Translate

søndag 28. desember 2025

Rettar på rekke og rad


Dei fjerne og samtidig nære  naboane, Lill Karin og Gaute,  måtte me innom når me først hadde ærend forbi dei traktene. Fjerne naboar i Puglia, nære her i Grønholsvegen.  Dette blir bare flott når dei blir ferdige. Håpar bare ikkje dei røynde huskjøparane blir så trøytte og leie under arbeidets gang at dei sel det heile når det står ferdig i all sin glans.

Og reven var ute med rompa så lang. Nei, det var visst hunden som har adoptert dei nye husfolka som sine. Ikkje godt nok då med naboar frå Vigrestad, så hunden stakk den før eg rakk å ta ei skikkelig bilete av den.

Signe tok oss imot for overnatting i Trullo Pernoll. Me fekk ein gild kveld i lag med mykje drøs. Et langt liv blir fortalt frå, og interessant er det. Korleis det går an å hugse så mykje detaljar kan eg mest ikkje skjøna. 
La Silvana på Selva di Fasano har eg bare godord å seie om. Mat i heilt suveren klasse. Mest slik at min eventuelle beskrivelse slett ikkje kan yte rettferd til jobben Anna, Aldo og Vito legg ned i å gjere gjestene fornøgd. Frå ypperste råvarer til behandling på kjøkken og ikkje mindre dandering ved servering. Det er ei oppleving som absolutt kan anbefalas.

Focaccia som start på måltidet
Ferskost produsert på huset, likande det som er inni burrataen

                      Pasta med soppsaus. Porcini, steinsopp. 
Panzerotti er små fritterte calzone som igjen er samanbretta pizza. Her fylt med ost og tomat.

Capocollo, tradisjonell tørrsalta og speka italiensk spekemat av 
svinehode og nakke. Capocolle betyr hovud nakke.
Agurk, sylta. Servert som eigen sjølvstendig rett.
Artisjokk, men sjokkskada blir ein ikkje av å innta dette
Parmigiana di melanzane, nærmast som ein vegatar lasagne.

Då hovudretten kom på bordet var eg visst bortimot svimeslått av alle dei delikate smakane. Det vart ikkje noko bilete av den retten. Einaste eg hugsar er at den gjekk ned på same vis som alt det andre. 
Frukt og kake vart servert til sist. Akkurat denne kaka var god. Festkaker elles i Italia fell ofte i smak hos meg, men dei gode nok for dei som likar det. (fritt sitert etter Gaute)
Til avslutning på eit nærast endelaust måltid er det vanlig å servere Limoncello på huset. Likør basert på sitron med mykje sukker i. Kor sterk den er veit ein aldri, men for min del held det med ein bitteliten munnfull. Hadde hostesaft smakt så godt, hadde den gått fort unna her i huset.

Eg tok vekk ein del skjemmande antenner frå utsikten der me parkerte bilen ved La Silvana.

Det vart kvelden før me var ferdige på Silvana. Vertskapet Signe og Gaute fekk fornem pandastisk Fiatskyss heim til seg. Me hadde ein dryg times kjøring heim til våre residens, der det meste var klar for retur til Norge. Sidan det me mest manglar er lagersplass i casa a strada senza nome, blir det allltid litt styr både ved avreise og når ein kjem tilbake. 
Så blir det litt å ta ut att når me etter planen kjem sørover sist i april. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar