Er det verkelig så ille å svippe ned til sørlige deler av Italia? Litt tidlig ankomst Ulm gjev nokre timar ekstra høve til å tenke over denne måten å reise på. Eg gjer det ikkje frivillig ein gong til.
Me likar å tinge rom før avgang heimefrå. Leitar alltid etter stader som kan avbestilles så tett som mulig opp mot aktuell dato. Då blir me ikkje meir bundne enn at me kan gjere om på planane. Stort sett har nå det gått greitt. Denne gongen var bestilling klar på Ibis, Handewitt. Seligweiler hotell ved Ulm og Atilius Riccione stod og på lista. Fjordline tek oss fint over Skagerrak. 
Resten av transporten, den på landjorda tek Id7 seg av. Til trøyst for dei som måtte vera redde for at me ikkje får nok rekkeviddeangst, kan eg melde at me måtte ha ein ladestopp på dei omtrent 56 mila me la bak oss på landjorda den dagen. Matstopp hadde me ombord på båten. Bleier har eg endå ikkje tatt i bruk, så litt stopp for å late vannet måtte og til.
Me kom til Ibis Handewitt omtrent 23:30. Sjølvbetjent innsjekk. Betaling i noko som likna ein bancomat. Ingen problem så langt. Kvittering for betalt sum kom ut slik du kan få kvittering på uttak i bankautomat. Frå då av burde det ikkje vera noko problem. Har prøvd slik innsjekk fkeire gonger før utan vansker.
Frå innsjekk til å krype til køys mangla bare ein ting: kode til dørlåsen. På skjermen dukka ingenting opp. På kvittering stod det ikkje noko. Eit par andre gjester stilte opp og baud på hjelp, men fånyttes. Koden lot seg ikkje finne. Oppringing til oppgitt telefonnummer gav null svar. Siste løysing var å trykke på knappen for Notanruf ved problem innsjekk. Knappen stod på ein boks ved døra. Men Notanruf resulterte kun i total stille. Etter mange minutts venting og null respons måtte me prøve å gjere slik ungdommene gjer. Ta natta til hjelp. Kunne fått betjent hotell til neste 400 euro for natta, men å betale så mykje for ei kort natt til sengs det ville me ikkje. Så vart det kjøring, sovestopp, kjøring, sovestopp i tallause repetisjoner. Då me ankom Seligweiler ved Ul etter eit døgn med småsoving, såkalte powernaps men utan powerkjensle, var det herlig å bli møtt av folk i resepsjonen som tok oss i mot på vennlig og imøtekomande vis.
Ingen ulempe med ladestraum tilgjengelig på parkeringsplassen ved hotellet. Det visst eg forresten før me kom fram. Før når me drog avgarde med hjelp av diesel, bare gav me oss i veg. Nå må eg nok vedgå at diverse kart med opplysningar om ladepunkt inngår i førebuing til lengre turar. Men timelønna er god. Kostnad til drivstoff Vigrestad - Latiano er sånn omtrent 1/3 av ved bruk av diesel.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar