Translate

torsdag 15. juli 2021

Med god tru og gammal bil II

Det var godt og varmt heile vegen gjennom Tyskland. Lite eller rettare sagt ingenting var annleis ved grensepassering inn i Austerrike samanlikna med slik det har vore i normale tider. Bakkane opp frå Innsbruck mot Brennerpasset er bratte nok. Det er mange høgdemeter som skal tilbakeleggjast. Krev topp innsats både frå førar og bil. På Schønenberg må ein fram med kort eller setlar for å kome seg gjennom ein bomsstasjon. Litt merkelig i grunnen, for nokre mil tidlegare har ein alt måtta kjøpe Vignette til å klistre på frontruta, det gjev høve til å kjøre på landet sine motorvegar i 10 dagar mot ei innbetaling på 10 Euro. 

Ville automaten på Schønenberg ta kort; nei. Eg kom meg gjennom med ein setel og ho som kom etter kom og gjennom etter at eg hadde vore bak og putta på ein setel. Litt meir kjøring så var me der nærare taket av Europa både enn det me så langt hadde vore på turen og det me ventelig ville koma.

I tillegg til middag om det fram at det var meir enn varmt nok inne i Roomsteren. Displayet for klimaanlegget blinka og flakka som skulle det vore eit fyrverkeri i svart og grått. Ingen friskluftsvifte, ingen kjølande effekt av airkondisjon. Kan kje kjøra slik heilt til hælen sa sjåfør av følgebil. Når tempen ligg nærare 40 enn 35 og farten rundt 120 så blir ein meir enn hovudgalen om ein bare durer på. Vel inne på det italienske motorvegsystemet som er bare vel så bra som i Tyskland, tok me ein stopp i Brixen. Brenner Auto, som Møller bil på Forus. Dei hadde ansvar for både Folkevogn og Skoda. Det stod forresten ein politikledd Octavia i rekka av bilar som var parkert klar for service. Jau, dei skulle sjå på bilen, men den måtte nok står over natta om dei skulle gjera meir enn å sjå på den. 












På kartet fant me ein stellplatz i Santa Magdalena. På smale vegar gjekk det rett til himmels. Siste biten inn mot Elisabeth sin Stellplatz Gletcherhans var det både smalt og trongt. Men me kom då fram dei 5-600 metrane og vart vel tekne imot. frisk fjellluft, litt forskjell frå det nede i dalen og ikkje mindre i forhold til det me kunne rekne med når me ein eller annan gong kom fram. 












To dagar tok jobben med å skfite kupevifte, ettersjå og etterfylle klimaanlegg + eitt eller anna i tillegg som eg ikkje heilt forstod. Ferdig betalt og klar i bilen med nøkkelen for å ta siste jafs av vegen, dvs nesten heile Italia på langs. Kontrollpanelet for det elektroniske klimaanlegget gjekk heilt bananas. Det blinka i teks og tal. Etter ein time til på verkstad har det heile fungert. Me fekk fordelt sjåførane på dei to bilane med disponerte. Like før Trento vart det sovepause. Nesten for enklet å bare rette seg etter kjensla av å bli trøytt. 

Kort fortalt, rundt klokka 20:30 lørdag kveld låste me opp porten her i vårt vesle paradis. Ja me hadde nøklar sjølv. Vel inne på eigedommen fekk me med oss at her har vore varmt, lufta inne i huset var til å skjæra i. Men bortsett frå varmen var faktisk det heile på stell. Ingen muffa (mugg) på vegger eller tak, ingen spor etter firbeinte, ingen vond lukt. Det vart til at det aller mest nødvendige vart teke inn. Mesteparten fekk venta. Me måtte jo ned til Pascalopne og Meggie, og klokka halv ti er meir normal tid for middag her enn klokka fire om me reknar for normal middagstid heime. 


1 kommentar: