Translate
lørdag 3. april 2021
GOOGLE æ dar tiare enn okke
mandag 15. mars 2021
Med hugen vend sørover
Der heng det ein clementin, frisk, fin og fristande. Trur nok den hadde selskap av mange andre som har blitt plukka av nabo Lina eller av Julio og Julie, dei to som steller på tomta når me ikkje er der. Det er forresten dei som haustar oliven i sesongen og sørgjer for at olivenbæra får skyss til eit oljepresseri og blir omgjort til olio d'oliva extra vergine. Om eg ikkje tek feil vart det 30 liter på oss siste året.
Takk til Signe og Gaute som tok seg ein tur ned til låglandet og gav oss med det ein ide om korleis det ser ut på eigedommen vår akkurat nå.
Er ikkje heilt nøgd med tingenes tilstand. Likar lite det der med at me ikkje får reise, men ser heilt klart at slik må det vera. Når me ikkje kan vandre rundt i hagen og gle oss over vekstene der, då får me finne andre måtar for å ta ut lengten. Rett nok aldri nok, men betre enn ingenting.Plantasjen på Bryne kunne by på fleire slag sitrustre, delvis med frukter og delvis med blomar. Låg ikkje heilt til rette for ei vandring mellom desse, men næring for lengten det gav dei.Blir nok ikkje mykje olivenolje frå desse buskane. Prøvde ein gong med eit par slike tre. Tok mindre enn eit år å ta knekken på dei.
søndag 14. februar 2021
Meir enn ein neve "neve"

lørdag 6. februar 2021
VigilNova i aksjon
Der kom meldinga frå VigilNova, vaktselskapet me har gjort oss avhengige av for å sikre eigedomen i Puglia. Det er då eg tenkjer eg skulle ha lært meg italiensk, men av ein eller annan grunn har det ikkje latt seg gjere.
Buongiorno,
la presente per informarla che in seguito ad un' allarme alle h. 09:27, la pattuglia constatava che la zanzariera della finestra adiacente alla porta, era rotta e si trovava per terra, il resto era tutto chiuso e non si riscontravano altre anomalie, informavo di tutto ciò la sig.ra Megghi. Allego foto.torsdag 7. januar 2021
Diagnose: Pugliafan
Får ein ikkje reise fysisk akkurat nå, så fins det andre måtar å kome litt nærare huset vårt i Puglia.
Ogen i stova der nede er grei nok, men me har vurdert meir enn ein gong å skifte den med noko litt finare som også er lettare å fyre og gjev noko betre varme. Facebook sin marknadsplasser er ein fin plass for funn, og nå trur me at me har gjort eit slikt funn. Reintbrennande Scan omn kjøpt brukt i Egersund. Bør vere med og gje god varme der sør på tider der naturen ikkje gjev den varme ein måtte trenge.
Når det gjeld reise sørover som før eller seinare vil finne stad, så reknar me med at mobil karantenestasjon med vil du vere med så heng på Roomster blir det som er mest aktuelt. Roomsteren som fekk seg tur nordover for å bli sjekke utfrå Eu-sine krav til personbilar, den stod prøven med glans. Dei tre sylindrane som tok Anne Marie nordover med eit forbruk på 0,48 pr mil, dei skal få dra bilen vidare inn i framtida. Nå med stempel på at den er godkjent og det med 0, eg gjentek 0 feil. Slett ikkje verst til å ha lagt bak seg ikkje mindre enn 190000 kilometer. Nye to år i Puglia ventar, og ikkje ser eg noko som skal vere til hinder for det.
Den nyinnkjøpte gamle omnen kunne fort hamna bak i Roomsteren på veg sørover, men der er det visst opptatt. Eit anna Facebook kupp tek mykje av plassen bak i Roomsteren. På grunn av veldig varierande spenning i straumnettet på Villa Felizia, har me blitt tilrådd å skaffe vaskemaskin med mekanisk programval. Nyare maskinar har ofte elektronisk val, og printkorta som styrer programma på desse nye maskinane tåler ikkje spenningsvariasjonane. Då vart en nyrare brukt eit godt alternativ trur me. Etter å ha gjort teneste eit par tre år på Royal tattoo skifta oppvaskmaskinen eigar. 2 etasjar i ei smal vindeltrapp av stål vart første etappe på vegen frå Stavanger til Puglia. På ryggen av Hadi kom maskinen seg trygt ned dei to etasjane, faktisk var trappa så trong og bratt at me fann ikkje råd med å bæra den to i lag. På grunn av bilfritt sentrum i Stavanger fekk vaskemaskinen ein tur nerijøå Søragadå itte an Johan. I påvente av komfortabel transport i stabilt seideleie ventar vaskemaskinen tålmodig på dagen då den skal lastas i romvidunderet på 4 hjul.
