Då eg dette året la opp til bilbruk tur
retur Latiano, var det ikkje bare galskap eller trong for transport av tunge
eller store saker. Nei, eg hadde planar om å ta att det som forsvann i fjor i
flaumen. Ei veke på tur opp frå hælen
der omtrent midt i Middelhavet var det eg tenkte. I Chamonix er det ein fjellheis som tek ein
opp til Aguilee de Midi. Dei 3800 metrane opp dit er eg ikkje typen til å fikse
sjølv. Skulle eg kome såpass opp i høgdemeter måtte det bli bil først og så
gondol. Eg var heller ikkje budd på å gje slepp på Italia slik med ein gong, så
vel oppe i høgda var planen å ta kabelbane tilbake inn over italiensk
territorium. De har vel høyrt om vesle broremann som skulle lage syskrin til
mora si. Etter kvart, i små steg, tok realitetane over, og planen vart gradvis
redusert like til han stod att med ei skjærefjøl. Da blir hun sikkert glad, den vil hun sikkert
ha, og at det er en nyttig ting kan ingen komme fra.
Mine planar om Mont Blanc forsvann som
dogg for sola då eg kom til krysset der eg måtte velje. Via Frankrike eller
snarast råd nordover?
For to år sidan hadde eg bilen inne på ein
verkstad i Poggibonsi. Eg var innom, men midt i den italienske ferien var det vel ikkje anna ventande enn at der var stengt. Får prøve å få til ein førehandsavtale neste år ved hjelp av Sandra på Giottiline-fabrikken.
Skifte av nedre del bakvegg på Giottilinen og fiksing av
feil på styringspanelet for straumen var ærendet då. Eg tok ein sjanse, men
sidan det var så å seie langs vegen eg likevel ville kjøre, stoppa eg innom for mulig fiksing av nye feil på det elektriske. Straumen går ikkje via brytarane på
styringspanelet, det går bare styrestraum til kvar forbruker. Du kan sei det
slik at det er gildt når det fungerer, og passe frustrerande når det ikkje vil
spele på lag. Ikkje heilt moden teknikk på det tidspunkt vår bil vart
produsert. (2006) Verkstaden hadde ferie og det skulle ikkje vere vanskelig å
gisse seg til det.
Dei ein til to dagane eg hadde tenkt å vere der, vart brått til
bare 1 til 2 timar. Det var då ideen kom. Har Fjordline ledige plasser på
tidlegare avgangar? Først nettsjekk. Ja, der var det ledige plassar med avgang
torsdag 27. august. Så telefon til Fjordline med negativt svar. Ingen ledige plasser. Ny sjekk på nett via
mobilen. Ledig? Ja. Eit kjapt skifte i hovudet. Gammal plan: Til toppen av
Euopa, med fjellheis like til kanten av Mont Blanc. Ny
plan: Overraske ho som toppar sjølvaste Mont Blanc med ein uventa tidlegare
retur.
Det er med slike planar som med reiser. Meir enn halve gleda er
planlegging. Eg likar ikkje å lyga direkte. Omskriving kan gå, men direkte lygn
er ugreitt. Då Anne Marie i forgårs spurde "Kor er du nå?", så vart eg svar skuldig.
Ja, ja, eg hadde nå kosa meg rett så godt allereie ved tanken på at ho skulle
koma heim frå jobb fredag og finne meg i stova, kan hende endåtil med middagen klar.
Kjøring langs trafikkert vegar kan vere
krevjande. Når der er vegarbeid og vegen blir snevra inn til 2,15 i breidde, då
er det trailersporet som gjeld for meg. I eit uoppmerksomt øyeblikk, fekk eg eg
møte med ein markør som viste deling mellom trailerfelt og personbilfelt. Det
gjekk helst godt i forhold til korleis det kunne ha gått. Vidvinkelspegelen
håpar eg det let seg gjere å få tak i. Kanskje eit eller anna frå Biltema kan
gjere nytta.
Det store skjedde likevel i dag. Måtte
beintfram til Danmark før ein skikkeleg farleg situasjon oppstod. Når ein ligg i 80 – 90 km i timen i
trailerfeltet til høgre av dei to felta nordgåande på motorvegen, så hender det ein vil
forbi. Eg la meg ut og var vel komen på høgd med bakhjula på tralla til ein
trailer. Men trur du ikkje han starta å leggje seg ut til venstre han og. Det
jog gjennom meg. Bilen dreg godt den, men akselerere seg ut av situasjonen var
heilt håplaust. Bli pressa inn i autovernet på venstre sida var heller ikkje
noko særleg alternativ. BREMS DÅ. Kor uttrykket «Hjartet i halsen» kjem frå
veit eg ikkje, men eg kjende det. Ein klump, mest som hjartet hadde tatt seg
eit hopp opp i halsgropa. Kor mykje adrenalin som vart frigjort veit eg heller
ikkje, men eg kjende korleis kroppen dirra og skalv. Når trailersjåføren var vel
ferdig med manøveren sin, såg eg sjansen til i det minste å kvittere. Så lenge
har eg vel aldri før tuta på ein
medtrafikant. Skjønt nå var eg vel altfor snill, potensiell drapsmann som han var etter mi meining.
Ejer Banehøj var fin stad for stopp. Kaffi og smørrebrød. Roa nervå. Går fort godt ser det ut til. Men vegen kalla, fleire mil att før
Fjordline tok over. Då eg kom kjørande der hovudvegen frå Aarhus kjem inn på
motorvegen, kom jammen meg traileren trillande endå ein gong.
AVSTAND AVSTAND AVSTAND AVSTAND AVSTAND |
Hald god avstand,
hald god avstand, hald god avstand. Ingen grunn til å utfordre til fleire nære
på opplegg.
Nokre timar i Hirtshals blir det fort.
Likar best å ha god tid. Hjartet i
halsen opplevinga tidlegare i dag er historie.
Har mange gonger før sagt at styggaste kjøringa skjer når ein har kome heim,
når ein har kjørt i land i Kristiansand og er på veg vestover til Vigrest. Danmark
blir mest heimsleg det og når ein har lagt bak seg rundt 2650 kilometer. Så episoden skjedde altså når eg så å seie var komen heim. Elles er her visst fleire som eg begeistra for Italia. Dei som driv denne her i Hirtshas til dømes:
32 dagar går fort.
Det er talet på dagar som er att til eg tek fly sørover. Kan jo om italialengten blir altfor stor ta ein tur til Hirtshals. Fekk GRATISbillett frå Fjordine for 4 personar på utvalde avgangar i haust og vinter.