Sundag 04.08.2013
Her
trengs ikkje mykje eigeninnsats for å ordne saker og ting. Livar sin bil har nå
fått ei svært så ok parkeringsløysing når brukarane er heime i Norge. Meggi på Taverna di Pascalone baud seg til å
ta la eventuell bil vere parkert på hennar eigedom i Latiano. Eg skreiv det bak øyra då ho i november
nemnde det, men har seinare ikkje vore nøydd til å hente fram originalteksten.
Ved kvart seinare besøk der i restauranten har ho minna om det. Sidan det no
vart så aktuelt, hadde eg med ei heil side av røykelaks når me nå tok turen til Taverna di Pascalone. Mors flatbrød hadde eg
frå før i skapet her og den fekk følgje laksen. Det vart bukka og nikka på beste italienske vis, men det jo me som mest grunn til å takke. Laksen og flatbrødet vart overlevert. Det tok ikkje lenge før bitar
av flatbrød med røykelaks på smakt til med litt pepar av beste slag og litt
sitron vart sett fram som ein forrett speciale for oss nordmenn. Et ein seg gjennom ein heil
meny på Tavernaen går det i helst tunge rettar, men du verda så godt.Det var her eg åt grilla hestebiff og spør om det var godt. Blir
du bydd esel derimot, kan du slik eg ser det takke nei utan å skjemmast. Eller kan det
vere slik atdet æsele me fekk har fått fiskefor eller fiskemjøl. Eg syns smaken var stram
med noko som for meg likna smak av fisk. Fisk kan sakte vera godt nok, men ikkje om den går omvegen via eit esel
Vatnet
har stoppa opp. Null vatn frå alle kranar. Kva kan det vera? Feilmelding på
pumpepanelet og lite vatn i tanken vatnet vert pumpa opp i før fordeling til
dei ulike kranane på bad, kjøkken og 3 kranar ute. Er nok hard belastning å
forsyne nordmenn med vatn i dei mengder me er utskjemde til å bruke. Sitrustre i mange variantar + vindrueranker
tek unna nokre liter i døgnet om dei skal trivast. Dei 26000 litrane me har
tappa opp for sjølv å trivast krev lite av pumpene når det først er fylt opp,
men fyllinga går føre seg i 20 timar utan avbrot. Det fins røyr/slange med
sikkert fire gonger så stort tverrsnitt som hageslangen som så langt er brukt.
Etter oppfylling av tank og restart av matepumpe ser problemet ut til å vere
løyst. Engelskmennene som rådde grunnen her før me overtok har vore flinke til å ta vare bruksanvisningar og kvitteringar. I den grad ein då kan løyse problema sjølv, er det mulig å få den hjelp ein treng ved å bla i desse viktige papira.
Det var
på Taverna di Pascalone eg var, ikkje sant? Meggi minna og denne gongen om mulighet for
parkering hos henne. Når måltidet tok slutt, følgde Meggi oss til bilen for å
vise veg dit ho bur. Hovudvegen frå Latiano til Torre Susanne, til høgre ved skilt
mot Oria og deretter til høgre, eg tur det var første til høgre. Innover ein
litt smal svingete veg og der dukkar eigedommen opp. Vel, me såg lite til den
for muren rundt var høg og porten heilt tett. Her bur eg, sa Meggi. Her kjem du
og parkerer, så kjører eg deg til flyplassen med min bil. Ring ein dag eller to
før du skal reise og minn meg på avtalen. Når du kjem fram må du og ringe, for
ringeklokka ved porten fungerer ikkje. Tenk så sutalaust det kan vera når ein bare
tek ting med ro.
I dag er
varmen god, helst betre enn ein ber om, men ein kan ikkje sei nei takk heller.
Varmen bare kjem den, take it or leave it. Inne har me nå 27°C, ute 33,2°C. Me
skaffa oss ein liten flyttbar luftkjølar. Den har vore lite i bruk så langt,
men i dag har det vore godt å sitje inne i stova og skrive.