Translate

fredag 22. september 2017

Autunno qui, ma non ci.

Det stundar mot haust på Jæren. I Puglia er det meir so m god sommar etter norsk standard. Om ei veke (korrigert til avreisedag tysdag 26. sep etter påtrykk/vennlige anmodningar frå korrektøren) set eg endå ein gong føtene på italiensk jord.  Treng eg fortelje at eg gledar meg?

Det heldt hardt i sommar då nokon plent ville inn hos oss sjølv om me ikkje var heime. Det er noko som heiter selektiv gløymsle, og det er visst det fenomenet som har råka meg. Gjort er gjort og kan oftast ikkje gjerast på ny. Fordelen får vera ny inngangsdør og ny gitterdør av massivt jern skal monterast etter avtalen dagen etter at eg har kom ned. Rett nok er det ikkje alltid slik at av avtalar gjort på fastsett dag blir gjennomført før ein eller to dagar etter. Men når ein bare veit om det, så kan ein vere innstilt på det i utgangspunktet.
Slik såg det ut tidleg på morgonen 8. august då me reiste heim etter bortimot 2 månadar i UT-LENDIGHET. Ein skal ikkje bytte UT med E heller, sjølv om det vart i heitaste laget når gradene kraup heilt opp i 43 fleire dagar etter kvarandre. Nå tyder meldingane på litt nedbør og temperaturar på mellom 20 og 28. Går an å leva med det skulle eg tru.
Me ville garantert få problem med å få ned Santa Claus gjennom pipa. Han måtte vera av det syltynne slaget i så fall. Det ringaste ville nok vera at pipa er såpass gebrekkelig at om han først kom seg inn i pipa,  ville han like fort sett seg fast. For alt eg veit har den blese ned i løpet av siste månad, men på eitt eller anna vis skal me nok få på plass ei ny. Om det blir ny omn i same belet, har me endå ikkje bestemt oss for. Forsåvidt ikkje noko gale med den omnen som er, men den har litt liten kapasitet på vinterstid. Ikkje er det sik som heime heller at me bare set på meir elektrisk. Prisen på straum er ganske så høg, så til oppvarming prøver me å unngå å bruke elektrisitet.
Billett er klar, og har vore klar rett så lenge. Litt trøbbel ved bestilling var det rett nok. Det er veldig ulikt korleis dei nettbaserte reisebyråa handterer endringar i billettane. Når eg bestiller må eg nesten ta omsyn til Meggi som skal hente på flyplassen. Kan ikkje vente at ho i tillegg til å hente også skal ta seg fri frå jobben som startar rundt 19 på kvelden. Dermed er det opp helst før otta her på reisedagen. NSB søv på den tida eg må ta ut. Anne Marie stakkar blir uroa midt på natta omtrent, når ho må stille som sjåfør slik at eg kjem til Bryne før bussen frå Bryne til Sola tek avgarde 04:15. Bare 30 minutt etter det, er eg på Sola, med rikeleg tid for innsjekk til Fligth KL1196
På Schiphol blir det ikkje mykje venting. Reknar med å få det travelt. Men betre det enn bytte av flyplass i Milano. Etter først å ha bestilt via Linate,  vart eg bare bytta over til flyplassbytte i Milano. På altfor lite tid skulle eg kome til Malpensa for så å bytte til Linate på andre sida av Milano. Eg maila til Ticket og sa frå at den typen stress tåler eg ikkje. Ganske så fort fekk eg tilbakemelding om eg kunne klare flybytte i Amsterdam på 55 minutt så skulle det vere ok. Kæ sgo fela? På 55 minutt rekk eg ikkje å gå meg vill vil eg tru.


















Om du seier det er nokre hundre meter frå eine enden til den andre, så har det lite å seie. Der er oversiktlig og lett å finne fram. Opplysingane på tavlene stemmer, ingen på kontrollsenteret som ser ut til å ha moro av å melde ny Gate om att og om att. Sist eg reiste via Fiumichino kjendest det som nokon dreiv ap med oss og ikkje var nøgde før me kom til 4 Gate. Mangla bare at bussen kjørte til eit anna fly enn det som skulle til Brindisi.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar