Translate

søndag 10. desember 2023

Det gjelds om å ha gode kontaktar

Byen som ber det flotte namnet San Vito dei Normanni må me nesten innom frå tid til anna. Ingen vakker by akkurat, men den pulserer av vanleg kvardagsliv. Nå er forresten ikkje me vane med appelsintre langs kommunal parkeringsplass heller, men her strutta trea av C-vitamin.
Ein cappucino på fortauskanten er heller ikkje til å forakte. Så kan me få med oss alle dei små gamle mennene ute på torget, dei som gruppevis prøver å løyse alle verdas problem. Ein skulle kanksje tru at desse kortvaksne folka var slik på grunn av genetikk. Truleg er det hard oppvekts med dårlige levevilkår på 40 og 50 talet som er årsak. Ungdommar er i allefall mykje større av vekst dei fleste. 
Sikringskost frå marknaden i Francavilla Fontana. Kjøtfulle stykke av beste kvalitet ser det ut som. Er visst slik at beste fisken blir eksportert frå Norge, og då er det jo moro å importere tilbake. Han syntes det han som selde fisken og då han høyrde det var planar om å ta den med tilbake landet den kom frå i første omgang.

Når ikkje lenger Taverna di Pascalone er eit alternativ, får me satse på Casa di Meggie. I lag med Linda og Jean fann me vegen til huset der ho har funne ly for seg og dei to bikkjene. San Marzano di San Guiseppe heiter byen, gata Via Regina Margherita. Eg trur eg gir gata nytt namn; Via Regina Maria Blotto. 

Dyktig med gjester, dyktig med mat. Smakfull risotto som primi, okse tillaga på eit vis som gjorde den mørare nesten enn smør saman med omnssteikte potetbåtar. I dei rette hender bir sjølv poteter nesten som ein fullverdig sjølvstendig rett.

                                    

Med fulltreffar på det andre, kunne det mest ikkje bli anna enn fulltreffar med signaturdesserten frå Tavernaen, tiramisu.

Kva visste vel eg om malaren frå Latiano. For min del fall det i smak. Om det ville passe Trond Borgen får eg nok aldri svar på, ikkje at eg treng det heller

Meggie hadde laga seg til mest om eit lite galleri med kunst på alle vegger. Helst ulikt det ein finn vanligvis i puglianske heimar.
Belgierana me hadde laga med til Meggie, har bilete av den lativanske kunstnaren dei og. 

Me har litt kunst på veggene me og, signert Anne Marie. Eg hadde ein del bal med vaktselskapet denne gongen. 
har vore til hjelp mang ein gong når utangar har vore på ferde og hatt ønskje om å ta seg inn i Villa Felizia.
Det eg ikkje hadde fått med meg var at selskapet har gått i kompaniskap med eit anna større selskap, The Rangers, og så blank som eg er i italiensk så trur eg nok at eg på eitt eller anna vis har fått informasjon, men det har gått meg hus forbi. 
Ho eg bur i lag med, meiner på at eg tidevis kan stresse i meste laget. Det nærma seg tid for retur til julestrid på Vigrest. Fekk liksom ikkje kontakt med verken VigilNova eller The Rangers. Ringde på Whatsapp, sende SMS og melding på Messenger, brukte dei kanalar eg rådde over. Dei som før jamnt patruljerte gata framfor huset vårt, eller skal vi heller sei den ørlite oppgradert kjerrevegen langs campagnaen, dei såg me ikkje noko til i september, oktober eller nå i november og desember. Løysinga på vanskane med å få vaktselskapa i tale, vart å løyse ut alarmen, for så å vente og sjå kven som kom.
Ein skal ikkje dømme hunden på håra heiter det. Ein skal kanskje ikkje dømme vaktselskap på bilen. Før var det Fiat Panda, nå er det Skoda Kamiq. Kanskje det ikkje definerer kvaliteten på dei som skal passe huset for oss når me ikkje er der sjølv. Men me får leve i håpet om at eikvar endring er ei endring i retning av noko endå betre.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar