Translate

torsdag 28. desember 2023

The Rangers del 2

Når noko gammalt blir bytta ut med noko nytt, er det ikkje alltid lett å vite om kvaliteten aukar eller minkar. 

Fekk nettopp her om dagen WhatsApp melding frå The Rangers om at det ikkje var straum på huset vårt der ute på campagnaen. Sidan det var vaktselskapet som melde, burde eg kanskje forstått at det var alarmsystemet som stod utan spenning. Sjekkas måtte det. VigilNova fekk nøklar til ei av dørene då avtalen med selskapet starta i 2014. Etter ei samanslåing med eit anna større selskap undrast eg på om nøklar framleis var tilgjengelige. Viss ikkje har eg to sett nøklar her, men fjernlåsing er ikkje noko alternativ der sør. Kunne reist ned til Roma 9.januar med retur 16.januar for ein pris av 2300, leigebil inkludert, men det ville jo ført til ei god del stress. Vaktselskapet ville ikkje gå inn i huset utan følgje av autorisert person. 

Det var Guido, meglaren me kjøpte huset gjennom. Guido tok med seg barnebarnet Lorenzo og avtala møte med representanten frå vaktsselskapet. Han og The Rangers gjorde avtalar om frammøte ved Villa Felicia, og då eg melde for å høyre korleis framdrifta var, fekk eg til svar: Me står inne i huset og alt er ordna. Nå funkar alarmen. Eg vil tru det er batteriet som ikkje har orka meir og måtte byttas med eit nytt. Så lenge der er straum inn i huset, blir batteriet til alarmen vedlikehaldslada, men ein gong takkar vel batteriet for seg og nytt må til. Eg tur det var slik nå. Det som er sikkert er at kvaliteten til VigilNova er  med inn i det nye større selskapet. Me kan lene oss tilbake og tenkje at tryggleiken ved huset er som før. Det eine innbrotet som har vore inn i sjølve huset, det skjedde faktisk medan me sjølv låg og sov med døra mellom kjøkken og soverrom open og det var i kjøkkenet ladriane tok seg inn.

Søndag 3.des, dagen før me kjørte nordover til Roma var me i lag med Lill Karin og Gaute på restaurant Alfredo i Grottaglie. Framifrå god mat, stappfullt lokale, men likevel rask hjelp frå kelnerane.


Gaute og eg valde same rett, og det gjorde me ikkje dumt i.
Om det var dåp eller noko anna dei feira, veit eg ikkje, men kaka hadde stil den. Mest som karusellen på toppen plutselig starta runddansen sin.
I Fiumicino måtte me ha mat. Anne Marie enda opp med pasta og oksehaleragu, med ein skikkeleg halevirvel som måtte ha ein ekstra omgang på kjøkkenet for å bli varm. Merkelig plass var det. Handskriven meny, der bare eit lite utval var på plass. Men godt var det, også dei 4 tynne bitane med kalvekjøtt i ein vidunderlig saus som eg fekk.
Tiramisu på deling, så då gjalt det å halde tempoet oppe om ein skulle sikre seg sin del.
5.desember svinga flyet inn over kalde gjenkjennelige landskap. Straks heime att.
Frankfurt er visst den lufthavna som ikkje vil vera venn med meg. På veg til Lisboa for nokre år sidan, vart det overnatting i staden for mellomlanding. Ein annan gong frå Roma til Stavanger var det forseinkingar med i alt 17 timar i kø, 5 i Roma og 12 i Frankfurt for å kome vidare. Denne gongen var flygingane til Stavanger kansellert, me vart ombooka via Schiphol. Fram kom me likevel den dagen me skulle vera framme. Ikkje lett med ein centimeter eller to med snø. Får bare vere glade for at tryggleiken blir tatt på alvor.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar