der  heng det ein clementin, frisk, fin og fristande. Trur nok den hadde selskap av mange andre som har blitt plukka av nabo Lina eller av Julio og Julie, dei to som steller på tomta når me ikkje er der.  Det er forresten dei som haustar oliven i sesongen og sørgjer for at olivenbæra får skyss til eit oljepresseri og blir omgjort til olio d'oliva extra vergine.  Om eg ikkje tek feil vart det 30 liter på oss siste året. 

Takk til Signe og Gaute som tok seg ein tur ned til låglandet og gav oss med det ein ide om korleis det ser ut på eigedommen vår akkurat nå.

Er ikkje heilt nøgd med tingenes tilstand. Likar lite det der med at me ikkje får reise, men ser heilt klart at slik må det vera. Når me ikkje kan vandre rundt i hagen og gle oss over vekstene der, då får me finne andre måtar for å ta ut lengten. Rett nok aldri nok, men betre enn ingenting.
Plantasjen på Bryne kunne by på fleire slag sitrustre, delvis med frukter og delvis med blomar. Låg ikkje heilt til rette for ei vandring mellom desse, men næring for lengten det gav dei.



Blir nok ikkje mykje olivenolje frå desse buskane. Prøvde ein gong med eit par slike tre. Tok mindre enn eit år å ta knekken på dei.
Hadde ei stund ein tanke om at siste del av mai kunne vera rett tid for avreise sørover. Når me ser korleis det går med vaksinering, er eg redde det kan ta lenger tid før Giottiline og Roomster kan trille ombord i FjordFSTR for så å ta fatt på dei 2600 kilometrane  frå Hirtshald til Latiano. Og ver du sikker, den dagen reiseråda ikkje lenger frårår reise, då er me klar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar