Translate

mandag 3. november 2025

Au au sa William då han stakk seg på kaktusen farfar hadde tatt med frå Puglia. Etterpå har han gått i ein stor bue utanom kaktusen som farfar tok med og sette på terrassen ute i Grønholsvegen. Fico di India trivst som bare det, men frukt slik som denne som ikkje har emigrert til Norge, det trur eg ikkje me vil oppleva.
Me får ikkje sjå alt på sitt finaste når me bare er innom i nokre få veker i året. Bella Donna er funnen i kanten av ei forlatt tomt. Litt spesielt at den blomstrar på bare stilken. Bladverket visnar før blomen sprett ut.
Jamn stønad til dei lokale småkriminelle har me stilt opp med gjennom åra:  Livar og Sofiebordet får stå i fred. Har stått fast ute under tak no i mange år. Eit par veker før me for nedover ulte alarmen, trudde vel helst det var vinden som hadde fått til det. Det vart konklusjonen til The Rangers som ser innom av og til når me er ikkje er tilstades på tomta sjølv. Det er dei alarmen er kopla til, og ganske effektivt har det vore og i den forstand at kun når me sjølv sov inne i huset, har der kome folk som ikkje skulle vera der heilt inn i huset. Folk som vil inn, har vorte stoppa før dei kom så langt. Etter det ubedne nattlige besøket har me kopla om alarmen slik at den kan stå på også når me er inne i huset. 

Men så var det døra inn i cisternerommet som ikkje hadde fått fred. Forsåvidt bare heimsleg det, for det skal ikkje leggjast skjul på at me har hatt ein del besøk opp gjennom åra. Nokså enkelt å fikse. Infisso i San Vito med mor som har tilknytning til plassen vår, han kunne skaffe ny låskasse, så etter skifte av den held døra seg både lukka og låst. Det for ei rustfri spade og eit par jerrykanner med oljeblanda bensin i eine kanna  og rein bensin i andre. Er eg litt stygg når eg håpar den oljeblanda blei fylt på ein maskin som ikkje ville ha oljeblanda?
Desse skulle sikkert vore grunnlaget for vinlegging, men det er ein kunst me ikkje så langt har prøvd oss på. Det vart eit par liter druejuice. Noko av juicen står i fryseren og skulle vere klar til å nytas nå sist i november.
Giulio og Giulia som steller oliventrea våre og grunnen  under, dei inviterte seg på grilling ein av dei første kveldane etter me kom fram. Det å grille er ein kunst skjønar eg. Mørt og godt vart kjøtet. Det var Giulio som tok ansvar for grillinga. Kjøtetfekk følgje av broccolisalat som fall i godt smak hos gjestene våre. Me har sagt det veldig mange gonger, enn så heldige me har vore som kom i kontakt med akkurat dei.
Heilt sidan 2013 har me hatt nøkkel til huset vårt tilgjengelig via Meggie. I nokre tilfelle har det vore nødvendig, f.eks ved batteriskift på hovudeining på alarm. Nå er det det albanske paret som bare har tatt italienske namn for å gjere det enklare, som har nøkkel om noko særlig skulle kome på. 
Å gå tur i olivenlundane er noko av det som er særs fint ved å opphalde seg på campagnaen inne mellom San Vito dei Normanni, San Michele og Latiano. 

Store oppdagarar plantar ofte eit flag om dei oppdagar noko stort. Ikkje er eg oppdagar og ikkje har eg sett noko fryktelig stort, men der den blå vimpelene er plassert, der ligg vår plass. 
Plassen har vore driven i mange år. Oliventrea som måtte gje tapt for sjuksom for eit år sidan,  kan me rekna med har vore rundt 250 år gamle. Etter det eg veit vart huset vårt bygt i 1974. Casa a strada senza nome er av ganske enkel standard, men då det vart bygt var det nok endå enklare. Det som nå er kjøkken. var ein open veranda. Det vil seie med tak over, men bare som ein overbygd terrassse. 
Inngangsdøra har bytta rolle. Før inngang i huseet, nå opning mellom kjøkken og stove. Dei me kjøpte huset av, har gjort ein god jobb med planløysing. To soverom, to bad, ei stove og eitt kjøkken, kva meir treng ein vel. 
På dei tider av året me reiser dit er det uteliv som tel. Frå 15.september til 18.oktober vart det visst frukost ute så å seie kvar einaste dag.
Ved retur 17.november kan me nok ikkje rekne med det same. Men kler me oss godt nok, er det jo mulig.


 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar