Har vore høgare før ved Aiguille du Midi Chamonix, heilt til topps 3842 meter. Innsatsen då var ikkje meir enn å ta plass i gondolen.
Litt som i ei svime var me den gongen då me vel kom opp.
Me starta på 1920 meters høgd. Dit hadde Pandaen tatt.
Det er mest som magi. Med god hjelp går det fint å koma seg opp i høgda uten å slita seg ut. Buss for taubane på første etappe. Bussen stoppa på 2500 meters høgd. Så sleit me oss nokre høgdemeter vidare opp i det som kan minne om vandring i lecakuler. Dyrelivet her oppe er sikkert ikkje mangfaldig, men eit par revar fekk me nå med oss borti hogget. Godt kamuflert for å gå i eitt med naturen rundt seg.Me såg ei humle og oppe på vel 2500 meters høgd, men den hadde sett sine beste dagar. Viste likevel godt att i den svarte lavaen. Den hadde gått inn for landing for godt såg det ut for.
Nokon gir seg ikkje så fort som andre. Ser kanskje ikkje så bratt ut, men det skal eg sei deg, her var bratt. Det fekk eg kjenna på då eg lurte meg sjølv til nedstigning til fots og ikkje pr buss.
Etna lever i beste velgåande. Pumpar ut røykfrå toppen, men der har eg aldri vore og dit kjem eg nok ikkje heller. Skal ein heilt opp mot kraterkanten må ein vere i betre form enn det eg både har vore og kan ha håp om å koma i. Får nøye meg med den røyken som kjem i sprekker i sida på eldre krater,
Det totalt livlause svarte landskapet er rett og slett veldig fascinerande å gå i. Det knasar i lavaen, skoa blir gråsvarte av lavastøv, og etterkvart kjem det inn i skoa og.
Buss opp vart bytta med bein ned. Som eg sa: lurte meg sjølv til å bruke beina på nedstigninga. Gjekk fint i starten, men etterkvart vart beina meir og meir ustyrlige. Vile liksom ikkje vere heilt med på dette eventyret. Det er vel melkesyra som herja når muskalne ikkje lenger ville styrast. Det gjekk nå greitt med litt pausar. Den dryge times kjøreturen tilbake til Catania gjekk og greitt, sjølv om alle tre pedalane måtte betjenas. Tek til å bli ein røynd Cataniasjåfør. Sidemann Hadi hadde nok ein og annan kommentar, men eg trur ikkje eg hadde mista lappen på grunn av manglande kjøreferdighet i tett, rask og framoverlent trafikkbilete. Verre var det vel i vesle heimebyen Latiano. Då tenkete eg det var nok å sjå til høgre i det eg skulle krysse ei gate med forkjørsrett. Oversåg ein bil frå venstre. Sjåføren der oversåg ikkje meg. Så inderlig har eg visst ikkje blitt tuta på før under kjøring i Italia.





Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar