Vidunderet kom til "gards". Alt dette graset som i verste fall kan føra til bøtlegging om det får stå og tørka, det fekk nå ein fiende som skulle gjera kort prosess med det heile. Det let seg gjera å festa det nye apparatet på motoren til jordfresaren. Honda motoren starta som alltid på første trekk i snora. Men så var det dette knivbladet då. Fram og tilbake gjekk maskinen, men å få knivbladet til å gjere det same såg det ut til å vera lite råd med.
Etterkvart såg eg at dei to girspakane var kopla saman med eit stag. Har ikkje forstått heilt kva som skjer ved hjelp av det staget og kvifor det skal vera på ved fresing. Når eg tok det av, vart kuttaren aktivert og det var tid for slått.
Og du verda som den slo denne nyvinninga på bruket. Eg kjende mest som eg vart ein del av den store litteraturen, mest som eg skulle vera i litt slekt med Isak Sellanraa, langt ute rett nok. Nobelprisen til Hamsun kom mykje på grunn av Markens grøde. Mest litt morosamt at eg går her og kjenner eg har litt til felles med Isak. Så står det att det store spørsmålet: Kva gjer eg med høyet. Har frå ulike kjelder fått gode forslag men endå ikkje kome til nokon konklusjon.
KLIPP og lim frå Facebook var mest meir komplisert enn det å klippe graset.