Me kunne nå klart oppvasken for hand, men når høvet baud seg, fekk me god erstatning for den oppvaskmaskinen som den høge spenninga i huset vårt tok knekken på. Desse små maskinane som passar der større maskinar ikkje får plass, kostar fort det same som dobbelt så store maskinar. Men så er vel teknikken som driv det heile meir eller mindre den same. Me skal nok få smyge denne inn på eine eller andre måten. Vekta er ikkje avskrekkande og volum er ikkje verre enn at den smyg inn både i bubil og i Roomster. Ja ikkje begge på ein gong då, må noko ta ei avgjerd før turen sørtover tvers gjennom Europa startar.
Omnen me fekk tak i, er heldigvis liten nok til at den smyg seg fint inn lasteluka på den mobile karantenestasjonen. Litt baktung blir kanskje bubilen, men sikkert ikkje meir enn at det vil gå greitt.
Så ser det ut til at Fjordline vil få Fjord FSTR i drift når bare trafikken mot Danmark tek seg opp att. Fjordcat, den tidlegare hurtigbåten mellom Kristiansand og Hirtshals var ikkje det eg vil kalle sjøsterk. Mest kvar gong etter å ha reist med den, lova eg meg sjølv sterkt og tydeleg at dette var siste gong på slikt eit eventyr over Skagerak. Verste gongen var då eg etter å ha åtvara Hadi som ikkje er særlig vane med sjø at han lett kunne bli kvalm. Me tok opphald ute på eit lite dekk rett bak brua. Det enda opp med at det var eg som fekk mata krabbene.
Den nye båten er mykje større og eg reknar med den tåler mykje meir bølger før det blir direkte ubehagelig. Gledar meg til å prøve nybåten, og så ser det ut til at overfarten blir betydelig rimelegare enn om me skulle tatt turen med Superspeed frå Colorline.
fredag 1. januar 2021
Kva byr dette året på?
For ei veke sidan, 23. desember snakka eg med Palma. Første samtale eg hadde med henne fann stad 23. desember 1997. Etter den tid vart det mange treff i samband med det samarbeidsprosjektet me på skulen var heldig å få til gjennom Comenius-systemet, eit felleseuropeisk prosjekt for mellom anna internasjonalisering i skuleverket. Samarbeidet med Scualo Media Statale Dante Alighieri i Brindisi førte for min og Anne Marie sin del til ganske så stor interesse for regionen der sør på hælen av Italia.
Oktober 2012 tok me steget og fekk tileigna oss ein liten del av landet, 8,5 mål land, eit lite nyopppussa hus på 80 m2, forno a legna (vedfyrt pizzaomn) høyrer med, likeeins eige vatn frå borebrønn.
Som vel dei fleste har fått med seg er det ikkje så lett å gjere seg nytte av staden i desse dagar, me får håpe på betre dagar etterkvart. Me er jo gamle nok til å vere prioritert når det gjeld vaksine. Om Italia etterkvart kan bli nedgradert frå raudt til mindre restriktivt nivå, sjå det må me bare vente på og sjå.
Meggie og Pascalone har det bra for sin del, men restauranten måtte dei stenge 26. oktober.
Lina næraste nabo og Andrea son hennar har det bra.
Roomsteren vår står klar her i gardsrommet for Eu-kontroll på mandag 4.januar. Den fekk så mykje service hos AutoPro før me for nordover at eg blir overgitt om verkstaden her finn feil av betydning. Etter kontrollen kan me hiva oss i bilane straks det er klart og Italia igjen blir nedgradert frå raudt til eit lågare nivå. Det blir nok fort til at me kjører nedover med både bubil og Roomster.

fredag 23. oktober 2020
Mobil karantenestasjon II
I vatnet måtte me, men ikkje så mange gonger som eg skulle ha ynskt. Strendene ved Torre Colimena er fantastiske, nokså brådjupt men det er bare bra. Så slepp ein langpining etterkvart som meir og meir av skrotten kjem under vatn. Ikkje for det, med temperatur like oppunder 30 får ein ikkje akkurat noko kuldesjokk.
Så vart det litt uryddig her. Eg ville starte bloggen med noko godt, og då ser de utfra dei 3 første bileta kva det er.
Saftsentrifuge var rett så effektivt når kaktusfiken skulle gjerast om til sorbet og gele. Først flammekastar for å bli kvitt nålene, deretter skjere i småbitar for å få mest mulig saft ut av det.
Til våren kan me lage clementinjuice. Blir det frukt av alle blomane kunne det blitt nokre liter, men truleg er det bare nokre av blomane som blir til frukter. Dessutan veit ein slett ikkje noko om det til våren blir mulig å reise nedover.
Hadde det ikkje vore for alt som bind oss til heimland og heimbygd, kunne me gjort som Signe og Gaute og flytta permanent. Me kan bare takke for høve til å bytte ut vårt enkle hus med litt meir standsmessig eit par netter.
Huset er standsmessig og maten står ikkje tilbake den heller. Carpaccio og spekeskinke i fiken som antipasti.
Namnet på denne spise veit eg ikkje. (Frå godt informert hald har eg fått vite at denne retten heiter Lumaca) Kor godt det er kan nok også diskuteras, men smaka måtte eg. Eg åt faktisk ein heile del meir enn 1. Anne Marie tok av brillene for å sleppe å sjå kva ho åt.
Gryte med kjekjøt smakar KJEmpegodt. Alt i ei stor leirgryte som tek vel vare på alle dei gode smakane.
Etter lang middag sundag vart det tid for basseng, for min del i første omgang bare med våte bein. Vart meir etterkvart, rett og slett dyvåt vart eg.
Det vart mandag og ny restaurant, denne gong i Putignano. Scinua kunne by på lekre rettar med utsøkt smak.
Dette trur eg er blom frå zucchini, dyppa i tempura og deretter ein omgang i frityrgryte.
Margbein skulle vera nokså kjent her i traktene, men første gong eg har fått det på restaurant.
Gelato runda av det heile.
Ein liten runde for å sjå til eigedommane til nordmenn i området. Her fekk me bare sjekke at porten og låsen er like heil som når husfolket sist låste etter seg.
Livar skaffa seg eit Judastre og planta før han reiste nordover att. Men vatn treng det jo, sjølv om det absolutt står til liv. 140 liter vatn fekk det før me for derifrå.
Knapstad sin villa står og bak låst port med oblat frå Cosmopol som tydelig avskrekking av mulige uærlige besøkande.
Ærendet hos Livar og Sofie var å ta hand om litt av valnøttene.
Me tok på veg heimover etter 4 veker. Så fekk me oppleva å kjøre to bilar samstundes. Det har seg slik at Skoda Roomster som har flytta sørover på meir permanent basis, må gjennomgå EU-kontroll, og sidan den er registrert i Norge må kontrollen bli utført i Norge. Har snakka med rett instans her og meldinga er tydelig på at å få gjort kontrollen gjort av praktiske grunnar i utlandet, det er ikkje grunnlag for unntak frå hovudregel. Covid-19 trøbbel med reising har ingenting å seie for Staten vegvesen. Slik vart det til at eg tok plass bak rattet i bubilen, medan Anne Marie gjore det same i Roomsteren og gjorde sitt beste for "vil du vere med så heng på".

Varsellampene i Giottilinen lagar av og til sitt eige lysshow. Denne gongen var det lampa for Einspritzsystem som tok til å lyse. Etter litt tid tok den pause, men pausane vart kortare og kortare. Samtidig som lyset blinka eller lyste, var det som 100 av dei 208 hestane i bilen også tok pause. Utriveleg å kjøre med. Ny telefon til Helge på Maskin & Auto Service Sandnes. Finn deg ein verkstad og be dei sjå på det. I Silvi Marina fann me verkstad og tydeligvis rette folka og. Det tok utfordringa på strak arm. Null venting og medan me lufta oss litt i Roomsteren, gjekk dei inn i hjernen på styring av motor og turbo. Etter 2 og 1/2 time var det som bilen hadde fått ei dugeleg vitamininnsprøyting. Den var mest som då me kjøpte bilen for 9 år sidan. Alle hestane galloperte med nye krefter. Ingen sinke i trafikken på grunn manglande krefter. Manglande mot frå sjåføren si side fører fort til at maksfart ikkje blir marsjfart. 140 km/t går lett nok, men det er meir fredelig å halde seg mellom 100 og 110.
Me heldt oss for oss sjølv i den mobile karantenestasjonen. Kva tid sprit og bilkjøring vart sidestilt veit eg sanneleg ikkje, men nå hang det uskiljeleg saman. Kvar fylling av tanken fekk følgje av spriting av hender.
Ein ikkje planlagt Covid19 test fekk me og med oss. Ikkje langt frå grensa mellom Austerrike og Tyskland på tysk side ville eg plent inn på ein større parkeringsplass. Det eg ikkje visste var at der hadde dei rigga seg til med testestasjon, og slik gjekk det til at me reiste derifrå ferdig testa. Resultatet som var negativt kom dagen etter på mail.
Motorveg er motorveg og etter å ha lagt bak oss ein del mil, kom me til Hirtshals. Sidan me på spørsmål svar at me kom frå Italia, vart begge bilane skanna i ein skanner som vistnok klarer å avdekke alt som måtte befinne i ein bil og speielt i dei holrom som fins. Må mest ha vore skuffande å kontollere oss sidan me ikkje hadde noko kontrabande med.
Ny tollkontroll i Kristiansand med like dårlig resultat for tollarene altså.






















































