Translate

fredag 12. juni 2026

Heime er framleis heime

Etter nesten 2 månadar i vår andre heim med adresse "casa a strada senza nome, 72022 Latiano, Brindisi, Puglia, Italia" kjenner eg takksemd for å vere på plass i Grønholsvegen  H0205. 

Turen nordover gjennom Østerrike, Tyskland og Danmark gjekk fint. Bilen oppfører seg fint det. Ikkje eit einaste rsuk i forgassaren. Alle ladestolpar fungerte, og ikkje er dei vanskelige å finne heller. Lad når du må er eit godt råd som går ofte igjen. Så spørs det kva du må. Kan like gjerne vere aty ein må på do. Då blir det ofte utnytte til ei lite ladestund på kanskje bare 15 min når ein først stoppar.

                   

For å gjere heimreisa litt komfortabel bestemte me oss for å ta den med 3 overnattingar undervegs og siste overnattinga ombord i Bergensfjord. I Bussolengo like nord for Verona tok me inn på L'Upupa, ein B&B på eit digert gartneri.  Sara vertinna der har alltid vore veldig hyggelig. Gode rom, fredelig plass. 5 minuttars gange derifrå ligg det eit idrettsanlegg. Og i tilknytning til det anlegget fins der ein pizzarestaurant. Sist me var der bventa me oss ikkje så mykje. Vart helst overraska då nære på verdas beste pizza kom på bordet. Dit ville me tilbake, og smaken skuffa ikkje. Sidan det var lørdagskveld fekk me i tillegg med oss eit yrande folkeliv. Eldre som oss, ungdommar og barn. Fulle bord heile tida. Også eit langbord med pass til sikkert 30 gjester. 


Mykje trafikk langs vegane når ei nærmar seg Bologna.  Vidare nordover blir det mykje aktiv kjøring. Sidan me kjørte gjennom Østerrike og søre del av Tyskland, slapp me trailertrafikken. Men mykje innsnevringar på grunn av vegarbeid og eit utall av tyskarar og østerrikarar på veg heim etter helgeturen gjorde sitt til at eg tenkte, aldri meir på ein søndag. Og om så det skal bli ny søndagstur der, så må ein oko bare akseptere at det samstundes blir ein tolmodighetsprøve. Turen til Würzürg var ikkje så lang i mil, men jammen lang nok i timar. 
I 7.etasje her var me høgt heva over all jordisk uro nede på gateplan. Grei frukost. Litt brent bacon, men elles heilt ok. Fint og å sleppe å kjøre heilt inn isentrum for å overnatte. Då er det lettare og ikkje minst raskare å kome seg vidare neste dag.

Denne kjempa av ein bubil hadde vore gild å hatt. Trekk på alle 4 hjul og utstyrt med alt du treng, truleg både vaskemaskin og tørketrommel ombord. Men så er det prisen då.  Messetibud rett nok, men framleis noko dyr syns eg.




Tesla plasserer sine ladestolpar ofte i nærheten av Mc Donalds, Kentucky Fried Chickens eller likande. Då profiterer dei på kvarandre. Den knasande lyden av frittert deig rundt kyllingkjøtet har eg lenge likt. Sjølv eit besøk for sikkert meir enn 20 år sidan på ein KFC i London til lunsj ein dag klarte ikkje å setje skrekk i meg. Me fekk mat me vart samde om måtte ha vore noko som låg att frå dagen før og som hadde blitt varma opp att. Nå er det sjølvbetjening som ser ut til å bli den store bøygen. I det minste er systemet lite tilpassa 70 år gamle gjester på heimeveg frå Puglia til Jæren.  Men straum det fekk me der i Bispingen, og sidan Bispingen ligg litt sør for Hamburg var det kanskje solstraum me fekk kjøre vidare på. Eller kan det ha vore straum frå Sira-Kvina? 

Me hadde god tid og det vart det ein stopp på City GrossMarkt i Flensburg. Der er det alltid mykje å finne, og fant gjorde me, både til den eine og den andre. Id7 var full nok då me tok vidare mot Hirtshals. Alle holrom vart utnytta. Mengdemål på det me hadde med oss får vera dei 6 store handlevognene me lånte hos naboen for å få tinga våre opp frå garasjen då me hadde kome heim.
I
I Hirtshals viste det seg at billetten faktisk stemte denne gongen. Eg klarte rett og slett kunststykket å møte ved innsjekk til rett tid på rett dato. 
Siste øving vart å kome seg ombord, finne seg eit bord i buffetrestauranten og deretter finne rett lugar. Lugar i rimeligaste kategori, men ikkje verre enn at der var 2 senger. Det vil sei, når døra vart opna var det akkurat plass til at 2 personar kunne kom eseg inn på den vesle golvplassen der var. Kompakt bad, mest som i ein bubil av normal klasse. Og så ei heil enkel seng innesrt i rommet, eller kanskje ein heller skulle sei kottet. Så her er det me skal me slappe av siste natt før me er heime tidleg om morgonen og klar for  bryllupsfeiring på kvelden. Det hadde jammen vorte trong om ikkje det var for senga som var felt inn i taket. Når me fekk dradd ned den var det i det minste 2 enkelt senger å fordele seg på. Stige opp til taksenga, men ingenting å halde seg i på veg opp eller ned. Eg sa det då og gjentar gjerne nå: Slik lugarplass burde dei kkje selgje til folk på 70. Ein blir jo ikkje smidigare med åra. Men då blir det endå ein ting å passe på i samband med handel av billettar. Pass på å møte på rett tid på rett stad og sikre deg ein stad å ligge nedpå som ikkje krev akrobatiske evner når du skal legge deg eller stå opp. Gamle menn har ofte ei tilleggsproblem, hyppige besøk på veslehuset i løpet av natta. 2.gongen eg vakla meg ned stigen får å late vatnet, gav eg opp, vart litt tidlig morgon, men eg fekk med meg Jærkysten medan Bergensfjord på stille sjø nærma seg innseglinga til Tananger. 
Så får eg litt å rive meg ut på når me endelig er heime. Huset ein bare ser taket av like bak sanddynene, skal få nytt tak. Det er Mona og Tor Sveinung si hytte. Blir liksom det heilt motsette av vår hyttedraum. Kortreis hytteferie i motsetnad til vår som er litt meir langreist.
Mona og Tor Sveinung held jo til her i Stokkelandsmarka. Om det ikkje var for kryssing av Jærbanen der det jo kjører eit anna tog innimellom, så kunne ein gått til fots på ein dryg halvtime. I Stokkalandsmarka kom det forresten ein ny innbyggar medan me var sørover. Me gledar oss ein heil haug til å helse på henne. Oda og Helge er foreldre, William er storebror.
Heim reisa vår vart tima etter planane til halvsyskenbarnet mitt.  I ein alder av neste 70 har Aslaug gått hen og forelska seg så ettertrykkelig at det resulterte i vigsle i Ogna Kyrkje og fest på Ogna scene etterpå same ettermiddag som me kom heim frå Italia. 
Godt for Aslaug at Even var like betatt. Gildt å få vere med og feire ei slik hending.

Returplanar til Latiano her me. Men endå ikkje datofesta. Me får tilpasse oss det som skjer i familien. Blir trulig i slutten av august eller heilt i starten av september. Dette året var det rik blomstring på oliventrea våre, men kav sommar det blir veit me jo ikkje. Det kan bli ein del oliven av det, evt litt olje, men det får me vente med og sjå etterkvart.
Om me reiser over til Danmark med Fjordline på nattbåt, veit eg iallefall at eg skal ha noko anna å oppbevare meg i enn eit nærast kott der ein lyt vera  røynd sirkusartist for å kome seg oppi og utav senga. Alternativet kan jo vere kateter. Det har eg jo mykje erfaring med.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar