Det er stritt å vera pensjonist og vera heilt avhengg av å finne ok dagsprogram ein heil sommar.
Temperaturen er det siste eg skal klage på. Ikkje mykje anna heller som treng føre til jammer og elende.
Min far hadde aldri fred på seg til å feriere heime. Der me budde oppå Handelslaget, var det slik at vegen var fryktelig kort om noko stod på på arbeidet. Slik fekk eg det inn nokså tidleg at ferie, det er å reise bort. Sør-Norge rundt og på kryss og på tvers. Alltid med eit besøk hos tante Thea i Eilert Sundts gate 11. Det var i den tida Danmarksturar vart meir og meir vanlig, men ikkje eg. Bare syster Ingunn fekk seg ein Danmarkstur rett før motorferga Skagerak gjekk ned sommaren 1966. Mor, Oddvar og eg var tilbake på Evjetur i telt medan Ingunn og far tok seg ein svipptur til Danmark.
Første utanlandstur for min del vart i 1975. Då var det Vest-Europa rundt med Interrail. Ein del turar har det blitt etterkvart, både aleine og i godt lag. Normal Sydentur har det endå ikkje blitt noko av, men Sydentur meir enn god nok likevel. Etter å ha vore heime på Vigrest som det vel heiter frå nå av etter EBH si utsegn, melder abstinensen seg. Villa Felizia kviskrar ikkje, her var ikkje ørens lyd å få lenger. Så ille vart det til sist at eg måtte til og leite på nett. Og jammen fann eg det eg leita etter. Tur til vårt Syden i 2 veker. SAS til fram og tilbake til Roma Fiumicino. Når Lufthansa la ned flygingane frå Sola, vart det rett og slett Luftstansa i forhold til det selskapet. Frå Fiumicino blir det leigebil, ein Fiat 600 med automatgir.
560 kilometer til huset vårt, men sidan eg må opp midt på natta for å nå avgang frå Sola kl 06:00, har eg bestemt meg for å stoppe litt aust for Eboli. Det er langtnok å kjøre 3 timar etter ein dag som kjem til å starte så tidleg som den gjer.
Dagen etter er det ikkje mange timar att å kjøre siste biten fram til Latiano. Fine vegar gjennom fint landskap.
Fint å gå tur i Haugstadskogen der stien slynger seg mellom forakta stammar av sitkagran.
Ikkje mindre fint å få seg ein eller to daglige turar langs olivenlundane i Puglia. Xylella har øydelagt mykje, men i området vårt har folk teke tak i problemet. Store område med sjuke tre er sanert og det er planta i nytt. Frå å vere eit ganske så deprimerande syn har det blitt eit syn som ber bod om håp. Hos oss vart 14 gamle tre fjerna og erstatta med 22 nyplanta, i tillegg til at det frå kvar av dei 14 stubbane er teke vare på ein kraftig renning som faktisk er i ferd med å bli eit lite nytt tre. Rik blomstring på dei nye kvistane frå den gamle rota. Litt forsiktigare blomstring på dei unge nyplanta trea. Blir spennande å sjå om all blomstringa på oliventra blir noko meir enn blomstring.
Anne Marie som let seg skræme av varmen der sør, har bedt meg plukke mandler. Men det er slett ikkje noko eg har fornøyelse av. Mandelbotn med gul krem er nærast favorittkaka mi, men det let seg jo gjere å kjøpe mandler. Uansett var det så liteå sjå på trea i mai at me kan ikkje levere til knekking. Skal ein leverer til knekking må ein opp noko i volum.
Varmt kan det bli, på tirsdag førstkomande er det meldt 39 gr, og det kan vel seiast å vera nok. Trur slett ikkje eg skal frysa. Elles ser eg på Il Meteo at temperaturen komande dagar er pluss minus 35. Reknar med noko omtrent der frå 4. til 19. august og.




Triveleg lesnad. God tur!
SvarSlett